Facebook

søndag 17. april 2016

Hi sida

Flott søndagsmorgon på Yndestad i dag

Vågane og Flokeneset frå stigninga på Ytrevågefjellet


I dag hadde eg ikkje så mykje lyst opp igjen i snøen, så då valde eg nordsida av fjorden som turmål. Her er det alltid mykje mindre snø enn på sørsida. Eg trur det er havlufta, og at Førdefjorden er rett på nordsida og Stongfjorden rett på sørsida av fjellpartiet som gjer at det alltid er mindre snø enn på hi sida. 

Så eg tok den vanlege turen opp frå Vågane (dei gamle gruveholene), og opp på Ytrevågefjellet. Heilt perfekt. Med varmande morgonsol frå aust opp bakkane. Det gjekk lett opp på toppen. 

Mot Stavestranda frå rett aust om Toreheia


Litt meir skyer og skoddetrekk vart det på stykket vest og opp på Toreheia. Og på toppen var det jammen godt å ha med seg litt tørre og gode klede. Det var ikkje akkurat varmt her då....

Selfie Toreheia


Det er i grunn tre alternative ruter å gå ned igjen mot Stongfjorden-sida når du er på Toreheia. Anten via Yndestadhøgeheia i sør, over Skylefjellet i nord eller ned til Krikavatna i midten. Som regel byter eg på vegen opp og ned. Men i dag kom eg frå aust og valde Yndestadhøgeheia vestover. Mest fordi når det er tidleg på dag og bra vèr, er det flott lys ut Stongfjorden sidan sola kjem inn frå aust/søraust. 

No vart det delvis skya heim att. Men likevel veldig flott sikt til fjorden og bygda. Likeeins vestover og nordover. 

Utsikt heim frå Yndestadhøgeheia
Årets første sommarfugl i dei varme bakkane på Yndestaad


Flott og passeleg tur dette. Noko kortare enn i går. Trimmen i helga skulle såleis vere i boks...







Legg inn en kommentar