fredag 7. august 2015

Imponerande på Staveneset

Frå agenthola

Kurt Rutledal (Alfred Bamse) fortel om agentane på Staveneset


Utsikt frå agenthola

Jeff Pedersen

Arnfinn Haga fortel om historia på Staveneset

Klipp frå Framsyninga

Jon Werede Hope, Simon Standal Pavelich, Reidun Melvær Berge, Berit Einemo Frøysland

Berit Einemo Frøysland

Anna Einemo Frøysland

ds

Simon Standal Pavelich


Det var ei utruleg interessant og givande førestilling frå krigshistoria på Staveneset der ute i kveld. I scenesett av Jeff Pederen, og skrive av Rolf Losnegård. På utescene under grantre og hamrar var det laga til eit veldig flott område der historia utspann seg. Imponerande spelekunst. 

Før sjølve førestillinga var vi ein heil gjeng opp i holene der dei engelske agentane gøymde seg. Litt bakgrunnstoff vart formidla av Alfred Bamse. Skikkeleg kjekk kveld. 

Etter kva ein forstår er det nokre få ledige billettar til lørdag og søndag.



Jeff Pedersen Produksjonar heidrar 70-års jubileet for slutten på andre verdskrig med ei nyskriven framsyning. "Staveneset.Krig" er ei gripande historie om det unge forlova paret Anton Hollevik og Oddny Saltskår som tok vare på alierte telegrafistar og gøymde dei i holer på Staveneset under krigen. Oddny og Anton blei til slutt tekne og torturert av Gestapo. Staveneset.Krig er eit intim-drama framført i ei hole på Staveneset, på den same staden der telgrafistane gøymde seg. "Staveneset.Krig" er støtta av Askvoll Kommune. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og Cappelen Damm forlag. 

Det vil bli guida turar til hola der telegrafistane budde.

Sal av mat og drikke på “rasjonerings-stasjon”.

Liten varsel: Forstilling er ut i terrenget og ein må har gode sko og ganske gode bein!

We honor the 70th anniversary of the end of World War II with an original production. Staveneset.Krig is an intimate historical drama about the young engaged couple Anton Hollevik and Oddny Saltskår who protected and supported Allied telegraph agents during WWII, hiding them in a cave in Staveneset. Oddny and Anton were eventually captured and horrifically tortured by the Gestapo. Staveneset.Krig will be performed in a cave in Staveneset, in the same mountain where the agents hid. A gripping and dramatic story featured in the recent book Nødrop fra Staveneset. Staveneset.Krig is being developed with support from Askvoll Kommune og Sogn, Fjordane Fylkeskommune, and Cappelen Damm Publishing.

Forstillingar:

Fredag, 7. august: kl19
Laurdag, 8. august: kl13, 16, 19
Søndag, 9. august: kl13, 16

Billettpris:
Under 20 år: kr.100
Vaksne: kr.250
Billettar kan kjøpast på www.ticketco.no og i døra.

Buss frå Stongfjorden sentrum 30 og 60 minutter før kvar forstilling.

INGEN PARKERING PÅ STAVENESET!

Manus av Rolf Losnegård
Regi av Jeff Pedersen
Koreografi av Gareth Taylor
Scenografi av Håvard Arnhoff
Lyd Design av Viljar Losnegård
Med Reidun Melvær BergeSimon Standal PavelichJon Werede Hope,Anna Einemo Frøysland og Berit Einemo Frøysland


Besøk jeffpedersen.no for meir detaljer!

Ingen kommentarer: