torsdag 30. juli 2015

Nordavinden


Han var steinkald i kantane, nordavinden, her oppe på fjellet i kveld. Ved Mangevatna og Skylefjellet gjekk han gjennom marg og bein. Kanskje ikkje så rart heller iført berre t-skjorte og tights som eg var... men i kveld ville eg halde farten oppe, så då fekk det bli slik....  

Eg sprang elles på to kjende Askvoll-jenter der oppe. I tillegg låg det folk i lavo ved Mangevatna. Det må ha vore ein kald fornøyelse slik vinden tek her. Vèl er det fantastisk fint ved Mangevatna, men i nordavind er det greitt å vite kva ein går til... Full vinterhabitt er påkreve. 

tirsdag 28. juli 2015

På heimlege stiar

Skylefjellet i kveld
Etter gamalt gjekk eg meg ein rask trimtur på fjelltrimposten på Skylefjellet i kveld. Herleg. Og ganske så fint og tørt i bakken og i myrane. Ja, til og med Rindaelva var så lita som eg nesten ikkje har sett ho før. Litt merkeleg egentleg. For etter å ha vore 14 dagar på Rhodos, høyrdest det ut på sosiale media og på nettet at ein nærast heldt på å renne vekk her i gamlelandet.... Så for meg virkar no alt dette regnet litt overdrive...

Søndagens og kveldens trim var eit  første steg på å kare meg ut av latmannsbobla som eg har bada meg i i det siste. Så får eg no sjå om eg klarar å få av meg nokre av syden-kiloa etterkvart. Turane på fjellet går i grunn lettare då - bokstaveleg talt... Og motivasjonen sjølvforsterkande. 

Adventure Rhodes July 2015

mandag 27. juli 2015

Ialyssos, Rhodes

Det er sjølvsagt vanskeleg å skulle summere opp 14 dagar ferie på Rhodos i eit enkelt blogginnlegg. Bilder og videoar fortel vel betre enn ord om kor fint vi hadde det desse dagane. Vi det var forresten Peter, Olaug og eg første veka. I andre veka vår fekk vi besøk av veninnene til Olaug, Magni og Anne, frå Holmedal. Hotellet vi budde på var Sun Beach Resort i Ialyssos. Flott hotell plassert direkte på stranda. Vi hadde i tillegg bestilt superior room med havutsikt og frukost. Etter vår standard var både hotellet og maten heilt førsteklasses (4 stjerners og frukosten minst 5). 

Det er ikkje enkelt å skulle samanlikne sydenturar heller. Men ein ting var iallefall heilt spesielt denne gongen, og det var at vi fekk både soloppgang og solnedgang frå altanen, utan at sola var her resten av dagen. Heilt unikt og heilt supert. 

Soloppgang på altanen

Solnedgang på altanen

Sidan vi i år igjen fekk besøk i andre veka vår, gjorde vi unna eit par turar vi hadde bestemt oss for på førehand den første veka. Dette var til Lindos og til Symi Island

Lindos


Olaug på Lindos

Peter på Akropolis

Akropolis sine festningsmurar

"Den kvite byen" Lindos er kjend for sitt Akropolis og fantastiske badestrand (sjekk link). I tillegg til å vere ein av dei varmaste plassane på øya. Vi kan i sanning skrive under på alt (sjå bilder).

Bussturen frå Ialyssos via Rhodos by og nedover på austsida til Lindos, var i grunn ein kjempeflott opplevelse i seg sjølv. Med god guiding av sjåføren fekk vi innsikt i både geografi og historie. Ei viss form for sjølvironisk humor hadde han òg, bussjåføren. M.a. då han gjorde oss oppmerksam på at "to the right you can see the Bank of Greece, but don`t try to steal it - it`s empty"...

Tur nummer to gjekk som nemnt til Symi Island. Med båt frå Rhodos by tok dette 1,45 timar. På veg nord var vi først innom Panaromitis Monastery med kyrkja, og dei to musea. Her inne var det ikkje lov å fotografere. I halvmørkna i den ubeskriveleg flotte kyrkjesalen kysste folk eit Maria-ikon og kveikte stearinlys. 


Panaromitis Monastery

Inngang kyrkja

Eit "ulovleg" bilde frå daglegliv-museet....
(der fleire fotograferte)

d.s.

Ein ting Peter og eg alltid har tykt om på desse sydenturane, er å snorkle med dykkarmaske i det krystallklåre vatnet. Og på båtturen til Symi hadde vi med dykkarmaskene. Ved ankomst Panaromitis ville vi sjølvsagt bade. 

