lørdag 16. januar 2016

Kaldt, glatt og hardt

Agnar på veg opp skåra ved strengen

Morgonhimmel over Eitrenipa

To staute karar

d.s.

Fossedalsvatnet
Isjuklar under ein stein

Eg møtte Agnar og sonen Aleksander i Mandelia i dag tidleg. Meininga var å gå på Eitrenipa/Nipebu/Skjerlia. Slik skulle det ikkje bli. For det vart både slitsamt, kaldt og ikkje minst glatt. Så glatt at det vart fall på fall. Med 10-15 cm nysnø opp igjen på is var det skremmande glatt og ikkje heilt ufarleg. Og det kjendest nesten ut som det var is over alt under snøen. Kvar ein liten helling eller skråning var som ei skøytebane. Og vi tryna gong etter gong. Sjølv med broddar. 

Særleg smart var det heller ikkje å prøve og ta ein snarveg opp frå lagunane for å gå direkte på Leknesvatna og inn (noko ein sjølvsagt ikkje gjer om det ikkje er islagt). Det viste seg raskt mykje meir krevjande å gå her enn å ta den vanlege stien på nordsida og opp til vatna. Så det var nok ein bommert. 

Etter å ha baksa i fleire timar i snø og is i det ulende landskapet aust- og oppover, gav vi oss under Eitrenipa, og gjekk Rimmane til Botnatjerna og nedatt løypa til Krokavatnet. Derifrå heile vatnet til endes og ned att til kraftvegen. 

Ja, det vart både kaldt, glatt og hardt. Minus 11 ved Markavatnet då vi kom ned igjen, og heilt sikkert ein del meir oppe på fjellet. Spesielt ved nedgangen til Krokavatnet kjendest det iskaldt ut. Valne tær gjekk eg diverre med i fleire timar (ikkje særleg motiverande), så då vi endeleg var komne nedatt til bilen ved Markavatnet, var vi både iskalde og trøtte. Vinterfjellet hadde krevd sin mann.... Og det kravde òg utstyr - om nokon finn ei isøks der oppe er ho mi....! Men sola du, sola, den fann vi...! 


Ingen kommentarer: