onsdag 9. september 2015

Rekognosering

Langevatnet - Skålefjellet t.v.

Skodda sig inn frå havet...
...og sola forsvann...
Eg var ein kjapp tur opp i Fanafjell-traktene etter jobb for å få litt trim og i tillegg sjå etter sauer. Det er sauesanking i Holmedalsfjella på lørdag, noko eg plar vere med på. Greitt å rekognosere litt samtidig som eg får mosjon.  

No vart turen noko kortare enn tenkt då skodda brått seig inn frå havet. Så då var det like godt å kome seg ned att i låglandet. Det var ikkje noko å sjå likevel. No gjekk det som før nokre sauer ovanfor Langevatnet, og det går iallefall 9 ved Skålefjellsvatnet, men etter kva eg har registrert går det færre på Stongfjorden-sida av fjella i år enn før. Lørdag startar eg på Størdalsstauren og går austover, så får vi sjå.... 

Ingen kommentarer: