torsdag 10. mars 2016

Salet av trugar har eksplodert...

Frå Mountains in Askvoll i dag


Som ein såg i Vestlandsrevyen i går har salet av trugar nærast eksplodert. Trugar er i dag noko heilt anna enn kva enkelte frå gamalt av kanskje førestiller seg.Trugar er no lette, smale og har gode jarn under for feste. Dei er smarte å gå med i skogsterreng, ved skiftande snøforhold, sit godt på is og er veldig bra når skaren ikkje held eller blotnar opp i vårsola. For mange som ikkje er så trygge på ski, er trugar eit godt alternativ for å kome seg ut i skog og mark og på fjellet vinter og vår. Og spesielt bra for eldre folk. Trugar er dessutan lette å bere med seg på sekken og lette å ta av og på. (Hugs også broddar i sekken)!
Underteikna har i mange år hatt mykje glede av trugar! Den einaste ulempa er at du kjem deg seinare ned igjen frå fjellet enn med ski. Men du kjem deg lettare heil heim att. Og i tillegg kan du nyte naturen eller ta bilder på heimtur òg. Trugar er dessutan ei særs god form for trim.


Vedlagde bilde er frå dalsøkket mellom Stordalsfjellet og Portafjellet øvst oppe i Stordalen. Fjellet i bakgrunnen er Heileberget, der vi ser Driveknolten, Nonsholten og Fløyen i typiske påskeforhold her ute ved kysten.




Ingen kommentarer: