tirsdag 31. mai 2016

Oslandsvatnet Myrane

Osland

Oslandsbotnen

Husmansplassen Myrane

Husmannsplassen Myrane

Osland
Eg gjekk meg ein tur langs Oslandsvatnet i kveld. Eg likar meg godt her oppe. Og historia ikring husmannsplassen Myrane interesserer meg. Eg heldt difor eit lite føredrag om husmannsplassen i grendahuset 17.mai. Kanskje skal eg skrive litt om Myrane her i morgon. 

Stongsvatnet og Oslandsvatnet er regulerte. I dag var dei særs nedtappa. Og langs land ser det diverre ut deretter med mykje gjørme og ei daud strandsone (sjå foto). Så sjølv om kvelden var praktfull, føl det ein bismak med når det ser slik ut. Området elles er fantastisk flott. I kveld med praktfulle speglingar av fjella i det blikkstille vatnet.  

søndag 29. mai 2016

Eit møte med fjellgeiter

Eg møtte to fjellgeiter på Eitrenipa

Ja, jammen gjekk eg meg ikkje opp i eit møte med to friskusar oppe i skaret på Eitrenipa i dag. Hyggjelege, smilande og sosiale var dei... Så eg sa like godt at eg skulle vise dei ein spanande veg til topps. Så slik vart det til at vi sat ved varden der alle tre. Og bilde måtte vi sjølvsagt få til... 

Dei supersporty jentene såg føre seg Blegja i aust som eit nytt mål. Så eg peika og gestikulerte ut mine tips innover Blåegga sidan dette visst var nytt område for dei. Korleis det gjekk veit eg ikkje. Men er ein i god form klarar ein det meste... Eg for min del gjekk ned den vanlege ruta i Eitreskaret til Botnatjerna. Deretter langs den merka stien til kloppa på Krokavatnet og vidare opp i Svartetjerna. 



 Foto frå Eitrenpa.
Fossedalshengenipa t.h.
Langevatnet ved Nipebu t.v. for Fossedalshengenipa.Fossedalsvatnet t.v.
Heileberget med snøflekker på frå venstre og utover.
Kloppa ved Krokavatnet i midten nede.
(Sjå bildelink)



Under hellaren mellom Krokavatnet og Svartetjerna ser vi Fossedalshengenipa

På Fossedalshengenipa.
Nipebu bak hovudet mitt

Og etter noko opp og ned nådde eg ryggen på Fossedalshengenipa. Så bar det opp den flotte konglomerat-ryggen til toppen. Fantastisk. Kanon. I berre shortsen. Utan eit einaste klesbyte. Piece of cake. Så sprang eg ned igjen ryggen og mesteparten av vegen til bilen ved kraftvegen i Skjerlia. I like fin form som då eg starta - nesten. Super 4-timars tur. 


P.S. Det vart ingen tur i går sidan vi hadde avdelingsmøte i banken på Byrkjelo 
frå fredag til lørdag.
Desse bilda held eg førebels privat. 
Men her eit par smakebitar frå 27. 












torsdag 26. mai 2016

Nydelege førsommarkveldar





Fantastisk springetur over Toreheia og Skylefjellet etter arbeid i går. 
Flott å bu slik til!
Men litt bilder blir det alltid tid til....
Herleg! 


onsdag 25. mai 2016

Barndomens fotefar

Bakkevatnet den gang då...

Bakkevatnet den gong no....
(med eit insekt som kamerat)




Selet ved Bakkevatnet

Dokka Kalderasnipa og Moldura




Det er ei mektig oppleving å vandre einsam i barndomens fotefar. Å kjenne minna frå somrar då sola alltid skein. Og då alt var mykje større enn i dag. Eg vandra såleis langs Bakkevatnet i Holmedal i kveld. Der eg var mykje i barndoms åra mine. Vi var nemleg kvar sommar i mange år på garden Boge i Holmedal, der bestemor mi kom frå. Og mykje ved Bakkevatnet. Der ein hadde både slåttemark, sel og båt.

I kveld var det eit nydeleg vèr. Litt nordatrekk som susa i grankronene. Sysvorta sang sine melankolske strofer, og eit canadagåspar symde over vatnet med årets kyllingar mellom seg. Nokre sauebjeller lydde av og til i det fjerne. Elles var det heilt stilt. Og så gjekk sola ned bak Dokka.

Ja, det var nesten som det vart litt mykje å kjenne etter kor fort åra har gått. Sterkt, trist, godt og.. stilt... Rare kjensler. Som då eg såg att båten vi brukte til å sette garn frå. Båten eg skreiv dikt om her hitt året. No endå eit par år eldre. På veg tilbake til naturen. 


Den gamle båten eg sit i på første bildet
Det gjer godt å gå i barndomens fotefar. Til gamle minner. Til  minna om mennesker som ikkje er her lenger. Dit pappa og eg hadde kvalitetstid i lag.

Heim igjen sette eg på den siste og blodferske musikken frå heavy metall gruppa Grand Magus, nedlasta frå Spotify, offline på smarttelefonen, og overført via bluetooth til mediaavspelaren i bilen. Tilbake til kvardagen. Musikken er i grunn den same som før. Om tidens tann tek oss alle til slutt.... 

Bakkevatnet 240516

Bakkevatnet t.v.
frå kammen på Dokka

mandag 23. mai 2016

Nokre skrytebilder...:-) (mobil)

Nikolai
Amalie
Olaug og Peter
Lene Vilde Tor Ivar og Sander


Rudi og Andreas
Hanna og Sander

Lene
Vilde og Sander

Vilde

Lene
Sander og Tor Ivar

Ingebjørg og Live
Andreas

Vilde Kristine Lene

Kristine og Olaug
Margunn
Olaug og Rudi
Peter og Sander



 Mobilbilder frå litt gebursdagsfeiringar i Førde i det siste.
Med mine 8 barnebarn og Olaug sine 3 (ikkje her) blir det fort nokre seansar. 
Live Peter og Margunn

Bilda er ikkje av beste kvalitet. 


søndag 22. mai 2016

Herleg rundtur

Mot vest

Snaue fjellet ved Norddalen



Eit fantastisk "snauklipt" fjell...

Her vi ser Norddalstjerna og inst i Markavatnet 


Ved Stordalsfjellet
Vardenova og Portafjellet


Dagens selfie på Stordalsfjellet (eg treng ein klipp...:-)

Tilbakeblikk mot Indrevågefjellet og Middagsnipa


Eg gjekk meg ein skapleg morgontur i dag tidleg (sjå bildelinken). Ja, før det bar til Førde på diverse handleoppdrag. Deretter var det gebursdagsfeiring av eldste og yngste barnebarnet mitt i Sundsdalen. Så lørdagen har i grunn arta seg som ei berg og dalbane. Eller at eg har fått både i pose og sekk. Kan vel ikkje kalle det for noko anna, heldig som eg er med 8+3 barnebarn, og flotte fjell rundt nòva.

Bilda frå turen fortel vel om bakke opp og bakke ned. Akkurat ruta i dag er ei stund sidan eg har gått. Men det er i grunn fantastisk å gå ned inst i Norddalen, for så å gå opp dei blankpolerte berga mot sør. Fjellet her er berre utruleg slette og utan vegetasjon. I dag sildra det vatn over alt. Ja, kanskje difor dei er slette. Elva mot vest ned gjennom Norddalen startar jo her. 

Elles var det ikkje mykje morgonliv i fjellet. Litt heipiplerke er her og nokre ryper. Men alt i alt lite fugl. Men på Osland var det betre. Her såg eg både strandsnipe, ringtrast, steinskvett og tre smålomar på vatnet som "krangla"... Og veldig kjekt å sjå både geiter og hest på Osland (sjå bilder). 

Osland

Tyngste biten var likevel å gå grusvegen frå Oslandsbotnen og til bilen. Den stod ved fylkesvegen på Osland. Fjellsko på slette grusvegar er aldri noko særleg. Men endå verre er det på asfalt. 

Flott tur og herleg lørdag.