Facebook

lørdag 21. november 2015

Sauesanking Stavenesodden

Alden frå Furefjellet i dag tidleg


Soloppgang over Askvoll/Eimind





Eg var på plass i Holevika på Staveneset litt får klokka 08 i dag tidleg. Etter ei oppmoding frå Roy Sævik om å vere med og få heim nokre utegangarar. Herleg vèr og stjerner på himmelen. Eit lite dryss med nysnø på vegen, var reint jomfrueleg å køyre på utover. 

Eg starta såpass tidleg for å få med meg heile området frå ytst ute på Furefjellet og innover mot Høgeheia. Roy starta noko seinare frå Åreskogen. Medan Arnljot og bergensaren Tom Andrè gjekk frå Holevika dei òg eit par timar seinare. 4 mann alle.

Det tok si tid å krysse nord/sør i det ytste området. Her er mykje høgder, småkupert, dalar og myrlendt der sauene kan stikke seg vekk. Ganske krevjande øvelse dette. Og eg brukte vel godt tre timar på dette til eg var komen rett vest for toppen på Høgeheia. Her inne tok eg beint mot nord i retning Stavfjorden for å få med meg dette området òg. 



Godt nede på nordsida her, fekk eg så telefon frå Roy. Han hadde funne heile flokken på søraustsida av varden. Kjempe! Eg vart likevel verande der eg var sidan sauene var i bevegelse i min retning. I tillegg venta vi på at Arnljot og Tom Andrè skulle nå opp dei òg. 

Sauene heldt likevel fram beint austover. Lenger inn enn vi hadde tenkt. Så etter av vi var samla alle 4, gjekk Roy og eg sør om for å prøve å avskjere dei for å få dei ut att. Dette lukkast ikkje. Vi tok difor sauene mot nord, og kom ned til Stavfjorden aust om Lia og Liavika den vegen. Det gjekk heilt fint, sjølv om vi måtte gjennom nokre einerkavar på vegen. 





Austover langs sjøkanten til Vågen, var sauene ganske så spake. Vi hadde difor full kontroll på dei. Og etter at Roy gjekk i førevegen og fekk ordna med stengsler og grinder, fekk vi sauene rett i fjøsen til Magnar i Vågen. Der i frå ber turen til Stong. End of the game. 



Elles takk til Håvard, som etter ein telefon kom og henta oss i Vågen, og køyrde oss i Holevika etter bilane. Flott tur. Som for min del tok 7 timar. 


Legg inn en kommentar