På kaia stod det ein eldre kar og fiska. Han hadde sett fast fiskereiskapen i botnen. Så eg påtok meg rolla som den barmhjartige samaritan, og hoppa i sjøen for å frigjere sakene hans. 

Dette vart lettare sagt enn gjort. Djupna var så si sak. Nokre meter og eg utan symjeføter - og nokon dykkar er eg ikkje. Verre var det at han hadde mange anglar i enden av snøret sitt, og heile stasen var surra rundt ein stein. På femte eller sjette dykket visste eg ikkje anna råd enn å løyse heile steinen frå botnen, og med mykje bal fekk eg steinen med meg opp. At eg tykte eg heldt på å drukne på heile greia forsvann umiddelbart då mannen trykte handa på hjartet sitt og takka på eit språk som for meg var gresk.... Under er mannen forevige - blid som ei sol - og eg eit minne for livet rikare!



Båtturen vidare rundt øya til Symi tettstad viste eit vekksvidd landskap med forrevne klippar og fjell, men òg idylliske vikar der dyre båtar låg ankra opp....

Luksusbåtar ved varme sandstrender

Symi Island openbare seg i all si prakt då vi runda ein odde på øya. Fantastiske hus i mange fargar klora seg fast frå sjøsida og opp etter dei svidde bakkane. Og eit myldrande liv av turistar på vandring langs sjøkanten. 

Utsnitt
(sjå fleire bilder album)

Gatemotiv Symi

ds

Det var varmt i Symi òg. Nesten som på Lindos. Så eit bad var heilt naudsynt. Vi fann badestranda rundt eit nes. Den var ikkje stor, men flott. Og sjølvsagt smekk full. Men vi fekk oss eit avkjølande bad likevel.

Olaug og Peter badar ved Symi Island


I tillegg til dagsturane til Lindos og Symi, var vi tre turar til gamlebyen i Rhodos by. To turar første veka, og ein tur i andre veka i lag med Magni og Anne. 

På første turen vår traff vi på Lefteris Karipis. Ein kar som tidlegare var gift på Sande, og har budd i Norge. Eg vart kjend med Lefteris (Leif på norsk) gjennom jobben min. Reint tilfeldig gjekk vi på han utanfor den vesle skinnbutikken han har i gamlebyen. I mylderet av tusenvis av turistar, smug, tavernarar og turistsjapper. Vi vart bydde inn på bakrommet til ein prat og drikke. 

 Olaug og Lefteris Karipis 


Første møtet med Leif var seint på ettermiddagen, så vi avtalte å kome innom igjen før vi reiste. 

No viste det seg at vi kom innom to gonger til. Og andre gongen var Olaug frampå om han ikkje hadde ei god skinnjakke til meg.... Han fann sjølvsagt ei som passa perfekt. Nydeleg geiteskinn i nydeleg farge. Rein velvære å ha på seg. Skinnjakke var ikkje i mine tankar før eg fekk prøve denne jakka. Likevel var ho så dyr at eg måtte tenke meg om...

Eg tenkte mykje på jakka. Og etter å ha fått assistanse av Magni og Anne i tredje gongs møtet med Leif, bestemte eg meg for å kjøpe ho. Kontrakt signert, og betaling ordna då eg kom heim...

Møtet med Lefteris Karipis krydra turen på ein veldig kjekk måte. Han snakkar forøvrig flytande og perfekt norsk. Og skinnbutikken hans i gamlebyen kan eg trygt anbefale.

Tredje møtet med Lefteris Karipis (Leif)

Etter handelen med Leif var det skrikande behov etter mat....
Her på ein av dei mange utsøkte serveringsplassane i gamlebyen

Etter at Magni og Anne kom til Ialyssos heldt vi oss for det meste i ro med soling på stranda. Her fekk vi kjøpe fantastisk gode bollar og kaffi av ein kar som kom forbi kvar dag. Elles prøvde vi alle asiatisk strandmassasje (eg to gonger). Kveldane gjekk med til småhandel og gode middagar. Og fiskespaen som Peter og eg prøvde kan vel òg nemnast. Det var ei kitlande og artig oppleving. 



Fiskespa 
(fisken et opp daude hudceller på føtene...)


Ei anna oppleving eg òg kan nemne er møtet med Torbjørn Vik sin familie. Torbjørn er Olaug sitt søskenebarn. Dei ferierte i Ixia like ved. Så vi hadde ein triveleg kveld i lag i Ialyssos. 

Elles brukte eg ein del tid rundt omkring i nærområdet på jakt etter gode fotomotiv.

