søndag 20. september 2015

Moldura Fanafjellet Siklabergvatnet Skålefjellet


Første solstrålane heime

Sol heime....


Eg gjekk opp att mykje av same runde i dag som forrige lørdag under sauesankinga. Starta frå Neset kl 08. Sola var ikkje stått opp på nordsida av fjorden, men heime var det allereie sol.... Ein nydeleg haustmorgon. 

Ein ting merka eg meg fort. Det var veldig vått i graset. Angra ganske kjapt på at eg ikkje tok på meg gamasjane. Buksa var snart våt til opp under knea. No er likevel denne softshell buksa frå Arxteryx slik at ho tørkar fort opp igjen. Men goretex-gamasjar hadde gjort seg. Greitt å ha i bakhovudet framover.  

Etter ein times tid nådde eg opp på toppen av Størdalen, rett vest av Moldura. Og omlag nett på same plassen som lørdag gjekk det 16 sauer. Rett etterpå såg eg endå nokre litt lenger sør. Truleg er det to eigarar av desse iflg. tlf.samtale. Eg gav meg sjølvsagt ikkje inn på å få desse til Holmedal. Det hadde vore døfødt. Eg toppa deretter ut Moldura frå vest, gjekk over toppen og ned att på nordsida. 




Sauene står midt i bildet t.h. for vatnet


Vidare over Fanafjellet, der eg hadde godt utsyn ned i Fagredalen, og mot Mannskaret var det ingenting å sjå. Sauene som gjekk her er komne heim igjen. Men inne ved Siklabergvatnet gjekk det 7 stykker i bakken rett ovanfor vatnet. Desse gjekk ned att mot Holmedalssida og samla seg med nokre andre vest om Hekkelfjellet. Eg har gitt eigaren beskjed om at dei går her. 

På min faste plass:
Godt med ei skive med spekeflesk ved Siklabergvatnet..
Moldura i bakgrunnen.


Aust om vatnet tok eg ruta nord retning Skålefjellet. Eit stykke oppe i bakkane her fann eg mykje ull. Og etter å ha gått litt rundt fann eg klaven, bjølla, og gps sender i lyngen. Deretter kjeven på ein sau. Resten av beingrinda fann eg ikkje. Etter alle solemerker kan ein iallefall registrere eit tap her. Bjølla og resten tok eg med meg i sekken heim igjen.... 

Eg har fleire gonger tenkt på villsauene som går i fjella her sør. Sauer som ikkje har vore mogeleg å få heim igjen. Eg trefte dei i fjor. Og forsyne meg fann eg dei i år òg. For det gjekk 8 beist rett sør om toppen på Skålefjellet. Desse er nesten så sky som hjorten, men jammen greidde eg å kome ganske så nær dei i dag. Ja, dei stoppa faktisk opp då eg kalla. Eg gjorde eit forsøk på å avskjere dei sørover og få dei nedover mot Skålefjellsvatnet og mot Stongfjorden, men det var sjølvsagt klin umogeleg. Iallefall med 5 timar gange i føtene... Så eg rusla ganske roleg ned att mot stien, og den vanlege trimløypa ned dalen til Stongfjorden. 

No får vi sjå om ikkje det blir ettersanking neste helg. Denne helga gjekk visst vekk for somme. Ikkje det - sauene har flott beite i høgda sikkert lenge endå pga den seine våren og snøen som har lege lenge...


Ekte villsauer ved Skålefjellet


Sjølv om sola for det meste forsvann i løpet av dagen, var det ein nydeleg tur i fantastisk haustvèr. Blikkstilt på toppane. Herleg! Og heime igjen passa det utmerka med årets første fårikål middag....







Ingen kommentarer: