søndag 1. november 2015

Roleg helg

Pappa og eldste dotter mi Margunn - den gong....

Det vart ei roleg helg denne helga. Med Olaug på tur til Ålesund, heldt gutta boys fortet. Mykje vind og regn i går førte til ein rein innedag med heimlege sysler, kvile, fotball, film o.a. Kjekt å sleppe noko form for stress.

Dagen i dag, som er Allehelgens dag, reiste eg til Dale for ein familiedag med syskjena mine, tante og onkel. Det var i det høve gudsteneste. Vi mintes pappa og alle dei andre døde i Fjaler siste året. Ei fin stund i kyrkja med nydeleg korsong. Deretter samla vi oss på Skaartun for mat og kaffi. Flott at minstesyster mi Bergljot og mannen Torgeir tok turen frå Vinstra eins ærend. 

Ja, det går faktisk an å ha ei kjekk og innhaldsrik helg utan å gå på fjellet òg. Fint å gjere noko anna... Familien er trass alt det viktigaste vi har...!


Ingen kommentarer: