torsdag 6. august 2015

Ei lita omvisning







I går kveld tok eg med meg Marie, kjærasten Øyvind og Olaug på Skålefjellet i Stongfjorden. Mest for at Marie skulle få med seg toppen som del av fjelltrimprogrammet. Verken ho elller Øyvind hadde gått Gjerdedalen og Brekka opp. Så dette vart ei ny erfaring for dei. 

Brekka er jo litt utfordrande for dei som ikkje er vane med å gå i bratt "urskog", spesielt ned igjen. Eg sjølv synest dette er ein rask og grei veg til toppen av fjellet. Stien er godt oppgådd òg no. Og ned igjen er det berre å "angripe" bratta med gode sko som Inov8 og Meindl...:-) Ikkje det - eg høyrde verken Marie elller Øyvind klage... Dei sprudla som turtelduer...

Kvelden vart jo fantastisk med nydeleg vèr. Litt kald vind var det på toppen, men ikkje verre enn at vi tok oss ei runde der oppe slik at eg fekk vist litt av fjella og landskapet rundt omkring. 



Dei fleste som les bloggen min kjenner vel utsikta frå Skålefjellet. Her er likevel ein videosnutt frå ulike vinklar. Grovt sett ser vi i vest Moldura og toppen av Alden og mot Heggøyna, Smelværet, Staveneset og øyane i Florabassenget. I nord mot Florø og Bremangerlandet, i nordaust mot Ålfoten, Håsteinen og Førdefjorden. I aust ser vi alle dei kjende fjella mot Nipebutraktene som Blegja, Storehesten, Eitrenipa, Kringla og framfor dei Porten, og Portafjellet. I søraust ser ein mot Rivedalstraktene og Heileberget i Dale, og i sør mot Holmedalsfjella. Skålefjellet er lett å kjenne att frå alle desse toppane med si karateristiske spisse form mot nord. Dette er veldig spesielt sidan alle (nesten) fjella her har motsett form med slake ryggar frå nord og bratt utfor i sør. Av det kjem ordet "Nipe"...


Skålefjellet litt t.h oppe. Foto frå Blegja.

Vi tok forresten ruta om Skålefjellsvatnet ned igjen. Denne har eg merka godt med vardar, så det er ingen problem med å ta seg opp eller ned. Dette er ruta vi brukte mest før, og den som står nedteikna i Oppturboka. Dette er litt lenger, men kanskje lettare, og ikkje fullt så bratt som over hammaren ved første elva. 

Kjempeflott kveldstur!

Ingen kommentarer: