Facebook

søndag 31. januar 2016

Gå-springetur til Holevika


Etter at det hadde kome ein del snø i løpet av kvelden og natta, og veret var temmeleg ustabilt, gjekk eg meg ein tur til Holevika etter vegen. Passeleg fin tur dette med nokre innlagde joggesekvensar. I tillegg knipsa eg nokre bilder undervegs. 

Veret var som sagt skiftande med eit par haglbyger... Etter vegen låg det litt slaps. Men jammen keik sola fram ute på Staveneset òg. Ein flott regnboge enda i huset til han Olaf Saltskår (sjå bilde). Snøen smelta etter vegen, og eg fekk reine vårkjensla. 

Eg ser havørn kvar gong eg er her. I dag heile 6 stykker på ein gong. I lag med ein flokk ravn. Så eit kvart har nok krepert. Truleg i fjæra, for det flaug opp fleire fuglar her. Sjå bilete under:


Fin trimtur. Og takk til fruen som kom og henta meg heim til blåkveite til middag...

lørdag 30. januar 2016

Hardt klima eller etter Tor på Toreheia







 


Muleg det var litt sprøtt å dra opp i fjellet i dag tidleg. Orkanen "Tor" var over. Men jammen bles det og hagla noko intenst. Hagla var som stikkande nåler i andletet. Og stakk gjorde det under kleda òg, spesielt på hovudet. 

Ved Krikavatna såg eg ingenting då ei solid byge kom inn frå havet. Men eg valde likevel å halde fram oppover. Her er godt merka, og kjend kan eg vel seie eg er. Sjølv om det er tøft nok når det blir kvitt og det er berre stein og hamrar å sjå. På toppen letta det likevel faktisk bra opp, men steik kor det bles. Eg måtte berre kome meg der i frå (legg merke til null selfi i dag :-)) så eg sprang for det meste ned att til Krikavatna.

Eg prøvde forresten nokre nye sålar i skoa i dag som eg kjøpte frå Fjellsport (god forretning med kjempeservice) i lag med ei ny Rab jakke. (P.S. Eg er ikkje sponsa...:-)) Dei funka faktisk veldig bra. Eg har nok ein vevskade på eine storetåa etter Moldura turen her tidlegare i månaden då eg forfraus meg så skikkeleg, for tuppen på tåa er framleis kjenslelaus. Dette gjer at eg frys med ein gong på denne tåa. Sålane var absolutt verd pengane. Behagelege og faktisk varme.

Frisk tur i dag må eg seie.. Jammen er det godt å kome seg ut litt sjølv om vèret er ryskje. Like godt som det er å kome seg i hus att....



søndag 24. januar 2016

Vårteikn

Det boblar ved vadet på Krikavatnet

Men isen ligg endå





Årets pusekattar

I går vart det ein springe-gåtur til Staveneset i regnbyger og vind. Og sidan det i tillegg låg ein del skodde i fjellet vart det ingen fjelltur. Men uansett er det berre godt å kome seg ut og bevege seg litt.

I dag tok eg meg ein tur på Toreheia igjen. Ein tur på tre-fire timar alt ettersom. Veldig greitt her heime frå sidan eg slepp å køyre nokon stad for å kome meg til fjells. 

Etter mildvèret dei siste dagane var landskapet totalt forandre. Berre snøflekkane att frå dei kalde og flotte vinterdagane forrige veke. Heilt til topps. Ja, heime var bøane brått grøne att.. Og selja har allereie begynt å vise kvite knoppar. Det går mot vår.... 


torsdag 21. januar 2016

Kaldt, fint og kvitt...








Flott vintertur på Yndestadhøgeheia og Toreheia i dag. Kanskje siste vinterdagen på ei stund. Så difor hadde eg ordna meg fri eit par dagar. Men at det kravde sin mann å kome seg opp der i dag, er vel rett å seie. For det låg ganske så mykje, og ganske så djup, tørr nysnø oppover. Spesielt ned igjen, då eg valde å gå om Krikavatna. På Yndestadhøgeheia var det bra avblese, men sjølvsagt djupe fonner. Så turen tok si tid. Og kreftene som måtte til røynde etter kvart på. 

Når det er slike forhold blir det litt hipp som happ om eg brukar trugar. Dei veg jo litt. Samtidig held slik snø lite på trugane, så ein sig bra gjennom likevel. Når det gjeld ski er det litt bale første stykket (må berast). Og i slik snø, utan underlag, er det tungt det òg. Så difor vart det føtene i dag. Og gange etter dei mest avblesne plassane. 

I dag testa eg ut underlag i skoa frå solfilter som ein brukar på bil. Eit tips som eg såg på Facebook (sjå blogg i går) til å halde seg varm på føtene. Om det virka? Tja, er ikkje sikker. Det kjendest fint ut til å begynne med. Men etterkvart vart eg kald på tærne likevl. Det kom seg merkbart då eg fekk på meg tørre og varme klede på overkroppen på toppen. Ein tur er sjølvsagt for lite til å vite om dette hjelper. Så eg får prøve litt til....

onsdag 20. januar 2016

Keep Your Feet Warm With This.. "Quick Trick"





Har teke meg eit par fridagar frå i morgon, og skal ta ein test på dette tipset mot kalde føter....:-)


mandag 18. januar 2016

Tapt isøks

Til fjelltrimfolket i Askvoll: Kjem de over ei isøks, truleg på høgre sida av hamrane nedom Eitrefossen på veg til Eitrenipa, så er eg takksam for å få ho att. Pga isen gjekk vi lørdag litt t.h. ved sida av hamrane ovanfor andre brua (der skiltet på brua står). Her står det nokre furetre og busker.

søndag 17. januar 2016

Porten til sola

Stavenesodden

Selfi bak varden
(med foksnø i mot)
Skylefjellet


Størdal og Askvoll-fjella i januarsol

Porten til sola

Det mørknar heime i ettermiddag

Eg var litt slakk i kroppen etter turen i går, så morgonen gjekk med til å mate fuglane og løyse Firda kryssordet. Kosa meg i godstolen med fyr i omnen og kaffi i koppen. 

Rundt lunsjtider følte eg likevel behov for å lufte meg. Eg gjekk difor ein tur på Skylefjellet. Den vart noko tyngre enn berekna, for det låg bra med snø oppover. Og dei vanlege snøfonnene hadde samla seg der dei brukar å vere. Dei rakk opp på magen... I tillegg var isen inn under snøen ein konstant trussel. Som i går. Eg sigla difor på ræv fleire gonger (kanskje bør eg lage til eit ekstra isolasjonslag rundt boxeren...:-) Sjølv med broddar under skorna 

Skylefjellet


På den avblesne toppen tok vinden ganske så bra. Som vanleg. Her er veldig eksponert for nettopp det. Sjølv om det var damstilt på fjorden. Så utan byteklede var det berre å kome seg ned att. 

Dette er nok den lengste turen eg har hatt hit på ei stund. Reint tidsmessig. Trimmen derimot var kjempebra!

lørdag 16. januar 2016

Kaldt, glatt og hardt

Agnar på veg opp skåra ved strengen

Morgonhimmel over Eitrenipa

To staute karar

d.s.

Fossedalsvatnet
Isjuklar under ein stein

Eg møtte Agnar og sonen Aleksander i Mandelia i dag tidleg. Meininga var å gå på Eitrenipa/Nipebu/Skjerlia. Slik skulle det ikkje bli. For det vart både slitsamt, kaldt og ikkje minst glatt. Så glatt at det vart fall på fall. Med 10-15 cm nysnø opp igjen på is var det skremmande glatt og ikkje heilt ufarleg. Og det kjendest nesten ut som det var is over alt under snøen. Kvar ein liten helling eller skråning var som ei skøytebane. Og vi tryna gong etter gong. Sjølv med broddar. 

Særleg smart var det heller ikkje å prøve og ta ein snarveg opp frå lagunane for å gå direkte på Leknesvatna og inn (noko ein sjølvsagt ikkje gjer om det ikkje er islagt). Det viste seg raskt mykje meir krevjande å gå her enn å ta den vanlege stien på nordsida og opp til vatna. Så det var nok ein bommert. 

Etter å ha baksa i fleire timar i snø og is i det ulende landskapet aust- og oppover, gav vi oss under Eitrenipa, og gjekk Rimmane til Botnatjerna og nedatt løypa til Krokavatnet. Derifrå heile vatnet til endes og ned att til kraftvegen. 

Ja, det vart både kaldt, glatt og hardt. Minus 11 ved Markavatnet då vi kom ned igjen, og heilt sikkert ein del meir oppe på fjellet. Spesielt ved nedgangen til Krokavatnet kjendest det iskaldt ut. Valne tær gjekk eg diverre med i fleire timar (ikkje særleg motiverande), så då vi endeleg var komne nedatt til bilen ved Markavatnet, var vi både iskalde og trøtte. Vinterfjellet hadde krevd sin mann.... Og det kravde òg utstyr - om nokon finn ei isøks der oppe er ho mi....! Men sola du, sola, den fann vi...! 


onsdag 13. januar 2016

Hytter og stølar i Askvoll-fjella


Nokre stølar, hytter og tufter i Askvoll-fjella. 

Bildefil her.

Stølane/hyttene er ikkje namnsette.

Nytt gjerne kommentarfelt om du lurer på kvar dette er, eller kva stølen heiter. 


søndag 10. januar 2016

Iskaldt 2



Iskald vind, is og grått på Toreheia i dag. Eit forblåst vinterlandskap. I tillegg begynte det å snøe vassrett... Ikkje eit liv å sjå. Her var det berre å kome seg i hus att...Nei, det blir ikkje mykje å skrive heim om dette. Men varmen har eg heldigvis funne att...!


Turfolk del 5

5 og siste del

lørdag 9. januar 2016

Iskaldt


All fuktigheit i plagga fraus til is...
Godt å få skifte til tørt og varmt tøy

 Foto Moldura Fanafjellet 090116

Det var ein kald fornøyelse på Moldura i dag tidleg. Så veldig mange minusgrader var det nok ikkje, heime- 6-7, men i trekken der oppe og nokre minusgrader til, så svei det godt både her og der. På toppen var fleire lag med klede islagde innanfrå og ut (sjå foto)....! 

Ok. Det var no det. Slikt hadde eg klesbyte med meg for. Men eg skulle nok aldri prøvd nokre nye sokkar som skulle vere så gode. Eg vart nemleg iskald på føtene  - lenge før eg kom opp. Og dette vart berre verre og verre.... Og etter å ha vore på Fanafjellet, og kom meg bort i Mannskaret, fann eg ut at her var det berre å kome seg til bygds igjen. For det hjelpte lite å ta av seg på føtene og kneke tærne - dei var kjenslelause, og sokkebyte hadde eg ikkje med meg. Betre å behalde tærne eller gå i Svelia og Osland som eg hadde tenkt. 

Eg heiv på meg broddane ned igjen frå Mannskaret. Gav på det eg torde langs islagde hamrar, steinar og sva ned att Brekka til Gjerdedalen. Heldigvis var Kjell og Tordis på butikken, så eg fekk haik og hente bilen på Neset. Sein var eg ikkje om å kome meg i dusjen heime. Og tærne - dei er visst like mange og like heile. Eg slapp visst å amputere....:-) Men eg veit kva sokkar eg skal bruke neste gong...!

Turfolk del 4

fredag 8. januar 2016

torsdag 7. januar 2016

onsdag 6. januar 2016

Turfolk del 1


Sidan bloggen min er på 10-ande året, og eg ikkje svir av så mykje kaloriar på fjellturar som før, grev eg litt i fortida.

Turfolk blir ein serie bilder av vener, familie og andre eg har møtt på turane mine opp gjennom åra. Utgangspunktet, og første bilda for denne del 1, er frå tida då eg fekk mitt første digitale kamera og starta bloggen. Eg deler serien opp i passelege bolkar så dei ikkje skal bli så tunge å kome gjennom. Ovanfor er såleis ein YouTube stillfilm av"Turfolk del 1".


tirsdag 5. januar 2016

Ytrevågefjellet 2016


Ny stillfilm - Ytrevågefjellet 2016 med dei siste bilda...

søndag 3. januar 2016

Kalde vindar

Morgonstund på Rinda

Utsikt mot Krikavatna og Mangevatna.
Skylefjellet midt i bildet.

Soloppgang over Svarthamrane
Skålefjellet t.v.

Iskald vind på Toreheia i dag


...og heime er det grønt...!

Flott, men iskald tur på Toreheia og Skylefjellet i dag tidleg. Søraust-vinden reiv langt inn i sjela, og nevane iskalde på ein augneblink der oppe på toppen. Men alt gjekk så mykje betre då eg fekk teke av meg det sveittevåte tyet og kledde meg i Rab-dun og den varmaste trøya til Brynje. Fin trimtur i det nye året. Sjekk bilder: 

lørdag 2. januar 2016

Nyttår i Bergen

 







Vi hadde oss ei veldig triveleg nyttårsfeiring i Bergen denne gongen. I den flotte og sentrale leiligheita til banken. Og i same slengen fekk vi med oss fleire familiebesøk og ei gebursdagsfeiring. 

Sjølve feiringa av nyårsskiftet gjekk for vår del stilt og roleg føre seg. Men fyrverkeriet i byen var verkeleg spektakulært. Lenge rakk det òg. Når det gjeld det meir familiære så er det privat.