søndag 9. august 2015

Live animasjonteater i Dale




Vi var på eit veldig interessant "visuelt dikt" med namn "Rusty Nails & Other Heroes i løa i Klokkargarden i dag. Framført av tamtamtheater frå Nederland. Overlete til publikum å danne seg ei historie av "bos" flytta på eit lysbord av to kunstnarar. Dei visuelle skrotetinga  viste att som symbol på ein skjerm. Ingenting vart sagt, men musikk var sett inn som kulisser til lysbilda. Veldig interessant var det. Sjå elles foto av programmet ovanfor.

No fekk vi ikkje ta bilder eller video i låven i dag. Men eg fekk ta eit par bilder etterpå av aktørarane, bildebordet og skjermen. 

Elles er det alltid kjekt å kome til Klokkargarden i Dale. Kaffi og kaker høyrer sjølvsagt til hjå "Lisa i Li" - ope kvar søndag frå kl. 14-17. Eit par av søskena mine hadde òg teke turen. Ei fin stund i Dale dette. 

Ingen kommentarer: