Facebook

fredag 22. april 2016

Velkomen til kystkommunen ALDEN

Broder Sigvard,
med sikt frå 500 meter over Dalsfjorden

Etter å ha fått sove på nederlaget om kommunesamanslåing i Askvoll kommunestyre hin dagen, og fått tenkt litt vidare, m.a. ved å ha lese leiaren i Firda i dag, vaknar kampviljen. No gjeld det å halde motet oppe. Gløden og optimismen frå opninga av Dalsfjordbrua må på plass igjen. Og Firda treng seg ein på kjeften. Det same treng andre som dømer HAFS nord og ned. Og no registrerer eg at verken formannskapa i  Førde, Gaular eller Jølster (liten SIS) vil ha HAFS kommunane med i sin kommune. Iallefall i denne omgang. 

Eikenes, Rivedal, Holmedal, Straumsnes og Askvoll

Det tok 30 år å byggje Dalsfjordbrua. 

Tanken om ein sterk kystkommune er slett ikkje død. Eit meir eller mindre tilfeldig utval av politikarar kan ikkje få skrinnlegge den tanken. Spør folk i Florø. Spør dei som kjempar for kystvegen. Spør dei som vil ha vekst på kysten. Kystfolk er ikkje som innlandsfolk. Og når innlandsfolk slett ikkje kan arbeide i lag innan same kommune i dag jmfr. rundt Jølstravatnet, korleis skal det då gå når ein skal samarbeide med kystfolk? Og etter at vi har sendt i frå oss den makta vi har til Førde? Og ikkje er herre i eige hus lenger? HAFS er slett ikkje død. Vi treng ein buffer mot sentraliseringskreftene. Krigarånda rundt Dalsfjorden er ikkje død. Vi treng berre litt tid. Vi har sove i timen. Som etter ein rangel på Kobbeskjeret. Eller etter ein fest for Ingolfr Arnarson. No må våpna kvessast. Vi er under angrep, men gir oss ikkje.... Det meiner heilt sikkert broderen òg med innlegget sitt under i dagens Firda. Eller Per Arne Tveit med sitt innlegg, men med litt andre ord...  

 Velkomen til kystkommunen Alden av Sigvard Sørebø Skaar

I går slo dei to tidlegare Sunnfjordkommunane Askvoll og Fjaler seg saman med ytresogningane i Hyllestad - i nye Alden kommune. Dei tidlegare nabokommunane har fordelt oppgåver, funksjonar og lokaliseringar broderleg, basert på likeverd og gjensidigheit. «Vi har no bygt den kommunen flesteparten av innbyggarene i regionen har venta på,» heiter det i ein uttale frå forhandlingsutvala. «Vi har lenge sett fram til å formalisere forholdet vårt, og på den måten nå vårt mål om å skape eit felles bu-, arbeids- og skuleområde,» heiter det vidare. «Eg er imponert over kva de har fått til der ute,» seier Førde-ordførar Olve Grotle. «Og det er både naturleg og fornuftig når ein tenkjer på den felles identitet og dei felles utfordringar ein finn i regionen. Gratulerer!»

Dale i Sunnfjord


Ja, nokolunde slik kunne noko av innhaldet i ein nyhendeartikkel i Firda ha vore.
Og det kan bli røyndom. Eg ser jo skjer i sjøen, mørke skyer i horisonten, lågtrykk og stormvarsel, små og store tuer. Eg gjer jo det. Eg kjem jo herifrå.


Samstundes tenkjer eg at «vi ere en nasjon». Det ligg, slik eg ser det, ein sams identitet i dette området. Vi har så mykje felles – og vi har samhandla i generasjonar. Eg trur vi vil kvarandre vel. Slekter og venskap går på kryss og tvers av kommunegrensene. Ungane mine (som er ganske store etter kvart) har minst like mange vener i Hyllestad og Askvoll, som dei har frå Fjaler. Eg veit ikkje kor mange Askvollingar og Hyllikar som har sove her i huset, - som har site ved kvelds- eller frukostbordet vårt og hatt det bra. Mat har dei fått òg, tid om anna:) Og det same gjeld døtrene mine – den andre vegen. Eg har hatt ungdommar i kjellaren frå nabokommunane som har vorte kjærastar – meir eller mindre vellukka, under mitt (og banken sitt) tak. Slå den! 

Bjerga

Vi snakkar same språk – sjølv om nokre av oss skarrar på r-en. Og når eg skriv at vi snakkar same språk, tenkjer eg ikkje berre på dialekten. Det stikk djupare enn det. Eldstedotter til ein god ven av meg seier at «eg flytta frå Fjaler for ti år sidan. No er eg komen heim til HAFS.» Og slik er det med ungdommen i alle våre tre kommunar. Det er vi gamlingane som ser grensene. Kanskje vi skulle dempe oss, og smake på den nye vin (Jess! Der fekk eg brukt det uttrykket!).


Eg vart nyleg fortald av ein nordsiding at ein av dei store hindringane var «den gamle Dale-arrogansen». DET hadde eg aldri høyrt før. Hadde aldri tenkt den tanken - at vi romslege snillingane i Dale skulle ha framstått som arrogante. Eleverte. Besserwisserar. Utolelege. Først gjekk eg i forsvar, fornekta det, for så å prøve å le det vekk. Men: Etter som eg har tenkt på det, har det gradvis vakse fram ei forståing av at det nok har vore noko der. No trur eg at eg forstår litt av bakgrunnen – men det får eg skrive om ein annan gong.

Poenget mitt med å nemne dette er at: dersom det nokon gong har eksistert noko slikt som «Dale-arroganse», er denne ikkje-eksisterande no. Skal vi gjere innleiinga i dette innlegget til sanning, kan det berre gjerast på ein måte: Som tre likeverdige partar med velvilje og gjensidig respekt for kvarandre. Det er den einaste farbare veg. Ein for alle – alle for ein, - som dei tre musketerar. Fridom. Likskap. Brorskap. 


Askvoll

Vi veit ikkje kva framtida vil bringe. Økonomi, miljø, terror, folkevandringar. Ein snakkar om at kommunereforma må ha eit tredve-års perspektiv. Jo jo. Vi har inga glaskule – og vi går på mange måtar i skodde i ulendt terreng. Farfar min sa sikkert noko sånt som at, «hugs no, Sigvard: Når du ikkje veit kvar du er, og du ikkje veit heilt kva retning du skal gå i – ta små skritt.» Alden kommune er eit slikt litt lite skritt, tenkjer eg.Og ein farfar i livet skulle alle ha.

Legg inn en kommentar