lørdag 12. september 2015

Den siste rest av nostalgi...






Skålefjellet for andre gong i dag....

Det haustast....
Dokka og Moldura oppe t.h.

Skålefjellet

...sa Even Vie då eg traff han vest om Fanafjellet. Som så mange andre har dei også slutta med sau. Han hadde gått opp frå Størdal i lag med Bjørn Klausen. Eg sjølv gjekk opp frå Neset til Størdalsstauren. Eg tykte det var godt sagt. Det ligg mykje nostalgi i sauesanking. Kjekt er det. Og så gjer ein jo òg noko nyttig i fjellet slike dagar. 

I dag må eg likevel seie det kosta. 7 timar utan pause og mat. For nista åt eg opp då eg kom heim. Men etter 6 stive timar fekk eg iallefall i meg noko drikke.... For rennande vatn var rein mangelvare i dag. Faktisk veldig tørt i fjellet no. (Som du les så bryr eg meg ikkje så mykje om verken vått eller tørt slike dagar. Havregraut til fukost og rikeleg med drikke før eg går held lenge...).

Det bles godt i dag. Omlag alle plassar. Søraust vind som var ganske så kald i høgda. Men eg hadde utrusta meg bra med klede. Og det trong eg etterkvart som dagen gjekk. 

Første store flokken traff eg vest om Fanafjellet. Og rett etter kom Even og Bjørn. Heile flokken reiste sørvest-over mot endå ein flokk vest om Moldura. Even og Bjørn gjekk etter dessee. Eg sjølv heldt fram austover, og fekk ut att nokre til som stod att lenger inne. Deretter gjekk eg over Fanafjellet innover. 

Eg traff på dott, på dott på dott med sauer. Spreidde over alt. Litt av ein jobb, fram og tilbake, opp og ned høgdedrag, for å få samla mest mogeleg av desse. Mestparten gjekk opp att Fagredalen mot dei andre flokkane lenger vest, og vart plukka opp av mannskap vest om Moldura. Dei andre sauene stod att lenger nede i dalen, og vart plukka opp at annan mannskap....

Eg gav deretter beskjed om at eg heldt fram til Mannskaret.  Fekk ned ein del som gjekk på sørsida her, og gjekk så opp på Svarthamrane.. Her i frå fekk eg auge på 5 sauer til rett sør av Skålefjellet. Desse førte eg så til Siklebergvatna i sør, og gav beskjed om desse òg. Så nord att til Skålefjellet for andre gong, der eg plukka opp 6 stk nedom Skålefjellsvatnet. Desse følgde eg så opp att mot Mannskaret til Holmedalssida. Då var kreftene mine i ferd med å renne ut, så eg bestemte meg for å gå ned att Gjerdedalen til Stongfjorden. 

Puh - det var slitsomt dette. Så i kveld er eg reint maroder i kropp og føter..... Truleg blir eg med på ettersanking fleire gonger. For at det går att meir sau i Holmedalsfjella, ja det er sikkert. Fint dette, for då har eg noko å gå etter....:-)
Desse siste tok reint knekken på meg...


Ingen kommentarer: