Facebook

søndag 4. oktober 2015

Fjellkjære lam


Friskt opp frå Ringstad


I dag vart eg med Halgeir T på jakt etter to lam i området Ringstadstølen Dokka Kalderasnipene. Lammet til Halgeir var observert i lag med eit anna frå Ringstad m.a. på mandag. I tillegg til Halgeir var vi 9 personar frå Ringstad og Holmedal, smått og stort, pluss ein gjetarhund. Vèret var temmeleg grått med skodde i Dokka då vi møttest på Ringstad i 10-tida. No melde vèrvarslinga betre seinare på dag, så vi gjekk friskt avgarde oppover mot Smilderstien. 

Smilderstien har i det siste vore omtale i flotte vendingar. Og etter å ha lese om stien i både Firda og Bygdeavisa, gledde eg meg for første gong å gå opp denne frå Ringstad mot Dokka-traktene. Den hellelagde og steingamle stien, uvisst kor gamal, skal no utbetrast ved hjelp av profesjonelle sherpaer frå Nepal. Dei er ventande om nokre veker. Stien er så klart verneverdig og har stor kulturell verdi. Eit minnesmerke om ei tid då ein støla og mjølka her oppe på sørvest sida av Dokka. Stien skuffa absolutt ikkje slik den ligg i dag. Høgdemeterane gjekk fort unna oppover dei flotte hellene. 










Ringstadstølen var òg eit nytt bekjentskap for meg. Eitt av dei få områda på fastlandet i kommunen eg ikkje har vore på før. Dei ligg nydeleg til opp under sørsida av Dokka. Godt skjerma for nordavinden. Og i tillegg på ei flate over den tyngste bakken, også skjerma for det verste synnavèret (mine antakelsar). 

Anders R synte oss inn i hytta si. Skikkeleg koseleg var ho med fleire overnattingsplassar. 


Ringstadstølen, ei av tre hytter


Ringstadstølen i gråvèr og motlys


Det regna lett då vi tok vidare oppover. Skodda kom og gjekk. Og til tider skapte ho problem med å sjå. Men sidan lamma var observerte litt lenger oppe, rekna vi med at vi fann dei forholdsvis fort. Det synte seg diverre ikkje å stemme. Sjølv om vi delte oss og såg over store område, var lamma ikkje å finne. Så då bar det vidare oppover på vestkanten av Dokka, med utsikt nordvestover til Kalderasnipene og vest til Eidsfjorden. Lamma var heller ikkje å sjå her. Kvar dei så har teke vegen må no fuglane vite - som han sa fyren. Så etter fleire timar på jakt etter dei to fjellkjære lamma, vart enden på visa at 4 av oss gjekk nordover til Nyksvatnet, og returnerte til Holmedal, medan dei andre gjekk ned att til Ringstad. Så då fekk vi dekka området nord om Dokka òg. 


Speidar etter lamma...



Nyksvatnet i Holmedal

Historia om dei to lamma som føretrekkjer fjellivet i staden for heimebøen, held fram. No har eg noko å sjå etter komande helg òg. Så neste tur er allereie under planlegging...


(P.S. Vanskelege lysforhold for fotografering idag, så bilda er ikkje av beste sort)



Legg inn en kommentar