søndag 28. februar 2016

Kveldsstemning heime


Var ein tur ned på kaia og tok meg nokre kast med fisketroa.
Ein liten torsk vog eg på ei handa, men gavmild som eg er fekk han livets rett...
Det var fint der nede i kveld....


White out og latter

Sola går i hav frå altanen i går

Yndestad i går
Ved Svartevatnet i dag








Ved Svartevatnet minuttar før White Out...


To turar på to dagar til Krikavatnet, og begge dagar fullstendig white out. I dag kom skodda som skota ut av ei kanon. Vanvittig fort inn frå havet. Så å gå på Toreheia såg eg inga hensikt i. 

I tillegg var det grådig tungt i all snøen. Sjølv med trugar. Som i seg sjølv er tungt i lengda. Så jammen fekk eg køyrt meg skikkeleg. Mulig eg har tapt meg? Vel ikkje verre enn at eg tok meg ein joggetur på Staveneset i går ettermiddag, etter nok ein nedtur for fotballaget mitt i England. Ja, ja betre lukke neste gong, Både på den eine òg den andre måten. Life goes on! Always look at the bright side of life....

No fekk eg med meg eit veldig kjekt "kalkun-lag" på Mjåset i går kveld då. Sjølv om eg er avhaldsmann kjennest det nesten ut som ein rangel i dag. Iallefall i halsen - etter all låtten...! Så det var nok toppturen denne helga. 

fredag 26. februar 2016

Mountains in Askvoll

Frå Blåfjellet i Askvoll

Følg Mountains in Askvoll på Facebook der eg dagleg legg ut tips til turar og litt bilder.


søndag 21. februar 2016

Kvitt i kvitt

Ved Svartevatnet i dag...



Hytta ved Krikavatna


Eit innpakka vesen av kjøt og blod...
Godt å ha litt merke der oppe
Det var temmeleg heftige saker oppe på fjellet i dag. Null sikt, hagl, regn og snø. Ja, og so vind. Har eg fått med alt då...? Så eg fann det greiast å returnere frå Krikavatna og heim att til fyr i omnen.... Det var ikkje verandes for levande vesen der oppe i dag. Men "the tide is turning" som det heiter på fint. Alltid. Så det blir nok solskinnsdagar endå får vi tru....



lørdag 20. februar 2016

Alt slags vèr


Sola stakk gjennom i Holevika
Klårt på kysten - ei heldig stund

I dag tok eg meg rett og slett ein joggetur ca mila til Holevika igjen. Det rufsete vèret inviterte ikkje meg til noko anna iallefall. Så fekk eg no trimma og lufta meg litt i dag òg. Heilt ok!



torsdag 18. februar 2016

Synste Stauren Blåegga 2015



I serien Mountains in Askvoll som eg legg ut bilder på sette eg i hop stillfilmen ovanfor i dag.

Fann i tillegg ein liten videosnutt frå 2009 




søndag 14. februar 2016

Flott runde 2

Skylefjellet


Vågane og Flokeneset


Utisikt ned mot Stavestranda


I dag gjekk eg den flott runda frå Vågane og opp på Ytrevågefjellet, vidare vest på Toreheia og Skylefjellet med retur over Mangevatna og heim til Yndestad. Dette er ein kjempefin tur på 3-4 timar. Alt etter som. Det som er spesielt fint er at det er sol heile året på nesten heile ruta. Kun den første vesle biten opp frå minene i Vågane ner det ikkje sol vinterstid. 

Første morgonsola i Vågane

Var det fint vèr i går, så var det endå finare i dag. Sol frå absolutt klår himmel. Men på Toreheia var det ein litt sur nordatrekk, så der var eg glad eg fekk skifta noko sveittevått ty på overkroppen. 

Oppstigninga frå Ytrevågefjellet til Toreheia

Elles er det som vanleg mykje mindre snø på denne sida av Stongfjorden enn den andre. Havlufta og sola får betre tak på denne sida. Og mange plassar var det heilt bart og snaublese. Spesielt nede rundt Skylefjellstraktene. Isen på Mangevatna var forresten heilt trygg. 

Lite snø ved Skylefjellet


Knallflott tur i dag òg. Bra utteljing kan eg vel seie eg har hatt denne helga! 

Foto


lørdag 13. februar 2016

Flott runde

Selfie Hekkelfjellet


Eg låg ei stund i senga i dag tidleg og lurte på kvar eg skulle ta turen. Sidan eg frå soverommet konstaterte at stjernene funkla på himmelen ville eg gå ein litt lenger fjelltur enn vanleg no på vinteren. Det gjekk brått opp for meg at å gå frå Oslandsbotnen, opp i Svelia og skaret i sør til Smørskornova, var lenge sidan sist. Så kunne eg etterpå ta med nokre toppar vestover. 

I dag gjekk eg tilbake til eit tynt ullpar, brødposar ut igjen på og eit tjukt ullpar på føtene. Det har funka flott før. Og i lag med dei nye sålane verka det bra i dag òg. Var stort sett heit og god på føtene. Sjølv om eg har ei tå eller to som er litt defekt i vevet etter forfrysningar. Dei blir alltid kalde. 

Temperaturen viste minus 6 i Oslandsbotnen klokka 8.30. Fint og friskt med eit lite austadrag i lufta. Som alltid der oppe når det er fint vèr. Første snøen låg steinhard eit stykke opp i Brekka. Og snø vart det stort sett resten av turen. Alt frå is, skare og til noko laussnø opp igjen på. Og opp det bratte skaret i Svelia til Smørskornova (frå nord) gjekk det ganske så tungt øvst oppe då her låg ein del fòksnø. Men etter å ha pusta skikkeleg i bakken eit par gonger, kom eg meg opp på platået. Eg gjekk forøvrig inn heile det islagde Sveli-vatnet til botnen i vest då dette var både lettare og kortare enn å gå på land. 


Smørskornova


For dei som er litt kjende så veit dei at ein kryssar ruta frå Stongfjorden til Nipebu på nordsida av Smørskornova. Ruta går vest/aust medan eg no gjekk nord/sør. Det er flott utsikt ned til Dalsfjorden og Rivedal frå Smørskornova. Og sjølvsagt vestover fjella og til Førdefjorden i nord. Det er òg utsikt til alle dei kjende fjella i aust. 

Det neste eg bestemte meg for no var å gå over det islagde Langevatnet og beint opp på Hekkelfjellet frå søraust sida. På vinterstid er det alltid ein fordel med dei islagde vatna i fjella. Så også no. Men det var rimeleg tungt å kome seg opp på dette fjellet òg. Det er veldig flott utsikt frå Hekkelfjellet. Spesielt til Dokka og Moldura. 

No var spørsmålet om eg skulle gå nord til Skålefjellet og Svarthamrane, eller gå over Siklabergvatna til Fanafjellet og vidare på Moldura. For dei to sistnemnde fjella hadde eg bestemt meg for allereie. Men eg fann ut at å gape over for mykje kanskje ikkje var så lurt. Eg måtte ha såpass kontroll på kreftene at eg kom meg heim att òg. Så då gjekk turen ned frå Hekkelfjellet på nordsida og deretter vestover til Siklabergvatna. 


Hekkelfjellet: Dokka og Moldura

I dag var det faktisk litt problem med å kome seg ned den vanleg vegen frå Hekkelfjellet, sidan det låg ganske mykje bratt snø. Men over på austsida gjekk det greitt å kome seg ned. 

Her i frå og vestover kjem ein inn på DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Ikkje det at det gjekk an å sjå noko særleg med merke i dag pga snøen. Men retningen seier seg sjølv. På denne tid ligg dette området unnasols sidan Hekkelfjellet sperrar frå den låge sola i sør. Men på motsett side av vatna fekk eg sola att. Herleg. Og no hadde eg den resten av turen. Ja, i enkelte parti var det reine påskestemning. Merkeleg det der med sola. Du får ein psyisk boost av den. Så turen vest til Fanafjellet gjekk som ein leik. Sjølv om eg allereie hadde gått i fleire timar. 

Eg var litt spent på den bratte traversen på nordsida av Moldura. Denne må du forbi for å kome deg opp frå nord. Vel var den bratt, men med nye broddar gjekk det heilt piano. Her var heller ikkje så isande hard snø. 


Siklabergvatna: Moldura


Moldura: Holmedal og Straumsnes


No kjende eg det bra i føtene etter å ha kome opp på Moldura òg. Men fram på kanten i sør og i vest måtte eg for å ta nokre bilder. Deretter fann eg meg noko saft og nokre mandlar og rosiner. Det var ikkje mange minuttane etterpå før eg følte meg ganske pigg igjen. Så eg sprang ein del av vegen nedover før eg bestemte meg for å gå heilt vest på Størdalsstauren òg. Som sagt så gjort. 

Her ute på pynten var det snøfritt. Så eg la meg i det tørka graset med den fantastiske utsikta til havs. Ja, det var blikk stilt rundt øyane utanfor Florø. Øyriket spegla seg i sola på det blankstille havet. Utruleg. Midt i februar. Snakk om å vere heldig med å ha fri i slik eit flott vintervèr. Så her var det berre å takke høgare makter. 


Størdalsstauren

Turen til fjorden og Neset gjekk det vanleg ruta. Heilt greitt. Men det tyngste i dag var likevel å måtte gå frå Neset til Stongfjorden og heim til Yndestad etter asfalten. Etter 6 timar i fjellet var det ein prøvelse for føtene. Så her sit eg og er godt nøgd med dagen. Perfekt egentleg!


Heime er snøklokkene på gang....



Foto
130216

onsdag 10. februar 2016

Young at heart....

Home is where the heart is....
OBS - OBS - SKRYT!

Under bedriftskontrollen i dag fekk eg passet påskrive. 

Om ikkje alt var topp Skaar så vart eg visst forynga. 
Eg må tenkje etter kva eg dreiv med når eg var 43 og starte opp igjen der...:-) 

Så då kan eg berolige alle lesarar av bloggen at det kanskje blir endå fleire turar og bilder framover... Bloggen er visst 10 år i år og så...:-)




søndag 7. februar 2016

Joggetur Holevika

Slik kan det vere på Staveneset...
(Men ikkje i dag...)

Det vart tid til ein joggetur ca mila til Holevika i dag på Fastelavns-søndag. 
Eg fekk audiens av mor mi og Olaug. Eg henta nemleg mamma i Dale i dag tidleg for ein dag hjå oss. Så fekk ho seg ein biltur med Olaug for å hente meg der ute.

I eit grisevèr med ausande regn og sørvest vind, var det veldig tilfredsstillande at den nye Rab jakka mi heldt alt regnet ute. Eg var knusktørr på overkroppen etter økta. Verre var det med vatn i skoa som rann ovanifrå og ned. Men det fekk no stå si prove. 

Så vart det litt trim i dag òg før fastelavnsbollane. Heldigvis ser vèrmeldingane betre ut for komande veka og helg...

lørdag 6. februar 2016

Joggetur Vågane

Ikkje lett å sjå geitene på Osland i dag, men dei er der...
Mot Indrevågefjellet bak (toppen lenger aust)

Ingen fjelltur i dag. Men ein joggetur til Vågane fekk fram sveitten. Greitt nok det...:-) 

Fjella ligg no der. Det blir vel betre vèr med tid og stunder. Snøslette og skodde sa meg i grunn at eg ikkje hadde noko der oppe å gjere. Livlaust som der er òg...


fredag 5. februar 2016

"The Listhaug Principle"


"The Listhaug Principle...."

(from http://www.thechristianleft.org/)

onsdag 3. februar 2016

Sviket


Takk til Natur & Ungdom
for aksjonen i Vevring

Eg vil skrive til den naive, - den blåøygde, ærlege, små
Som lever sitt liv heilt i live, utan tankar for tanken derpå
Som ler, - og som grin
Som blunkar til alle
Som dansar på line
Utan frykt for å falle

Eg vil kviskre eit Vivre! til den vare,
som umerkande går meg forbi
Ho kjem aldri med vondord om andre,
fordi ho - vel, berre fordi
Det siste ho ville
Var å såre ein venn
Og - ganske stille - 
Let ho dører igjen

Eg vil trøyste og stelle den såra, som strevar med å forstå
At verda vår er ein jungel, der den sterkastes rett lyt få rå
Reis deg å stå!
Du er god som du er!
Treng du hjelp til å gå 
Skal du finne ho her

I harme rettar eg pennen,
mot han som er kynisk og kald
Som kalkulerande kviskrar og trugar, 
og planlegg sin medmann sitt fall
Som foraktar det svake
og ler av det vare
Som dyrkar det digre
Som myrdar det tandre
frå sitt Adlerreir av is
Som aldri ser seg tilbake
Som let godheita fare
Som let det lægste sigre
Som trakkar ned andre
på realistens grimme vis

Mitt selskap skal vere dei vare, 
- dei leande barn av i dag
Som ynskjer meg vèl, og vel aldri, 
vil drøyme om svik og bedrag
Min avsmak for orm skal eg skjule
og døming er ikkje mi sak
Eg kjenner dei stripete, gule
for baken blir alltid bak