Facebook

søndag 25. oktober 2015

Våt merkedag



I dag tok eg å gjennomførte merkeoppdraget eg hadde bestemt meg for. Kort summert vått, vått, vått.... Den eine haglebyga avløyste den andre. Heldigvis var det ikkje så mykje vind, så det gjekk egentleg ganske ok. Men det var skikkeleg ufyseleg då eg passerte oppe ved Fossedalshengenipa....

Eg starta frå Markavatnet litt før 08 (ny tid) og gjekk til Nipebu. Dvs. eg var ikkje bort om sjølve hytta, men tok rett aust der stien går vidare til Massbu (for den om er kjend). Her er det bra merka med vardar, men eg hamra ned ein og annan ny merkestav i myrane austover. 

Nede ved utløpet av Krokavatnet var den digre hella over elva lagt på plass igjen. Kven som har gjort dette veit eg ikkje. Flott jobba iallefall.... Men i dag gjekk vatnet over alle breidder. Minst 25 cm over hella og dei største steinane. Eg vart sjølvsagt våt på føtene då eg var nøydd over. Lenger nede var det endå verre å kome seg over den store elva. Heldigvis hadde eg på meg gamasjar så eg ikkje vart søkk blaut. Likevel vart dette ganske kaldt etter som timane gjekk....

Eg merka så vidare enkelte plassar opp til skogkanten til oppstigninga til Eitreskaret, retta på nokre vardar og slo nokre gamle merkestenger fastare på plass. Opp gjennom bjørkeskogen sette eg hovudtyngda av stengene, like til Botnatjerna. 




Her oppe var eg litt i stuss på om eg skulle gå opp skaret og ta med meg Eitrenipa, men det kutta eg ut sidan eg ikkje satsar på fjelltrimmen i år (post her oppe). Godt egentleg å kjenne at eg ikkje trong opp.....:-) Så då bar det ned att same vegen og sjekka korleis det var å finne fram ovanifrå. Det såg absolutt betre ut no, men til våren er det greitt å gå over med litt raudmåling på trea. Målinga her er ikkje heilt god....

Ja, så vart det ein ny omgang med påfyll av væte i skoa, før eg gjekk vestsida av Krokavatnet om Svartetjerna til Krokvasstølen, og så vidare ned til Markavatnet. Mission completed. 





Ein tur frå Massbu og komplementert ruta hadde gjort seg.... Men det kan vi gjerne ta når vi merkar frå Nedre Fossedal, om Brendeheiknappen til Massbu og til Fossedalen igjen. Denne ruta vil følgje deler av den andre (Massbu-Botnatjerna og nesten til Krokavatnet).


Legg inn en kommentar