Facebook

lørdag 4. juli 2015

Høgt og lågt




I dag hadde eg meg ein god dorgetur på fjorden etter laksen eg miste torsdagen. Den gang ei. Ein og annan makrel  slo seg på, men den var eg ikkje interessert i i dag. Så den sym framleis i fjorden. Men du verda kor fint det var å dorge langs landet utover. Eg flata fort ut i båten og fann beste stillinga i den strålande sola. 

Litt seinare på dag vart eg lei av å sitte i ro på altanen, så då stakk eg oppom Skålefjellet. I berre shortsen. Og i eit mylder av fandenvoldske fluger som eg skreiv om på LysandeStemningar hin dagen:

 Det beit meg ei fluge på nasa mi raud
ho svei som av hinmannens rike
Eg slo etter beistet og ropte mi naud
men fram dukka hundrevis like

Eg fekta og banna og hitna i sinn
so fekk eg ei fluge i gapet
Ho kravla og spann kring om drøvelen min
so vitet eg trudde sku` tape

Men brått vart det alvor då insektet hogg
der nede i brokja og styret
Det kjendest som vesenet spytta og togg
og kveldsmaten sikra det dyret

Eg sprong som ein tykje til vatn eg fann
og hoppa i tjønna den myrke
Eg plaska og gaula det beste eg vann
og trygla om himmelens styrke

Nei svarten eg seier at fluger er beist
 i helvetes eldar må brenne
Eg drøymer at fluger åt fanden har reist
so stilla eg atter kan kjenne



Ja, i dag rulla eg meg netto i snøen av develskapen. Så eg kom meg fort både opp og ned. Gjennomsveitt i den varme sola. Men jammen gjorde det godt likevel....

Legg inn en kommentar