tirsdag 27. oktober 2015

Den siste fårikål...

Tett under toppen på Moldura nordvest
Dokka og Nyksvatnet


Dagens obligatoriske selfie
Straumsnes og Dalsfjorden

Mot vest og Størdalsstauren

Størdalsstauren

The last and naked waltzing team


Eg følgde Peter på sjukehuset i dag for ein undersøkelse, og tok meg difor ein feriedag. 

Etter at vi var tidleg ferdige i Førde, køyrde eg heim igjen. For Peter skulle på besøk på vidaregåande skule. Eg gjekk såleis ein tur på Moldura og Størdalsstauren på jakt etter kvite dottar... Og som de ser dukka det i dag opp fire av sorten - Den siste fårikål...! Eg fekk gitt beskjed til eigar inkl bilde av ein tilsynelatande roleg og avslappa gjeng... Desse skal nok vere greie å få heim att - ikkje heilt same innstillinga som dei to einslege lamma... jmfr. 3 blogginnlegg d.m. Men å ta dei ned att til Holmedal åleine hadde nok likevel vore for tøft for ein aldrande kropp... I tillegg mørknar det fort no! 

Eg sette meg ned både på vest- sør- og austsida av toppen, og saumfor heile områda  med kikkert. (For den som ikkje er kjend så er Moldura høgste fjellet her ute med kjempeutsikt i alle himmelretningar). Så brunt som landskapet er no er sauene lette å få auge på. Eg kunne ikkje sjå fleire enn dei nemnde fire. Men sjølvsagt er det mogleg at det kan gå sauer nede i skogområda. Både på sør og nordsida. 

Deretter gjekk eg vestover til Størdalsstauren for å ta ein kikk ned i Størdalen òg. Ingenting å sjå her heller. Heller ikkje på motsett side av dalen i Langeberga. 

Jepp, flott feriedag. Og så litt matnyttig òg...

søndag 25. oktober 2015

Våt merkedag



I dag tok eg å gjennomførte merkeoppdraget eg hadde bestemt meg for. Kort summert vått, vått, vått.... Den eine haglebyga avløyste den andre. Heldigvis var det ikkje så mykje vind, så det gjekk egentleg ganske ok. Men det var skikkeleg ufyseleg då eg passerte oppe ved Fossedalshengenipa....

Eg starta frå Markavatnet litt før 08 (ny tid) og gjekk til Nipebu. Dvs. eg var ikkje bort om sjølve hytta, men tok rett aust der stien går vidare til Massbu (for den om er kjend). Her er det bra merka med vardar, men eg hamra ned ein og annan ny merkestav i myrane austover. 

Nede ved utløpet av Krokavatnet var den digre hella over elva lagt på plass igjen. Kven som har gjort dette veit eg ikkje. Flott jobba iallefall.... Men i dag gjekk vatnet over alle breidder. Minst 25 cm over hella og dei største steinane. Eg vart sjølvsagt våt på føtene då eg var nøydd over. Lenger nede var det endå verre å kome seg over den store elva. Heldigvis hadde eg på meg gamasjar så eg ikkje vart søkk blaut. Likevel vart dette ganske kaldt etter som timane gjekk....

Eg merka så vidare enkelte plassar opp til skogkanten til oppstigninga til Eitreskaret, retta på nokre vardar og slo nokre gamle merkestenger fastare på plass. Opp gjennom bjørkeskogen sette eg hovudtyngda av stengene, like til Botnatjerna. 




Her oppe var eg litt i stuss på om eg skulle gå opp skaret og ta med meg Eitrenipa, men det kutta eg ut sidan eg ikkje satsar på fjelltrimmen i år (post her oppe). Godt egentleg å kjenne at eg ikkje trong opp.....:-) Så då bar det ned att same vegen og sjekka korleis det var å finne fram ovanifrå. Det såg absolutt betre ut no, men til våren er det greitt å gå over med litt raudmåling på trea. Målinga her er ikkje heilt god....

Ja, så vart det ein ny omgang med påfyll av væte i skoa, før eg gjekk vestsida av Krokavatnet om Svartetjerna til Krokvasstølen, og så vidare ned til Markavatnet. Mission completed. 





Ein tur frå Massbu og komplementert ruta hadde gjort seg.... Men det kan vi gjerne ta når vi merkar frå Nedre Fossedal, om Brendeheiknappen til Massbu og til Fossedalen igjen. Denne ruta vil følgje deler av den andre (Massbu-Botnatjerna og nesten til Krokavatnet).


lørdag 24. oktober 2015

Twist`n turn...



Eg var tenkt å ta eit merkeoppdrag mellom Nipebu og Massbu i dag. Men i ròteveiret med sterk vind i fjellet gjorde at eg utsette det til i morgon. Meldingane ser noko betre ut då, så får vi sjå. 

Sekken med merkekjeppane er klar....


I staden tok eg meg ein tur til Dale på Almuen, der eg traff mor mi og Mildrid, syster mi. Saman med Mildrid var to av barnebarna hennar. Han Niklas på 4 år er ein flott kate. Og det var mange kunstar han skulle vise. Han kunne telje til 10 på engelsk, og han kunne plystre og knipse med fingrane. Ja, eg måtte le. 

Kaka tek han likevel då eg seier at han hadde fine kvite tenner, så eg spør om han brukar Solidox eller Colgate - Nei eg brukar Postmann Pat tannkrem... og etter 2 sekund - den varer heilt til morningen....:-)

Etter kaffi, skillingsbollar og is hadde vi oss ein tur på grava til far min der mamma tende lys for helga. 

fredag 23. oktober 2015

Skodde og væte

Elva frå Moldura som renn ned på Neset i Stongfjorden var som to søstre i dag....
Her ved Langedalen omlag halvveges opp.


 Eg tok meg ein dag ferie i dag og ville ta meg ein tur til Langeberga, Moldura og austover for å sjå om det gjekk att sauer der oppe. I god tru på at eg skulle få nokre timar med bra vèr. Slik gjekk det ikkje. For etter å ha kome opp under toppen på Moldura låg skodda ganske tjukk. I tillegg begynte det å regne. Så då bestemte eg meg berre for å toppe ut Moldura å gå ned igjen. Å stane der oppe i skodda var ingen vits. Så slik gjekk det med vèrvindauget til Yr. Det heldt ein god time. Og kvite dottar vart til heile vegger.... Bedre lukke neste gong!

Neset i Stongfjorden


søndag 18. oktober 2015

Lytt til kroppen

Toreheia på fredag


Lytt til kroppen heiter det. Eg kan seie at akkurat det har eg gjort i dag. Eg var nemleg så trøtt og maroder i skrotten i dag eg vakna at eg bestemte meg for å ta det med ro. Ein halvgamal kropp har krav på slikt. Spesielt etter å ha sprunge etter lam i 5-6 timar i går. Børa eg bar opp på Toreheia fredagskvelden sat vel i òg... Så i dag har eg rett og slett vore heime. Trass i det fine vèret. Og gledd meg til ein fotballkamp kl 14.15...

Men etter å ha gitt bilen ein grundig og etterlengta vask til vinteren, kjende eg at eg var minst like nøgd med meg sjølv som om eg skulle ha klatra eit par fjell i staden. Dei har eg vore på utallige gonger før....:-) Ja, så gjekk fotballkampen bra òg. Ofte er gleda av å glede seg til noko den største gleda....


lørdag 17. oktober 2015

Fjellkjære lam 3

Sebastian Asgeir Halgeir og Andreas




Foto
Kalderasnipa 
17/10-15 


Dei gjekk både opp og ned, fram og tilbake og hit og dit....
over hamrar, myrar og sva...
Nei, dei var ikkje enkle desse to her...!

Ringstadstølane og Askvoll

Ein  selfie medan vi venta på bikkja....
I dag gjekk vi opp mannsterke frå Eidsfjorden etter dei fjellkjære lamma - eller Romeo og Julie for den del... 

Etter å ha toppa ut Kalderasnipene gjekk eg bort på den andre toppen (det er to) for å sjå der. Men såg ingen ting. Så bort på den første toppen igjen der dei andre var og sa eg at eg gjekk lenger nord, medan dei andre heldt fram mot Dokka. Og forsyne meg  - eit stykke nord om toppen i nord og ein topp til gjekk lamma. Det kunne ikkje vere tvil. Fram med kikkerten. Litt ekstra puls. Ja, heilt klart to lam - åleine og merka stemde! Fantastisk!

Der står forsyne meg lamma...nei ingen tvil!

Vel, dette var no berre første etappen. Eller knapt nok det for den del. For jammen sette lamma avgarde i god fart, så her var det berre å prøve og halde seg innanfor synsvidde. Etter at dei hadde teke seg ein runddans vest om Kalderasnipene bar det sørover alle haugane, myrane og hammarslaga vest om Dokka og retning Ringstadstølen. Men ned her ville dei aldeles ikkje. Og brått skar dei rett vestover ned bakkane og hamrane retning Eidsfjorden. Heldigvis greidde eg, utanfor synet deira, å springe ned og framom  (ein halsbrekkande manøver..:-) og fekk dei oppatt. Resten av karane kom lenger oppe ilag med Marie R (hadde kome opp frå Ringstad) som kom endå lenger oppe. Likevel skar lamma beint austover og inn bratthenget på sørsida av Dokka. Heldigvis var det no hund på gang i frå Holmedal som kunne berge situasjonen. 

Etter å ha venta både vel og lenge der oppe i lyngen, bestemte eg meg for at nok var nok. I tillegg til at Heidi R var komen opp, var her så rikeleg med folk at ein til eller i frå spelte lita rolla. Iallefall no når det kom folk med hund òg... Så då gjekk eg nordatt opp mot Dokka via Kalderasnipa igjen og til Eidsfjorden. Og etter at eg så var komen heim igjen fekk eg mms frå Heidi der dei drakk kaffi i lag med lamma. End of the game! Endeleg! Happy ending! Så snipp snapp snute så var Romeo og Julie ute. 

Desse turane kjem eg til å hugse med glede. Ja ekstra kjekt er det å ha vore på og omkring Dokka 3-4 gonger, minst, utan at det har vore noko heft å ikkje ha skrive seg i fjelltrimboka. Egentleg ein god fridom ...:-) Og for trimmen og hjelpa til lamma sin del har eg godt samvit. Eg trur det er det viktigaste...:-)


Foto Heidi Ringstad


fredag 16. oktober 2015

Trolsk på Toreheia




Fantastisk merketur på Toreheia etter jobb i dag. Så no er vintermerkinga for hovudlykt komen på plass slik at ein kan halde seg litt i aktivitet denne vinteren òg. 

Eg nådde akkurat solnedgangen på toppen. Det seig på litt lett skodde som kom og gjekk, og nede ved Krikavatna i halvmørkna var det reint trolsk. Spesielt då hjorten brølte i området ved Skylefjellet. Utruleg fasinerande. Flott tur.

I morgon blir det avstad å sjå etter lamma igjen. Som oppfører seg som Ånden som går. Om det blir klaff får tida vise. Interessant er det iallefall. 

søndag 11. oktober 2015

Koseleg på Høgeheia

Olina er jammen flink til å gå på fjellet...


Mangt skal du møte og mangt skal du mestre
(dagen i dag den kan bli vår beste dag...)

Holevika

Godt å sitte i berremeis når det røyner på....

Nina og Anne

Skive med Nugatti på toppen...



Etter å ha fått båten på land i dag tidleg, tok Olaug og eg med oss Olina på den nye fjelltrimposten på Stavenedodden. Og her vart det reint folksomt etter kvart. Så litt sosialt vart det òg.

Høgeheia er eit veldig greitt fjell å gå på både for liten og stor. Passeleg trim. God sti opp frå Holevika, og godt merkt. Absolutt ein fin familietur når vèret tillet det. Men veldig eksponert for dårleg vèr når det er på den måten. I dag var det fint. Rett nok litt vind. Sola forsvann òg. Så det er alltid greitt å ha litt ekstra klede med seg. Spesielt når du ikkje kan springe åleine.  

Og her traff vi eit heilt Askvoll-følgje på veg opp....
Grete og Vigdis med ungar og hundar.

lørdag 10. oktober 2015

Fjellkjære lam 2

Fristadfjellet, Blåfjellet, Atløynipa og Alden.
Foto mellom Kalderasnipa og Dokka.


Som eg avslutta mitt forrige blogginnllegg med, var det avstad for å sjå etter lamma igjen i dag. Eg starta såleis frå Eidsfjorden i 8-tia, og gjekk først opp bakkane mot Eidsvatnet og Kalderasnipa. 

Det går nokre sauer som er sleppte ut igjen oppe i bakkane her. Nokre av dei høgt over fjorden. Men dei tre som gjekk heilt oppe ved nordvestenden av Eidsvatnet, var eg usikker på om høyrde til denne flokken. Eg melde difor desse tre til Heidi på Ringstad, då eg først såg berre to.... 

Elva frå Eidsvatnet


No viste det seg at dette var det siste eg såg av sorten i dag. For etter å ha gått opp på Kalderasnipa, og helde fram til toppen på Dokka, var det heilt fritt for kvite dottar. Då eg så var klar over at det gjekk folk opp frå Ringtad, og såg over området her nede, gjekk eg vidare til Moldura. 

Kjend utsikt frå Dokka.
Bakkevatnet fremst. 


Etter å ha kome ned igjen mot Nyksvatnet, såg eg ein person på stien mot Moldura på motsett side av dalen. Vedkommande såg eg att då han/ho runda kanten på toppen, men personen gjekk truleg ned igjen mot vest og masta som står her. Eg såg iallefall ikkje personen att. 

