Facebook

tirsdag 29. desember 2015

Heftig vind og is.....



Nok ein fantastisk morgonhimmel i dag då fjorden låg bada i eit rosa skjær. Og vinden dura oppe i fjellet. Men eg tok turen på Skålefjellet og Svarthamrane for det. Og her oppe bles det heftig frå søraust. Ja, i verste kasta var det problem med å halde seg på føtene. I tillegg låg det ein heil del is i høgda, så broddane måtte raskt på føtene. Spesielt oppe ved hammaren, der eg tidlegare har strekt tau, var det skummelt. Det låg is og isvullar ned mykje av hammaren. Så  i dag kom tauet verkeleg til sin rett. Utan tau og broddar hadde eg ikkje tørt å gå opp her.... 

Elles måtte det til mykje gode klede i dag. Både ekstra både på hovudet og overkroppen i den sterke vinden. Men etter å ha fått bytt gjekk det egentleg greitt. Luftig tur får eg seie....


mandag 28. desember 2015

Sherpa dei som byggjer stiane våre

Fantastisk bra program på TV`en i går om sherpaene i Norge og Nepal. 




På veg til jobb...


Første stopp i Løvika

Andre stopp på Nordheia
(Blegja i bakgrunnen)

Framme ved Sparebanken Sogn og Fjordane

Banken og bruene

Eg bråsnudde på tunet heime i Stongfjorden i dag tidleg då eg såg himmelen i aust. Her var det berre å plukke med seg fotoapparatet. Eg hadde jo allverda med tid på meg til å kome på jobb klokka 10. Så då vart det nokre stopp undervegs for å knipse bilder av den flotte morgonen. Ovanfor ser de nokre frå pendleturen til Førde i dag tidleg...


Framleis God Jul!

lørdag 26. desember 2015

Boxing Day

Etter ei lita snøbyge på morgonen vart himmelen flott raud
Her ved Langedalen



Fekk nyte sola på Moldura i dag
 

Askvoll frå Moldura
Sol ved Fauskevik

 Nydeleg, men kald tur på Moldura og vidare til Størdalsstauren i dag tidleg. Eg gjekk opp den vanlege ruta frå nordsida på Neset i Stongfjorden. det er unnasols her på denne tid av året, så sola fekk eg akkurat då eg kom  opp på toppen. I tillegg ein kald trekk som gjekk gjennom marg og bein. Første bod var difor å skifte alle kleda på overkroppen og få på eg noko varmt og tørt. Deretter gjekk som sagt turen ut på Størdalsstauren der eg igjen nådde att sola. Som kanskje bilda viser fekk eg meg ein fin juletur med fin opplading til fotball frå England etterpå... 


 Foto
Moldura Størdalsstauren 261215

torsdag 24. desember 2015

God jul

Soloppgang ved Skålefjellet Sankta Luzia-dagen
Foto frå oppstigninga til Toreheia frå aust

Sidan det dura skikkeleg oppe i fjellsida på Yndestadhøgeheia i dag, så fann eg ut at eg ikkje hadde noko oppe i fjellet å gjere.... Like greitt å finne seg eit x-ord i staden! Så den sedvanlege juleturen min vart til ein rask gangtur til Osland, inkludert lett springing heim igjen. Det vil seie der det lèt seg gjere å springe. For det bles noko aldeles heftig. Og regna.... Det bøtta ned. Med drèvet midt i mot heim att. No får vi tru at det blir bra som lova 2.juledag. Så får vi sjå om det blir ein fjelltur då. 
Med dette ynskjer eg alle ei God Jul. 

lørdag 19. desember 2015

Friskt til Holevika

Holevik ved Stavenes


Ingen fjelltur i dag, men ein raskgangemusikkjoggetur til Holevika. God mosjon i det. Vind og regn følgde meg stort sett heile turen. 

Dagens beholdning av fugl var 4 ringduer, 2 gråhegrar, 2 havørner, eit par granmeis, 1 gråtrast, 1 toppskarv og 1 strandpiplerke + 5 sauer. Takk til mi fru som henta meg i Holevika. 

søndag 13. desember 2015

The awakening of the sun (Or Sankta Lucia)


Sola lyser under horisonten bak Vardenova

På veg opp på Ytrevågefjellet (blitz)

Soloppgang ved Skålefjellet
Nydeleg tur frå Vågane (Osland) over Ytrevågefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia og heim i dag tidleg. Fantastisk å sjå den flotte soloppgangen frå fjellet her oppe medan alt var mørkt nede i bygda (sjå bilder)...

Det låg ein del snø oppe i høgda. Turen opp på Ytrevågefjellet vart difor relativt tung. Men kva gjer vel det når eg kan stoppe å ta nokre bilder av lyset av dag og den stigande sola bak horisonten.... 
Toreheia

Elles var heimkoma eit kapittel for seg. Luciabrurene (Ellen, Tora og Tiril) kom meg springande i møte med lusebollar. Kjekkare slutt på ein tur skal ein jammen leite lenge etter. Utruleg kor det passa med tidspunktet. Heilt av seg sjølv. Ja, kanskje er det meir mellom himmel og jord enn vi anar...!?

Super adventstur!

Foto

Lusebollar på tunet heime av Luciabrudene

Minstejenta med gamal skøytehue


lørdag 12. desember 2015

Whiteout på Fanafjellet


Skålefjellet i snøvèr i dag

Ei vindblesa lerk
Eg var ein tur på Fanafjellet i dag på jakt etter nokre ekte villsauer. Der oppe gjekk dei iallefall ikkje. Fullstendig whiteout i skodde og snøvèr. Og ca 20 cm nysnø. Eg var i grunn glad at eg kom meg ned igjen. 

Deretter gjekk eg fram og tilbake gjennom liene ned under fjellet. Rikeleg med hjort å sjå. Eit "monster" av ein kronhjort dukka opp nede i Gjerdeåsen. Det trur eg må vere den største hjorten eg har sett. Ja han var rett og slett tung i bevegelsane....! Men for rask til at eg fekk fram apparatet... Villsau derimot såg eg ikkje. Kvar dei er må fuglane vite. Men eg får ta meg ein ny tur i morgon. Då er iallefall vèrmeldingane betre. Det vart vått nok til slutt i dag....



Vest om Ospehaugen. Grått i havet.

torsdag 10. desember 2015

Nye filmar

Har laga nokre nye bildefilmar i det siste brukt på ei nyoppretta Facebook-side eg har laga. Nærast som ein advent gimmick med ein ny film kvar dag no i desember. Bilda er av ny og eldre dato. Og dei som førebels er publiserte ligg det link til i høgremenyen her på bloggen.


mandag 7. desember 2015

A walk in the dark

Gåturen med hovudlykt frå Yndestad i går kveld hadde endestasjon ved krysset til Olaf Saltskår....


Det vart ingen fjelltur på meg i går. Av fleire grunnar.Vèret var mildt sagt ustabilt med vesta-kuling og solide regn- og haglbyger.  I staden valde eg forskjellige andre sysler heime. Men i kveldinga, etter at det vart mørkt, tok eg meg ein lengre gåtur til Staveneset med hovudlykt. I skikkeleg motavind og ruskevèr heile vegen. Og frå Underset og utover reiv vinden godt i kroppen. Heldigvis tok eg med meg slalombrillene. Og med hovudlykt, øyretelefonar og slalombriller under ei god hette, hadde eg det som plomma i egget. Men sikkert like greitt at ingen såg habitten...:-) 

Frå Underset og til Staveneset var det ikkje eit einaste lys. Utanom ute på Atløyna og på hi sida av fjorden. Og då eg i stummande mørke passerte dei gamle helleristingane og gravrøysene, undra eg litt på kva forfedrane våre gjorde på ein slik kveld. Utan lys, telefon og internett. Var det stusseleg kanskje? Men etter at Olaug og Peter kom og henta meg i bilen, og eg fortalde om tankane mine, meinte Peter at dei brann bål, drakk øl og song! Ja, ja slik kan det òg seiast. Dette var nok ikkje akkurat i mine tankar denne vind- og regnfulle kvelden i stummande mørke...!

Men ein god trimtur kan ein godt ha utan å gå i fjellet. Og kanskje kan ein oppdaga andre slags tankar i seg sjølv òg då ein slik kveld...:-)

lørdag 5. desember 2015

Heftig på Skålefjellet


Legg merke til at det renn over på demma t.h.


Eg tok turen på Skålefjellet i dag. Temmeleg hard vind, litt skodde og regn. Ganske tøft der oppe med andre ord. I tillegg var det vått - veldig vått. Ja, eg veit knapt om eg har sett elvane så store.

Eg gjekk opp den vanlege ruta. Men tok vest om hytta til Frode Grimelid ned igjen. Rett vest om Alteret. Eit stykke nedom her gjekk eg ut på ei myr og sakk pang ned i myra til over knea. Eg stod bom fast, og vatnet seig inn både ovanfor og nedanfor gamasjane. Ja, det tok faktisk nokre sekundar før eg kom meg laus att. Det skulle teke seg ut og gått meg myrfast her oppe....! 

Eit stykke ovanfor granskogen i Gjerda, stod det brått ein jeger bak eit tre. No keik eg heldigvis inn i ei fotolinse og ikkje i geværmunningen då...:-) Så eg vart pratande ei stund med Arild Gjervik. No var eg våt på føtene, så etter eit bèl gjekk vi kvar vår veg. Han var så rask i vendinga at eg berre fekk inn eit utydeleg bilde av fyren. Så fotoet vart eit bomskot som ikkje er presentabelt. 

Heftig og våt tur får eg seie. Lufte meg fekk eg iallefall...








torsdag 3. desember 2015

Portafjellet 2015


Ein serie bilder frå Portafjellet. 
Godt synleg frå Stongfjorden.
Eg hadde faktisk ikkje laga samleserie her i frå før...

Kvamsnipa, Skjerli

Stillbilder frå Kvamsnipa i Skjerlia.
Bilda er av ny og eldre årgang.

onsdag 2. desember 2015

Winter on Middagsnipa


Eg sette i hop ein ny film med vinterbilder frå Middagsnipa i Stongfjorden/Kvammen.
Den gamle var altfor lang. Så ovanfor er den nye med ny musikk.

tirsdag 1. desember 2015

Kroken på døra for Vestavind?

Ikkje heit dimmen til Vestavind då...

I dag vart det kjendt at vindkraftselskapet Vestavind A/S har fått avslag på søknaden om å byggje Bramangerlandet vindkraftverk. Dette føyer seg inn i rekkja av andre avslag, utsetjingar og trekte søknader. 



Vestavind hadde i alt 7 prosjekt:

Okla – Konsesjon – ca. 9 turbinar
Bremanger – Avslag – ca. 26 turbinar
Hennøy – Konsesjon – ca. 11 turbinar
Lutelandet – Konsesjon – ca. 13 turbinar
Ytre Sula – Søknad trekt – ca. 39 turbinar
Haram – Konsesjon – ca. 16 turbinar
Folkestad – Søknad trekt – ca. 20 turbinar

I alt planar om ca. 134 turbinar + ca. 6 testturbinar til havs ved Okla og Lutelandet.

Også Lutelandet Energipark er 100 % eigd av Vestavind Kraft AS.

Vestavind Kraft eig 46,17 % i Haram Kraft AS, og 32,5 % av Sula Kraft AS.

Lutelandet og Haram har fått utsetjing til 2020.  

Med dagens kraftprisar og prognosar for framtida er det vel tvilsamt om det kjem opp ein einaste ny vindturbin i det heile teke...