Facebook

mandag 31. august 2015

My worst nightmare




...came (again) true in Bergen, Norway on Saturday. Derby with the early kick off against Leeds at the iPro, and me on a travel to Bergen with no coverage of the match. Restlessly walking up and down the streets on a hunt for somewhere broadcasting the match on Sky...

Well, the clock was ticking against one o`clock when I saw a big Leeds banner outside a pub. Really distressed I walked inside the crowd, and proudly but calmly said to the bartender I am a Rams supporter, and asking for a cup of coffee and a coke for my son...! Having said that I must stress that I`m not a big guy, and have a rather slim body, so maybe that`s why the man behind the desk said me and my son could go down to the cellar, and to a dark corner, where there was a telly. In the main cellar, some meters away, there were a hord of Leeds supporters ... My son clearly said - father don`t yell if Derby scores!

I`m so proud about the players entering the field. Tears in my eyes and my heart beating fast...! But what happens. Leeds fans applauding! And my son and me sitting there embarressed about the play. No guts. No muscles. No lust for winning? Then Leeds scored and the whole cellar exploded... So it suddenly stroke me - the play on the ground was just like the show in the cellar - easy match! Me with my coffee was just like the Rams-players, and the Leeds fans with their beers like the Leeds squad on the pitch - in hunt for blood. "Dirty-Leeds" - but were they dirty? Not really this time I suppose, last year they were - now only better! To be honest, one of the Leeds-fans came over in the break saying it was the best he had seen Leeds play this season... I tried rather cowardly saying it was no corner that laid to the goal, but admitted we`d been outplayed... 

The second half started like a storm of rampant Rams. Out of nothing the whole game changed. And when Martin scored there was a loud single outburst in the cellar screaming YEEESSS - when I came to mind what I had promised my son. And afterwards, when the Rams played for some ten minutes more, there was not a single sound in the cellar - everyone waiting for the next Derby goal. But as the minutes passed away the Derby-players seemed to run out of ideas, playing backwards rather than forward. And when George Thorne limped off, and Johnny ran out of steam and was replaced, I was expecting the worst... 

About a quarter to go my son whispered - they`re gone lose. Yes, and rightly so, the hunt for blood was over when again the cellar exploded, and I sneaked out the backdoor. Humiliated once more. The QPR-feeling. Angry. With tears in my eyes. It shurely ain`t no easy job being a Derby supporter.... And for 45 years I`m still waiting for that little bit of glory. The waiting and the joy of being a part of the best fans and the best club in the world - my dearest Derby County... COYR! 


Gustav
 - and old Ram from Norway!




Helg i Bergen


Sparebanken Vest sitt nybygg







Vi hadde oss ei veldig kjekk familiehelg i Bergen denne helga. Inkludert ei særs humørfylt parodiering av Shakspeare på Den Nasjonale Scene. Byen og sentrum var prega av mykje turistar og valprogram. Fjell og tur vart det ikkje anledning til. Ja, bortsett frå handel og trakk i sentrum og i Åsane. Detaljar frå helga lèt eg ligge som privat, men vedlagt nokre bilder...

Bergenstur 28-30/8

Bergenstur 

torsdag 27. august 2015

Fin middag


Eg gjekk opp igjen på vidden i går kveld og fiksa meg ein ny middag. No var det ikkje same draget i det som sist, så eg sleit litt med å få dei 5, men var godt nøgd til slutt. Det var heller ikkje nett same temperaturen som sist. I tillegg kom det ein del regnbyger. Men godt med klede i sekken berga turen. så i dag er det berre å sjå fram til ein god middag. 

God middag var det forresten i går òg - heimelaga kjøtkaker, og desserten etterpå tok eg på fjellet - ferske molter...:-)


tirsdag 25. august 2015

A collection



Video-klipp av bilder frå i sommar.
Musikk "Paint a broken world" - Telescope.


søndag 23. august 2015

Ut mot havet...



Avslutninga på ei flott helg tok Olaug og eg ute ved havet...
Fint i solnedgangen....

Reine syden (på land)...


Flott søndagsmorgon kl 06.30

I dag vart det ein tidleg morgontur på Skålefjellet. Skuggen opp gjennom Gjerdedalen var forfriskande. 

Seinare vart det eit bad i fjorden... Ikkje akkurat Middelhavstemperatur, så det heldt med den eine dukkerten...


Elles vart det grill med familien på altanen. Ja her vart det nesten for varmt i den steikande sola. Reine syden. Sommar i slutten av august! Ein søndag å sette pris på dette.  


lørdag 22. august 2015

Fjell, kjø og molter...


I dag tok eg med meg fiskestonga på fjelltur, og fekk meg eit par middagar med på kjøpet.... Flott fjellkjø som passar ypparleg som steikefisk. Moro!

I tillegg var det bra med molter der eg gjekk, men desse likar ikkje Olaug, så eg heiv likegodt innpå det eg var god for, Molter meittar meir enn blåbær, som det òg var sorten av. Fin tur!

fredag 21. august 2015

Sidan sist...

... har eg vore oppom Skylefjellet igjen i fantastisk temperatur, tørt og fint. I tillegg tok eg meg ei rykkje i går kveld og fekk all veden i hus. Tørr og fin den òg. Det er alltid god mosjon i ved...:-)


tirsdag 18. august 2015

Kveld og morgon


Nydeleg trimtur på Skålefjellet igjen. Standard kan du seie, men vèret, vèret er heilt fantastisk. Stilt og varmt. Nesten utruleg å stå på denne eksponerte toppen ute ved havet og det er heilt vindstille. Flatt hav så langt auget kan sjå... Og så mykje lettare det er å komme seg opp utan klede, og i berre joggesko. Fantastisk trim! 




...Og her er Skålefjellet frå soveromsglaset i dag tidleg klokka 05.40....


søndag 16. august 2015

Trim likevel...

Svanøya og øyane i Florø

Krikavatnet og Skålefjellet bakerst

Mot Staaveneset og Alden


Ja, så vart det ein kjapp fjelltrimtur på Skylefjellet i kveld likevel. I berre shortsen. Fantastisk flott, stille og bra temperatur. Men det var vått og noko gjørmete... Godt å få røyne seg litt så ein er klar for kontorstolen igjen i morgon... 

Lite fjelltrim....



  






 
Med dobbelt besøk frå Bergen i helga, og gebursdag å feire, vart det ikkje prioritert fjell i helga. I staden var vi på besøk til familie og kjende i Dale. 

Det er Dalsfjordveke om dagen, og den tradisjonelle torgdagen gjekk av stabelen i går. Vèret spelte delvis på lag med arrangørane. Noko som sjølvsagt hadde innverknad på at det kom mykje folk denne gongen. Ja, det var ein aura av sydlandsk stemning både av menneske og lukter i sentrum. 

Lørdagen gjekk difor med i sosialiseringens lys, og prat med kjentfolk, både ved boder og matfat. I tillegg hadde dei politiske partia stand i høve kommunevalet til hausten. Og vart utforda for åpen scene om sine lovnader og prioriteringar. Som vi veit går kommunane tøffe tider i møte både når det gjeld økonomi og samanslåingar. Og folk er forskjellige...Fint at lokademokratiet fungerer...   

Dagen i dag går med til meir selskap og sosialt samvære med familien. Det vert difor lite tid til fjelltrim, sidan det òg står nokre interessante fotballkampar på programmet. Vèrmeldingane for neste veke ser jo lovande ut.... Og fjella står no der...

lørdag 15. august 2015

Å springe frå tida....

 mobilfotos

Ahh - herleg ! 
Super temperatur, og i berre shorts og joggesko på Skålefjellet i går kveld...
Det er slike raske trimturar som er fantastiske. Men no er eg blitt for gamal til å ta tida....:-) Den kan ein ikkje springe frå likevel....





onsdag 12. august 2015

I grenseland...

 

Mobilfotos

Fin trimtur på Skylefjellet igjen i kveld. Traff Dag Tore og Anita oppe i skogen. Og litt lenger oppe, på Rinda, Harald Skår. Eg slo av ein liten prat med sistnemnde. Han spanderte på meg ein neve med molter han hadde plukka. Det smakte godt. Elles sprang eg i berre shortsen. Det var i grenseland...:-)

søndag 9. august 2015

Live animasjonteater i Dale




Vi var på eit veldig interessant "visuelt dikt" med namn "Rusty Nails & Other Heroes i løa i Klokkargarden i dag. Framført av tamtamtheater frå Nederland. Overlete til publikum å danne seg ei historie av "bos" flytta på eit lysbord av to kunstnarar. Dei visuelle skrotetinga  viste att som symbol på ein skjerm. Ingenting vart sagt, men musikk var sett inn som kulisser til lysbilda. Veldig interessant var det. Sjå elles foto av programmet ovanfor.

No fekk vi ikkje ta bilder eller video i låven i dag. Men eg fekk ta eit par bilder etterpå av aktørarane, bildebordet og skjermen. 

Elles er det alltid kjekt å kome til Klokkargarden i Dale. Kaffi og kaker høyrer sjølvsagt til hjå "Lisa i Li" - ope kvar søndag frå kl. 14-17. Eit par av søskena mine hadde òg teke turen. Ei fin stund i Dale dette. 

Skipla planar

Eg var egentleg tenkt meg avstad å fiske i fjellet i dag tidleg, men vèret var så elendig då eg vakna i 06 tida at eg skipla dei planane. I staden sov eg frukost på sofaen. Det vart i staden til at ein standard trimtur på Skylefjellet, raskt opp og springing heim igjen. Det fekk halde med dette i dag, sidan vi bestemte oss for ein tur i Klokkargarden i Dale. Der er det teaterframsyning i låven kl 15.


lørdag 8. august 2015

Våt hud...

Var ein kjapp tur på Skålefjellet igjen i føremiddag for mosjonen sin del. Det vart vått. Skikkeleg vått. I joggesko og shorts. Så då blei det full peising både opp og ned.... Så søla og gjørma stod. For etter nokre styrtebyger med veksande elvar ned fjellsidene var eg tilnærma svart då eg sprang ned igjen. Greitt då at det er kort veg heim i dusjen.... På toppen gav eg meg tid til desse to mobilbilda....

fredag 7. august 2015

Imponerande på Staveneset

Frå agenthola

Kurt Rutledal (Alfred Bamse) fortel om agentane på Staveneset


Utsikt frå agenthola

Jeff Pedersen

Arnfinn Haga fortel om historia på Staveneset

Klipp frå Framsyninga

Jon Werede Hope, Simon Standal Pavelich, Reidun Melvær Berge, Berit Einemo Frøysland

Berit Einemo Frøysland

Anna Einemo Frøysland

ds

Simon Standal Pavelich


Det var ei utruleg interessant og givande førestilling frå krigshistoria på Staveneset der ute i kveld. I scenesett av Jeff Pederen, og skrive av Rolf Losnegård. På utescene under grantre og hamrar var det laga til eit veldig flott område der historia utspann seg. Imponerande spelekunst. 

Før sjølve førestillinga var vi ein heil gjeng opp i holene der dei engelske agentane gøymde seg. Litt bakgrunnstoff vart formidla av Alfred Bamse. Skikkeleg kjekk kveld. 

Etter kva ein forstår er det nokre få ledige billettar til lørdag og søndag.



Jeff Pedersen Produksjonar heidrar 70-års jubileet for slutten på andre verdskrig med ei nyskriven framsyning. "Staveneset.Krig" er ei gripande historie om det unge forlova paret Anton Hollevik og Oddny Saltskår som tok vare på alierte telegrafistar og gøymde dei i holer på Staveneset under krigen. Oddny og Anton blei til slutt tekne og torturert av Gestapo. Staveneset.Krig er eit intim-drama framført i ei hole på Staveneset, på den same staden der telgrafistane gøymde seg. "Staveneset.Krig" er støtta av Askvoll Kommune. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og Cappelen Damm forlag. 

Det vil bli guida turar til hola der telegrafistane budde.

Sal av mat og drikke på “rasjonerings-stasjon”.

Liten varsel: Forstilling er ut i terrenget og ein må har gode sko og ganske gode bein!

We honor the 70th anniversary of the end of World War II with an original production. Staveneset.Krig is an intimate historical drama about the young engaged couple Anton Hollevik and Oddny Saltskår who protected and supported Allied telegraph agents during WWII, hiding them in a cave in Staveneset. Oddny and Anton were eventually captured and horrifically tortured by the Gestapo. Staveneset.Krig will be performed in a cave in Staveneset, in the same mountain where the agents hid. A gripping and dramatic story featured in the recent book Nødrop fra Staveneset. Staveneset.Krig is being developed with support from Askvoll Kommune og Sogn, Fjordane Fylkeskommune, and Cappelen Damm Publishing.

Forstillingar:

Fredag, 7. august: kl19
Laurdag, 8. august: kl13, 16, 19
Søndag, 9. august: kl13, 16

Billettpris:
Under 20 år: kr.100
Vaksne: kr.250
Billettar kan kjøpast på www.ticketco.no og i døra.

Buss frå Stongfjorden sentrum 30 og 60 minutter før kvar forstilling.

INGEN PARKERING PÅ STAVENESET!

Manus av Rolf Losnegård
Regi av Jeff Pedersen
Koreografi av Gareth Taylor
Scenografi av Håvard Arnhoff
Lyd Design av Viljar Losnegård
Med Reidun Melvær BergeSimon Standal PavelichJon Werede Hope,Anna Einemo Frøysland og Berit Einemo Frøysland


Besøk jeffpedersen.no for meir detaljer!