Facebook

tirsdag 24. november 2015

Steinring



På sauesanking på Stavenesodden i Stongfjorden i helga kom eg over denne steinringen oppe på fjellet. Den ligg omlag 2oo meter i luftlinje frå høgste punktet. Det er ei kjend sak at det ligg gravrøyser og helleristingar frå vikingtida ved fjorden, så eg lurte på om denne steinformasjonen her òg kunne vere av gamal årgang. Steinane verkar ikkje tilfeldig plasserte, og det er heller ikkje naturleg å sette opp ein varde her. Når så dette ligg eit godt stykke utanfor den vanlege stien er det vel tvilsamt at ungar har leika seg òg. 

Dersom det er nokon som veit noko meir om denne steinringen hadde det vore fint å fått vite.

No legg eg førebels ikkje noko meir i dette enn at eg er nyfiken. Men eg har sendt ein førespurnad til kulturetaten i fylket òg. På nettet har eg sett at steinringar kan vere gamle offerplassar.


Her er forresten nokre andre meir oppsette steinar eg såg på same turen. Dei er  støtta opp under ein fjellhammar med utsikt ut over er ei ganske stor myr... Om dette er restar etter eit bygg eller eit skjul for jakt veit eg ikkje. 





Legg inn en kommentar