tirsdag 1. september 2015

Nydeleg på Jamneheiane






I ettermiddag gjekk eg den gamle ruta frå Nordeide via Fisma til Fismavatnet og Jamneheiane. Eg lurte på om det i det heile tatt hadde gått folk frå fjorden og opp skaret til Jamneheiane sidan sist eg gjekk her i fjor sommar. Heilt tilgrodd opp frå Fisma. Men dei gamle vardane eg sette opp står endå. Omgitt av ormegras. Lenger oppe var det fantastisk fint. Nydeleg solnedgang frå heiane. Det er god trim i denne ruta. Og ikkje minst kjekt med noko anna enn det vanlege....

Ingen kommentarer: