søndag 4. oktober 2015

Merketur

Ved utløpet av Atlevatnet

Agnar og eg tok eit oppdrag for Indre Sunnfjord Turlag og merka betre opp ruta frå Rivedal via Nipebu til Otterstein i Dale i går. Atle Holsen hadde laga flotte nye kjeppar med raudmåling for betre å syne vegen i somme av parti. I tillegg gjekk vi over vardane, men lèt vere måling av T-ar då det var så vått. 

Atle Holsen hadde laga flotte nye merkekjeppar



Eg trefte Agnar på Otterstein kl 08. Her sette eg att bilen min. Og i bilen hans køyrde vi til parkeringsplassen i Rivedal. Vèrmeldingane var relativt gode for første del av dagen. Men tilskyande og regn frå om ettermiddagen. Sola stakk fram over åsen i aust då vi parkerte. 

Sola stig over åsen i Rivedal

Første oppdrag var å reise opp att skiltet til Nipebu som står her ved parkeringsplassen. Det hadde falle ned. Agnar kunne fortelle at to eldre danskar hadde starta heilt feil her då skiltet peika innover i staden for oppover. Dei hadde brukt to timar opp til demma etter mykje strabasar (tek 10-15 minutt)... Det burde vere ei enkel sak for alle som går her å snu skiltet rett veg. Eller sette det opp igjen for den del. Ganske tankelaust spør du meg....! Skjerpings! Dette blir omlag som når mange klagar på dårleg merking, men gjer lite for å rette på det sjølv...

Frå demma og myra opp var det litt dårleg merka. Her sette vi opp de første kjeppane. Vidare innover Vagstaddalen seier vegen mykje seg sjølv. Det er elles bra sti. Men enkelte plassar sette vi opp kjeppar. Elles var det som sagt vått. Veldig vått. Myrlendt og mykje sleipe steinar. Eg hadde smurt skorna mine, og dei heldt seg faktisk heilt tørre heile dagen. Great!

Ein ny kjepp er komen på plass


Vi hadde fått greie på at passasjen som var bygt ved hammaren ved utløpet av Atlevatnet hadde fått seg ein smekk i løpet av vinteren. No synte dette seg såpass alvorleg at det ikkje var nok med to mann for å få gjort noko med dette. Den eine hovudstolpen var knekt, og vi hadde verken utstyr eller makt til å lette sulamitten og lagt noko inn under. Så her lyt det meir mannskap til med meir utstyr. 

Denne passasjen ved Atlevatnet har fått seg ein knekk av sigesnøen frå fjellet


Vi heldt deretter fram austover ved vatnet, opp lia nord om Vårdalsstølen, og ein tur oppom Nipebu for å sjå på stoda. 


Ankomst Nipebu


Etter ein matbit gjekk vi den merka løypa ned Dalsstoredalen, forbi Dalsstølen og til Fossedalen. På dette partiet har Agnar gjort ein stor jobb med remerking og ny måling i løpet av sommaren. Så her var det i grunn ikkje så mykje å preppe på. Men nokre nye kjeppar vart sette opp her og der. Elles var det folk både på Dalsstølen og i Fossedalen. Flott å sjå at det blir lagt ned arbeid i vedlikehald på desse plassane. Sela og bygningane framstår som veldig flotte. 

Dalsstølen med Fossedalshengenipa bak


Nedre Fossedal
Vèrmeldingane stemde ganske så perfekt for dagen. Ved ankomst Fossedalen fekk vi dei første forsiktige regndråpane på oss. Likevel heldt det seg bra opplett til vi kom til Otterstein, og deretter køyrde til Rivedal for Agnar sin bil. Men då eg kom heim att i Stongfjorden silregna det. Bra tima. 

Eg har hatt mange fine turar i lag med Agnar. Dette var endå ein for minneboka mi ....  



Ingen kommentarer: