søndag 13. september 2015

Super jobb ved Rindaelva




Eg var ganske så trøtt i kroppen etter turen i går, men ut på ettermiddagen måtte eg berre bevege litt på meg igjen. Som fleire sikkert ser så er bilda ovanfor frå Skylefjellet. Så det vart til ein standardtur på fjelltrimposten der. Traff forresten Anita og Dag-Tore. Ein liten prat var det tid til før vinden kjølna kroppen. 

Eg er ikkje heilt sikker på kven som hadde utført den flotte jobben med å strekke wire over Rinda-elva. Truleg Wilken Yndestad. Noko som har vore snakk om ei stund. Elva er rett og slett farleg ved stor vassføring. Og ein gong var det like før eg sklei ut i den frådande fossen. Fossen som går rett ut for på nedsida. Fleire gonger har det vore umogeleg å kome seg over (ein kan gå opp Selda lenger nede, men her bør du vere meir kjend for å gå opp. I tillegg er det brattare og lenger til Skylefjellet her i frå). No er det bora feste på kvar side av elva,  i tillegg til ei stålstøtte midt på, og strekt ein stålwire med plast over.  Supert. Stor applaus. 

Rinda-elva med særs lita vassføring

Ingen kommentarer: