Facebook

tirsdag 29. september 2015

Dokka in memorandum

Holmedal og Straumsnes
Frå Dale - Dokka t.h.

Eg kom så godt i gang med eit tilbakeblikk på fjelltrimsesongen på Eitrenipa for 7 år sidan at eg like godt tok med meg Dokka i same slengen. Den står òg på programmet for komande sesong.  Med desse to favorittane mine på programmet, er det kjekt å mimre litt. 

Alle desse turane tok eg på eigahand. Og nesten alle gjekk opp ranen. Ein enkel og rask veg opp. Denne sesongen starta eg seint på turane sør på (Stølsfjellet, Hjartåsen og Dokka) då vinteren og mørketida for det meste gjekk med til Eitrenipa og Høgeheia på Staveneset. 




































5. juli 09 Perfekt temperatur (inkl Stølsfjellet & Hjartåsen)













9. september Uventa feriedag (inkl Stølsfjellet)







søndag 27. september 2015

Ei runde sør om

 Holmedal
Ovanfor Brekka i Gjerdedalen
(mobilbilder)


Ingen fjell i går. I staden tok eg meg ei handlerunde til Førde. På ettermiddagen vart det gebursdagsfeiring. 

I dag venta vi middagsbesøk. Så då tok eg tidleg avgarde. Var tenkt meg på Moldura og Størdalsstauren. Men då eg parkerte bilen på Neset, traff eg Ansgar Bjarne på tunet, og han kunne fortelle at det låg hjortejegerar oppe i terrenget. Så då køyrde eg inn att i Gjerda i staden. Runda vart difor om Skålefjellet, sør til Siklabergvatnet, og opp igjen til Mannskaret. For deretter å returnere den merka stien til Stongfjorden. 

Flott tur, sjølv om sola uteblei. Men i dag såg eg ingen sauer. Hadde kanskje trekt ned i låglandet i det dårlege vèret siste dagane....


torsdag 24. september 2015

Ei kosestund i kråa...

Eitrenipa 9/11-08

Eitrenipa står på programmet igjen for komande fjelltrimsesong, så eg tok meg ein trip down memory lane... På sett og vis er det vel eit gamalmanns trekk å sjå bakover i tid i staden for framover. (Men no tek eg meg sjølv ikkje så høgtideleg). Og utgangspunktet mitt var nok ikkje å mimre så mykje med bloggen før eg sat på heimen, men med Eitrenipa får det no so vere. Det er favorittfjellet mitt i Askvoll.  


Frå sør og Nordre Kringla
Frå nord og Leknesvatna
Frå vest og Krokavatnet

Frå aust (t.h) og Blegja



Alt har si tid heiter det visst. Så også med å springe fjell. Og på mange måtar er eg glad for at eg har roa meg ned litt i sofaen heime. Kan sove middag for den del, utan å måtte renne på fjellet. Klisjèn er nok å finne ein balanse med det ein driv med. For mykje av det gode er sikkert ikkje bra det heller. Det kan jo gå mani i ting òg. Om så er tilfelle med serien under kan sikkert diskuterast. Spøken var jo på denne tid at ein kunne risikere at det  kom folk i kvite frakkar og henta ein.... Under er iallefall turane på Eitrenipa sist det var fjelltrimpost. (Eg treng vel ikkje ile til for å seie at eg har vore her etterpå òg...:-)











Agnar på Leknesvatna








Steinkald og forfriskande romjulstur







Eit frose inferno ved Eitrefossen













Påsketur med Vigdis







Sillan og Ida



Med fruen






Ein heil bunch







Lett poserande...



Fin utsikt...





+ to turar eg har hoppa over i farten....


Ja, ja så slik er det. Kjekt å sjå tilbake på. Eitrenipa står der oppe akkurat på same måten i dag som då (eg glytter opp kvar dag når eg køyrer forbi).... Men nokre nye vardar sette eg opp hi helga. Litt eldre i skinnet er vel vi levande. Men  kva som skjuler seg under topplokket er nok det viktigaste. Uansett er det dagen i dag som tèl...!  Og akkurat den kjem aldri meir att....


onsdag 23. september 2015

Nye postar på fjelltrimmen...

Soloppgang på Eitrenipa 28/12-08
(då fjellet var post på fjelltrimmen sist)

Det blir lagt ut nye postar på fjelltrimmen i Askvoll 11.oktober. Samtidig blir dei gamle tekne ned. Dei nye ligg ute til oktober 2016.

Underteikna kjenner desse fjella godt. Og vedlagt ligg YouTube-bildeseriar om nokon er interesserte. Fjella er greie å gå sommarstid. Men om hausten og vinteren kan forholda vere utfordrande. Eg vil spesielt nemne Eitrenipa og rutene frå nord via Leknesvatna (som er den naturlege vegen frå Askvoll) og frå Dale-sida i sør gjennom Fossedalen og Eitreskaret. (Frå aust og frå Blegja/Blåegga er det ingen som går om vinteren). 

Snøforholda er ofte heilt annleis her oppe enn i låglandet. Ikkje sjeldan ligg det skare og is i dei bratte skara. Spesielt i det øvste skaret der rutene frå nord og sør møtest.  Det kan vere direkte farleg å ta seg opp om du ikkje har rett utstyr. Så du bør vere ekstra obs om du vil gå under vinterforhold. Unnasols som denne sida av fjellet også ligg om vinteren. 

Første skåra frå høgre mot venstre

Andre skaret frå nord opp t.h.
(Brattare i det tredje)

Det er ikkje ufarleg på Eitrenipa om vinteren....
(ved siste oppstigninga i det tredje skaret)



Eit anna punkt er opp strengen ved Eitrefossen. Området rundt er dessutan ofte isa på av drèvet frå fossen, og ein treng broddar (eller stegjern). 


Strengen opp ved Eitrefossen
Det ligg ofte is ved Eitrefossen








Eitrenipa frå vest i påskeskrud
(skara frå nord og sør møtest midt på fjellet ca 70 meter under toppen)
(dei to skårane t.v  under toppen er òg mogelege å gå opp)




Toppartiet av Stølsfjellet i Rivedal kan òg vere litt tricky om snøforholda er vanskelege. Likeeins kammen opp Dokka, men her er det greitt å gå om Nyksvatnet om forholda tilseier det. Høgeheia og Hjartåsen er flotte å gå på heile året, lægre og lenger ute ved kysten som desse ligg. 


Eg kjem heller ikkje i år til å konkurrere på fjelltrimmen, grunna arbeidstida mi, pendling og familie, men stikk oppom toppane ved høve. Ha ein fin ny fjelltrimsesong. Og framfor alt  "take care"!

tirsdag 22. september 2015

Du store mi tid....






...for eit lys det vart her oppe på fjellet i kveld. Eg tok nemleg trimrunda heime i frå til Krikavatna, Skylefjellet og Mangevatna, og fekk oppleve ein praktfull solnedgang. I tillegg spegla den låge sola skyene i alt slags varme fargar. Og landskapet låg bada i gull. Det var magisk. Og eg heldt aldeles på å gløyme meg vekk av at mørket seig på nede igjen på skuggesida. Fantastisk!



Stølsfjellet, Rivedal 2015


Ser at Stølsfjellet i Rivedal er ein av postane på fjelltrimmen i Askvoll frå 11. oktober og til oktober 2016. Eg sette difor i hop ein bildeserie her i frå, då eg tidlegare har samla fjellet ilag med nokre andre i ein litt for stor samlesekk kalla Rivedalsfjella

Bilda er stort sett frå forrige gong fjellet stod på programmet, og er prega av haust og væte.... 



søndag 20. september 2015

Moldura Fanafjellet Siklabergvatnet Skålefjellet


Første solstrålane heime

Sol heime....


Eg gjekk opp att mykje av same runde i dag som forrige lørdag under sauesankinga. Starta frå Neset kl 08. Sola var ikkje stått opp på nordsida av fjorden, men heime var det allereie sol.... Ein nydeleg haustmorgon. 

Ein ting merka eg meg fort. Det var veldig vått i graset. Angra ganske kjapt på at eg ikkje tok på meg gamasjane. Buksa var snart våt til opp under knea. No er likevel denne softshell buksa frå Arxteryx slik at ho tørkar fort opp igjen. Men goretex-gamasjar hadde gjort seg. Greitt å ha i bakhovudet framover.  

Etter ein times tid nådde eg opp på toppen av Størdalen, rett vest av Moldura. Og omlag nett på same plassen som lørdag gjekk det 16 sauer. Rett etterpå såg eg endå nokre litt lenger sør. Truleg er det to eigarar av desse iflg. tlf.samtale. Eg gav meg sjølvsagt ikkje inn på å få desse til Holmedal. Det hadde vore døfødt. Eg toppa deretter ut Moldura frå vest, gjekk over toppen og ned att på nordsida. 




Sauene står midt i bildet t.h. for vatnet


Vidare over Fanafjellet, der eg hadde godt utsyn ned i Fagredalen, og mot Mannskaret var det ingenting å sjå. Sauene som gjekk her er komne heim igjen. Men inne ved Siklabergvatnet gjekk det 7 stykker i bakken rett ovanfor vatnet. Desse gjekk ned att mot Holmedalssida og samla seg med nokre andre vest om Hekkelfjellet. Eg har gitt eigaren beskjed om at dei går her. 

På min faste plass:
Godt med ei skive med spekeflesk ved Siklabergvatnet..
Moldura i bakgrunnen.


Aust om vatnet tok eg ruta nord retning Skålefjellet. Eit stykke oppe i bakkane her fann eg mykje ull. Og etter å ha gått litt rundt fann eg klaven, bjølla, og gps sender i lyngen. Deretter kjeven på ein sau. Resten av beingrinda fann eg ikkje. Etter alle solemerker kan ein iallefall registrere eit tap her. Bjølla og resten tok eg med meg i sekken heim igjen.... 

Eg har fleire gonger tenkt på villsauene som går i fjella her sør. Sauer som ikkje har vore mogeleg å få heim igjen. Eg trefte dei i fjor. Og forsyne meg fann eg dei i år òg. For det gjekk 8 beist rett sør om toppen på Skålefjellet. Desse er nesten så sky som hjorten, men jammen greidde eg å kome ganske så nær dei i dag. Ja, dei stoppa faktisk opp då eg kalla. Eg gjorde eit forsøk på å avskjere dei sørover og få dei nedover mot Skålefjellsvatnet og mot Stongfjorden, men det var sjølvsagt klin umogeleg. Iallefall med 5 timar gange i føtene... Så eg rusla ganske roleg ned att mot stien, og den vanlege trimløypa ned dalen til Stongfjorden. 

No får vi sjå om ikkje det blir ettersanking neste helg. Denne helga gjekk visst vekk for somme. Ikkje det - sauene har flott beite i høgda sikkert lenge endå pga den seine våren og snøen som har lege lenge...


Ekte villsauer ved Skålefjellet


Sjølv om sola for det meste forsvann i løpet av dagen, var det ein nydeleg tur i fantastisk haustvèr. Blikkstilt på toppane. Herleg! Og heime igjen passa det utmerka med årets første fårikål middag....







onsdag 16. september 2015

Toreheia_Ytrevågefjellet 160915




Eg gjekk turen om Rinda, Krikavatna, Toreheia, Ytrevågefjellet og til Osland heime frå etter jobb i ettermiddag. Veldig greitt å sleppe og køyre nokon stad for å gå på fjelltur! Det heldt greitt med lyset. Men ikkje så mykje meir.... I flott temperatur, delvis sol og ganske tørt i lendet vart det ein kjempeflott tur. Fin trim. Og så fekk eg rapportert litt om stoda ikring sauene som går der oppe... Slikt blir alltid sett pris på.