Facebook

søndag 16. august 2015

Lite fjelltrim....



  






 
Med dobbelt besøk frå Bergen i helga, og gebursdag å feire, vart det ikkje prioritert fjell i helga. I staden var vi på besøk til familie og kjende i Dale. 

Det er Dalsfjordveke om dagen, og den tradisjonelle torgdagen gjekk av stabelen i går. Vèret spelte delvis på lag med arrangørane. Noko som sjølvsagt hadde innverknad på at det kom mykje folk denne gongen. Ja, det var ein aura av sydlandsk stemning både av menneske og lukter i sentrum. 

Lørdagen gjekk difor med i sosialiseringens lys, og prat med kjentfolk, både ved boder og matfat. I tillegg hadde dei politiske partia stand i høve kommunevalet til hausten. Og vart utforda for åpen scene om sine lovnader og prioriteringar. Som vi veit går kommunane tøffe tider i møte både når det gjeld økonomi og samanslåingar. Og folk er forskjellige...Fint at lokademokratiet fungerer...   

Dagen i dag går med til meir selskap og sosialt samvære med familien. Det vert difor lite tid til fjelltrim, sidan det òg står nokre interessante fotballkampar på programmet. Vèrmeldingane for neste veke ser jo lovande ut.... Og fjella står no der...

Legg inn en kommentar