Eg knipsa eit par bilder, før eg gjekk den vanlege vegen mot nord og toppen av Fagredalen til Fanafjellet. Eitt av dei finaste utsiktsmotiva mine er nede på nordsida. 

Motiv frå dalen mellom Moldura og Fanafjellet,
rett vest frå toppen av Fagredalen

Holmedal, Straumsnes og Dokka frå Moldura.
Nysvatnet t.h.

Deretter heldt eg fram austover til Mannskaret, der eg på søraustsida gjekk opp bratta til Svarthamrane. Fin utsikt til Holmedal her i frå. 

Selfie på Svarthammrane i dag


Det har gått nokre sauer i traktene Siklabergvatnet/Hekkelfjellet, og frå Svarthamrane er det god utsikt hit med kikkert. Men det gjekk etter det eg kunne sjå ingen sauer her heller. Kanskje er dei trekte ned igjen på vestsida av Bakkefjellet mot bygda igjen? Etter å ha fått konstatert dette, tok eg nordover den vanlege ruta til Skålefjellet i Stongfjorden. Toppa ut her, og gjekk ned att stien til Gjerdedalen og bygda. Og vaflar og Cola på butikken. 
Flott tur igjen....!

Ser du nøye etter stakk eg innom hunset på Skålefjellet....


Foto


søndag 4. oktober 2015

Fjellkjære lam


Friskt opp frå Ringstad


I dag vart eg med Halgeir T på jakt etter to lam i området Ringstadstølen Dokka Kalderasnipene. Lammet til Halgeir var observert i lag med eit anna frå Ringstad m.a. på mandag. I tillegg til Halgeir var vi 9 personar frå Ringstad og Holmedal, smått og stort, pluss ein gjetarhund. Vèret var temmeleg grått med skodde i Dokka då vi møttest på Ringstad i 10-tida. No melde vèrvarslinga betre seinare på dag, så vi gjekk friskt avgarde oppover mot Smilderstien. 

Smilderstien har i det siste vore omtale i flotte vendingar. Og etter å ha lese om stien i både Firda og Bygdeavisa, gledde eg meg for første gong å gå opp denne frå Ringstad mot Dokka-traktene. Den hellelagde og steingamle stien, uvisst kor gamal, skal no utbetrast ved hjelp av profesjonelle sherpaer frå Nepal. Dei er ventande om nokre veker. Stien er så klart verneverdig og har stor kulturell verdi. Eit minnesmerke om ei tid då ein støla og mjølka her oppe på sørvest sida av Dokka. Stien skuffa absolutt ikkje slik den ligg i dag. Høgdemeterane gjekk fort unna oppover dei flotte hellene. 










Ringstadstølen var òg eit nytt bekjentskap for meg. Eitt av dei få områda på fastlandet i kommunen eg ikkje har vore på før. Dei ligg nydeleg til opp under sørsida av Dokka. Godt skjerma for nordavinden. Og i tillegg på ei flate over den tyngste bakken, også skjerma for det verste synnavèret (mine antakelsar). 

Anders R synte oss inn i hytta si. Skikkeleg koseleg var ho med fleire overnattingsplassar. 


Ringstadstølen, ei av tre hytter


Ringstadstølen i gråvèr og motlys


Det regna lett då vi tok vidare oppover. Skodda kom og gjekk. Og til tider skapte ho problem med å sjå. Men sidan lamma var observerte litt lenger oppe, rekna vi med at vi fann dei forholdsvis fort. Det synte seg diverre ikkje å stemme. Sjølv om vi delte oss og såg over store område, var lamma ikkje å finne. Så då bar det vidare oppover på vestkanten av Dokka, med utsikt nordvestover til Kalderasnipene og vest til Eidsfjorden. Lamma var heller ikkje å sjå her. Kvar dei så har teke vegen må no fuglane vite - som han sa fyren. Så etter fleire timar på jakt etter dei to fjellkjære lamma, vart enden på visa at 4 av oss gjekk nordover til Nyksvatnet, og returnerte til Holmedal, medan dei andre gjekk ned att til Ringstad. Så då fekk vi dekka området nord om Dokka òg. 


Speidar etter lamma...



Nyksvatnet i Holmedal

Historia om dei to lamma som føretrekkjer fjellivet i staden for heimebøen, held fram. No har eg noko å sjå etter komande helg òg. Så neste tur er allereie under planlegging...


(P.S. Vanskelege lysforhold for fotografering idag, så bilda er ikkje av beste sort)