Facebook

lørdag 13. februar 2016

Flott runde

Selfie Hekkelfjellet


Eg låg ei stund i senga i dag tidleg og lurte på kvar eg skulle ta turen. Sidan eg frå soverommet konstaterte at stjernene funkla på himmelen ville eg gå ein litt lenger fjelltur enn vanleg no på vinteren. Det gjekk brått opp for meg at å gå frå Oslandsbotnen, opp i Svelia og skaret i sør til Smørskornova, var lenge sidan sist. Så kunne eg etterpå ta med nokre toppar vestover. 

I dag gjekk eg tilbake til eit tynt ullpar, brødposar ut igjen på og eit tjukt ullpar på føtene. Det har funka flott før. Og i lag med dei nye sålane verka det bra i dag òg. Var stort sett heit og god på føtene. Sjølv om eg har ei tå eller to som er litt defekt i vevet etter forfrysningar. Dei blir alltid kalde. 

Temperaturen viste minus 6 i Oslandsbotnen klokka 8.30. Fint og friskt med eit lite austadrag i lufta. Som alltid der oppe når det er fint vèr. Første snøen låg steinhard eit stykke opp i Brekka. Og snø vart det stort sett resten av turen. Alt frå is, skare og til noko laussnø opp igjen på. Og opp det bratte skaret i Svelia til Smørskornova (frå nord) gjekk det ganske så tungt øvst oppe då her låg ein del fòksnø. Men etter å ha pusta skikkeleg i bakken eit par gonger, kom eg meg opp på platået. Eg gjekk forøvrig inn heile det islagde Sveli-vatnet til botnen i vest då dette var både lettare og kortare enn å gå på land. 


Smørskornova


For dei som er litt kjende så veit dei at ein kryssar ruta frå Stongfjorden til Nipebu på nordsida av Smørskornova. Ruta går vest/aust medan eg no gjekk nord/sør. Det er flott utsikt ned til Dalsfjorden og Rivedal frå Smørskornova. Og sjølvsagt vestover fjella og til Førdefjorden i nord. Det er òg utsikt til alle dei kjende fjella i aust. 

Det neste eg bestemte meg for no var å gå over det islagde Langevatnet og beint opp på Hekkelfjellet frå søraust sida. På vinterstid er det alltid ein fordel med dei islagde vatna i fjella. Så også no. Men det var rimeleg tungt å kome seg opp på dette fjellet òg. Det er veldig flott utsikt frå Hekkelfjellet. Spesielt til Dokka og Moldura. 

No var spørsmålet om eg skulle gå nord til Skålefjellet og Svarthamrane, eller gå over Siklabergvatna til Fanafjellet og vidare på Moldura. For dei to sistnemnde fjella hadde eg bestemt meg for allereie. Men eg fann ut at å gape over for mykje kanskje ikkje var så lurt. Eg måtte ha såpass kontroll på kreftene at eg kom meg heim att òg. Så då gjekk turen ned frå Hekkelfjellet på nordsida og deretter vestover til Siklabergvatna. 


Hekkelfjellet: Dokka og Moldura

I dag var det faktisk litt problem med å kome seg ned den vanleg vegen frå Hekkelfjellet, sidan det låg ganske mykje bratt snø. Men over på austsida gjekk det greitt å kome seg ned. 

Her i frå og vestover kjem ein inn på DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Ikkje det at det gjekk an å sjå noko særleg med merke i dag pga snøen. Men retningen seier seg sjølv. På denne tid ligg dette området unnasols sidan Hekkelfjellet sperrar frå den låge sola i sør. Men på motsett side av vatna fekk eg sola att. Herleg. Og no hadde eg den resten av turen. Ja, i enkelte parti var det reine påskestemning. Merkeleg det der med sola. Du får ein psyisk boost av den. Så turen vest til Fanafjellet gjekk som ein leik. Sjølv om eg allereie hadde gått i fleire timar. 

Eg var litt spent på den bratte traversen på nordsida av Moldura. Denne må du forbi for å kome deg opp frå nord. Vel var den bratt, men med nye broddar gjekk det heilt piano. Her var heller ikkje så isande hard snø. 


Siklabergvatna: Moldura


Moldura: Holmedal og Straumsnes


No kjende eg det bra i føtene etter å ha kome opp på Moldura òg. Men fram på kanten i sør og i vest måtte eg for å ta nokre bilder. Deretter fann eg meg noko saft og nokre mandlar og rosiner. Det var ikkje mange minuttane etterpå før eg følte meg ganske pigg igjen. Så eg sprang ein del av vegen nedover før eg bestemte meg for å gå heilt vest på Størdalsstauren òg. Som sagt så gjort. 

Her ute på pynten var det snøfritt. Så eg la meg i det tørka graset med den fantastiske utsikta til havs. Ja, det var blikk stilt rundt øyane utanfor Florø. Øyriket spegla seg i sola på det blankstille havet. Utruleg. Midt i februar. Snakk om å vere heldig med å ha fri i slik eit flott vintervèr. Så her var det berre å takke høgare makter. 


Størdalsstauren

Turen til fjorden og Neset gjekk det vanleg ruta. Heilt greitt. Men det tyngste i dag var likevel å måtte gå frå Neset til Stongfjorden og heim til Yndestad etter asfalten. Etter 6 timar i fjellet var det ein prøvelse for føtene. Så her sit eg og er godt nøgd med dagen. Perfekt egentleg!


Heime er snøklokkene på gang....



Foto
130216

Legg inn en kommentar