søndag 22. november 2015

Bingo!

Morgonstemning mot Florøkanten
Storebatalden t.h.


I dag tok eg opp frå Neset i halv 9 tida for å sjå etter dei fire kjendisane til Ole Andrè frå Holmedal. For de som har følgt bloggen, så har de sikkert sett at eg har vore i nærkontakt med dei før. Både ein og to gonger. 

Eg følgde såleis den vanlege ruta til Moldura frå nord. På Moldura var det full vinter for å seie det slik. Etter mange kuldegrader på morgonen og i går, var alt frose til. Det hadde absolutt sin fordel oppover første delen då her er ganske myrlendt ein del parti. I dag var det frose godt til, og mykje lettare å gå. På det øverste partiet mot toppen låg det både ny og gamal snø. For det meste knallhard. Så her var broddane veldig gode å ta på. 


Iskaldt på Moldura i dag tidleg.
Ikkje mykje varme i sola no...
Dokka t.h.


Eg nådde greitt opp på toppen. Her var det iskaldt i morgontrekken. Eg bytte alle kleda på overkroppen, og vart deretter varm og god. Så bar det bort på toppen i vest for å prøve å sjå etter sauene i landskapet der ute dei har gått tidlegare. No viste dette seg nesten umogeleg, sjølv med kikkert, pga snøen og snøflekkane. Og det vart sjølvsagt beinkaldt å sitte her òg... Eg valde difor å snu nasa nedover igjen. 


Frå Moldura ser ein eit nytt landskapselement på Lutelandet


No var eg litt i tvil om å gå innover Fanafjellet og Skålefjellet/Gjerdedalen. Eller halde fram til Størdalsstauren. Men etter at eg sende ein SMS til Håvard om han og gjengen var på hjortejakt der inne/nede, og fekk ei stadfesting på det, valde eg heller å sjå etter sauene ut over mot Størdalsstauren. Det var eit håp at dei kunne ha gått utover på den sida òg. I tillegg var det sjølvsagt unødvendig å forstyrre gutane i jakta.... 

Men før eg kom så langt dukka det opp eit levande vesen nede i bakkane. Så tidleg på morgonen, og i frå den retningen, kunne det umogeleg vere andre enn Ansgar Bjarne på Neset. Eg såg han hadde fyrt i omnen då eg parkerte. Eg venta difor der eg stod. Og det stemde sjølvsagt med personen. Alltid kjekt å treffe Ansgar Bjarne på Moldura. Han har gått mange gonger opp hit i år.... Vi vart ståande å preike ei stund i bakken der før kulden begynte å rive i kroppen. Vi gjekk så i kvar vår retning. 


På lett ein fot...
Størdalen ned t.v.



Ansgar Bjarne Høvik
Molduras store sønn....


Sola var no begynt å kome ute på Størdalsstauren. Eg heldt kanten av fjellet (Løbakkane) for å kike ned i Størdalen. Her går det ei rås utover. Eg kom så rett over ein liten kolle, og 2 meter framfor meg sprang det opp ein kvit dott. Nei, skulle du ha sett. Eg gjekk rett på sauene! Fantastisk! No var gode råd dyre... Så eg ringde til Ole Andrè for å rådføre meg litt. 


Close encounter of the sheep kind..... 


Sauene sprang i retning Størdalsstauren (utover frå bildet ovanfor). Første tanken min var å få dei ned til fjorden denne vegen. Men etter å ha kome utover eit stykke snudde dei tvert om og rennde hin vegen opp att. Eg etter for å stoppe dei. Og då eg makta det, og dei så gjekk utatt, var idèen min framleis den same. Men nok ein gong tok dei oppatt. Då gav eg meg på dette, og følgde etter opp og austover igjen for å sjå kvar dei no ville ta vegen. Om Fagredalen eller vest om Moldura? Her oppe låg det beinhard snø... Eg var no så innbitt på å ikkje sleppe dei at her skulle vi sjå kven som tòlte mest....

I toppen av Størdalen, i Skaret (sjå bildet ned under) kan ein som nemnt ovanfor, gå både nord og vest om Moldura. I tillegg ned Størdalen. Vi var no komne til eit punkt i dei bratte hammarslaga ned mot dalen som var litt spanande. Her fekk eg føre meg å få dei ned sjølve Størdalen. DÅ var dei sperra av med fjella på kvar side. Og var dei først komne ned hit hadde eg god kontroll på at dei ikkje fòr oppatt på fjellet. Etter mykje slit fram og tilbake etter kva retning dei tok, fekk eg dei endeleg ned ei rås mot dalen. Litt lenger nede måtte dei krysse den islagde elva for å kome seg vidare ned. Her sette dei seg på bakbeina att. Naturleg nok. Dei rennde seg difor fast framme på eit stup slik at eg ikkje kunne følgje på. Då hadde dei gått seg utfor... Kva no? 


Sauene sette seg fast på eit utspring på hammaren rett fram for dei.
Dei måtte over den islagde elva t.v. for å kome ned dalen.


Eg ringde igjen Ole Andrè og fortalde om stoda. Då han no visste kvar eg var med dei, ville han og ein annan kome til unnsetning. Eg vart difor sitjande her oppe ovanfor hammaren med sauene frampå stupet. På ein grastust under fjellet hadde eg det ganske greitt. Heldigvis hadde eg med meg noko mat og drikke. Og lada batteria til fin utsikt mot Mjåset og Stavenesodden.

No tok det av naturlege grunnr si tid før det kom folk. Men å gje meg var ikkje noko alternativ. Så ser eg at eine lammet stikk nasen fram frå skåra på hammaren og beitar gras. Så kjem sauen. Eg prøver å avskjere dei ut att på den smale skåra på hammaren, men dei piler ut igjen. Dette gjentek seg fleire gonger. Men rett etter at eg ser ein person heilt nede i botnen av dalen i vest, stikk både sauen og to lam hovudet fram og beitar eit lite stykke til mot elva. Og no var eg så rask for dei at dei ikkje nådde ut igjen på hammaren, men var pent nøydde til å gå over elva. Opp kom dei jo seg ikkje, for der stod eg. Det tvilte fælt på å gå over den islagde elva....


Her sat eg. Sauene ned under på sin hammar.
Utsikta var no bra. Til Stavenesodden der vi sanka i går...

For dei som er kjende her oppe på toppen av Størdalen, så veit dei at det er bratt. Og mange hamrar. I tillegg var det isete pga elva. Men sauene hadde no kun ein retning å gå - det var ned dalen. Men stadig vekk ville dei opp att.

Då eg omsider hadde fått dei ned på flata i dalen, og det lettaste stykket mot fjorden stod att, var eine personen frå Holmedal på plass. No skulle dette gå fint. Sauene ville likevel framleis oppatt heile tida, så turen ned dalen gjekk i sikksak. Med springing til kvar side for å få dei på rett kjøl. Heim att ville dei absolutt ikkje. Men litt lenger nede kom så Ole Andrè. Og vi var tre for å få dei ned til Onar Osland. Då gjekk det forsåvidt greitt. Men sauen til Ole Andrè var klart venstrevridd - fåår så vidt eit godt teikn...:-)


Kanskje når dei får tenkt seg om er det meir leveleg her nede....


Heilt problemfritt var det likevel ikkje å få dei gjennom eit lè i garden her nede. Heller ikkje å få dei inn i fjøset, sjølv om sauene på garden her nede tok vèl imot "flyktningane". Men omsider måtte dei gje tapt, og hamna bak lås og slå! Fantastisk! Endeleg! 


Kjendisane bak lås og slå....
(ein har gøymt seg bakom)


Turen i dag tok meg 6 timar. Med ein times venting inkludert. Så i tillegg til turen i går, har det gått med nokre flotte timar til desse kvite og grå dottane denne helga....:-) I eit aldeles fantastisk vintervèr! Kjekt å gjere noko verdfullt i tillegg til sjølve turane. Eg får satse på eit liv som sauegjetar når eg blir pensjonist.... Søknaden er med dette levert...:-)




Ingen kommentarer: