Facebook

søndag 10. april 2016

Magisk tur på Eitrenipa Nipebu Skjerlia

Nydeleg på Eitrenipa i dag tidleg
klokka er 10

Praktfullt ved Leknesvatna
Knallhard skare opp
Foto Eitrenipa Nipebu Skjerlia
100416
  
Selfie må til
Dale frå Eitrenipa


Utsikt austover mot Blegja, Blåegga, Synste Stauren og Storehesten

Eitrenipa frå kloppa ved Krokavatnet

Øvre Fossedalen
med Nordre og Søndre Kringla
Ein varm grasbakke ved Nipebu

I den strålande morgonen i dag tidleg bestemte eg meg for å ta turen på Eitrenipa igjen sidan det var ei god stund sidan sist. Toppen er post på fjelltrimmen i år. Som sikkert fleire veit går eg ikkje så mykje på postane på fjelltrimmen lenger (vann den 5 sesongar på rad), men går meir dit eg vil når eg vil. Relativt stor var difor undringa mi då eg nådde opp i dag, og såg at det ikkje hadde vore folk her i år (iflg. trimboka). Litt artig å ynskje Godt Nyttår i boka 10. april. Eg gjekk nemleg ein del om vinteren hit sist Eitrenipa var post på fjelltrimmen. 

No skal det seiast at Eitrenipa kanskje ikkje er det enklaste fjellet å gå på vinterstid. Spesielt frå nord der Askvoll-folk går, men likevel... Mitt retoriske spørsmål blir difor - var ein tøffare før...? (Smiley) Vel vel det toget har gått uansett... 
Desse brillene heng ved Botnatjerna
for dei som eig dei...

Eg var i grunn på jakt etter isøksa mi i dag. Den som eg miste på turen med Agnar og Aleksander i vinter. Men øksa såg eg ingenting til. Om nokon finn den i partiet før strengen og Eitrefossen no til våren er eg takksam for å få ho att. 

Under Eitrefossen var det forresten blanke isen av drevet frå fossen. Forbi her, og opp til strengen over hammaren, hadde det vore umogeleg å kome seg opp utan broddar i dag. 

Innover Leknesvatnat med Blegja og Eitrenipa midt i mot var det heilt fantastisk i dag tidleg. Fjella låg som smaragdar i morgonsola (sjå foto ovanfor). Og nesten heilt vindstille.

Eg var litt i stuss om eg skulle gå over vatnet frå vest, men tok ikkje sjansen. Sidan det er regulert veit ein aldri korleis straumforholda er, så eg gjekk nordsida av vatnet inn. Og inne ved brua var isen på vatnet gått opp.

Oppover bratta, og i skårane mot toppen, var det knallhard skare. Unnasols som fjellet ligg her på denne tid. Det gjekk likevel greitt med vanlege broddar, sjølv om desse på langt nær er så sikre som stegjern når det er så hardt. Så eg klatra rett opp fjellet før det smale partiet, der det for det meste var snøfritt opp. Eg sette opp nokre nokre vardar her i fjor sommar så andre finn lettare opp denne ruta om ein vil.  

Etter å ha toppa ut gjekk, eg ned  Eitreskaret der sola delvis hadde tina på snøen. Vidare over den frosne Botnatjerna, og følgde heile ruta til Nipebu. Her tok eg meg ei lita matykt i ein grasbakke ved Langevatnet, før eg returnerte over dette vatnet og Nipevatnet til Skjerlia. 
Fantastisk flott vår tur! 


Legg inn en kommentar