Gjengen samla 
(mobilfoto)

Alt i alt 14 avslappande og late dagar i strålande solskinn med temperaturar rundt 30 grader. På vindsida av øya. Heilt perfekt spør du meg. 

Bilda frå turen ligg førebels i eitt album. Somme av bilda deler eg truleg opp i mindre sekvensar. Eg får sjå litt etter kvart. 




søndag 26. juli 2015

Home again...




Det er eit stykke frå Ialyssos i går til Skålefjellet i dag. Slikt gir litt perspektiv på livet. Jorda er egentleg ikkje så stor. I tid og rom. Sjølv om det var godt å kome heim, var det jammen flott der vi var òg. Cluet er å vere tilfreds der ein er. For same kvar ein måtte befinne seg, så har ein no berre dette eine livet. Og det gjeld no for oss alle, grekar som daling....  

Ok var det visst iallefall å ta med seg vèret ved Middelhavet heim igjen. Ein har ikkje hatt for mykje av Rhodos-vèr her medan vi var vekke. I fjor var det omvendt - knall vèr i Tyrkia og knall vèr då vi om heim. Så slik er det no ein gong - ein får ta livet og vèret som det kjem...!

(No har eg så mykje bilder frå Rhodos å ta meg av at det får bli med desse orda i kveld....)

torsdag 9. juli 2015

Iskald nordavind



Holmedal og Straumsnes





Eg gjekk turen frå Neset i Stongfjorden til Moldura og vidare til Fanafjellet, Svarthamrane og Skålefjellet i dag. Dette er ein fantastisk flott tur, godt merka til Moldura frå nord. 

Med 8 grader heime på morgonen, og iskald nordavind på toppen, vart det ikkje akkurat nokon sommartur. No var eg godt utstyrt med byteklede, ull, vindtett, hanskar og hue. og alle klede ovantil vart bytt på toppen av Moldura. Sjeldan kost høgste sommar....

I traseen nord om Moldura, rett vest om toppen på Fagredalen og mot Fanafjellet, ligg den svære snøfonna endå. Bildet under. Snøen var såpass blaut at det gjekk greitt å kome seg over. Rett aust om gjekk det to søyer med 4 lam og kosa seg i det irrgrøne og nye graset (gult merke og raud bjølle). 

Toppen av Fagredalen.


Dokka og Moldura



Etter å ha vore oppom Fanafjellet, gjekk eg så vidare austover og innom DNT-løypa frå Mannskaret mot Siklabergvatna her eg klatra opp sørsida mot Svarthamrane. 

Svarthamrane med sin eroderte gneis frå devontida


Vidare nordover langs partiet som John Lien har merka til Skålefjellet frå Holmedal. Returen ned att den vanlege stien til Gjerdedalen og Stongfjorden. 

Flott tur. Men jammen var det kald vind oppe i dag....


tirsdag 7. juli 2015

Statusoppdatering feriedagar

 Ny oppdatering 7/7 klokka 18

Rask skoddetur på Skålefjellet sidan eg vart litt rastlaus i det dårlege sommarvèret. 

Mest for Anne-Lise på jobb.

Ei lita statusoppdatering inn i andre ferieveka: To sjøturar, ei butikkopning, tre fjellturar, tre barnebarngebursdagar, tre sovefrukostmorningar, filosofitimar inklusiv sol på altanen, besøk i Dale til mor mi, pluss x-antal oppdrag med 15-åringen i huset, støvsuga/laga middag, vatna blomane, pakka til avreise til Rhodos på fredag - inklusiv 14 boxarar. Vèr i det siste: 11 grader, regn og skodde. 
Alt i alt går dagane fort...! 

Fortsatt fin sommar på jobb! Hels alle!



søndag 5. juli 2015

Barnebarngebursdagar

Andreas
Live
Amalie





Ferdig med 7 av 8 + 1 barnebarngebursdagar - no manglar vi berre 1+2 i år 

Foto 5/7-15

Uttrykksikonet smile

lørdag 4. juli 2015

Høgt og lågt




I dag hadde eg meg ein god dorgetur på fjorden etter laksen eg miste torsdagen. Den gang ei. Ein og annan makrel  slo seg på, men den var eg ikkje interessert i i dag. Så den sym framleis i fjorden. Men du verda kor fint det var å dorge langs landet utover. Eg flata fort ut i båten og fann beste stillinga i den strålande sola. 

Litt seinare på dag vart eg lei av å sitte i ro på altanen, så då stakk eg oppom Skålefjellet. I berre shortsen. Og i eit mylder av fandenvoldske fluger som eg skreiv om på LysandeStemningar hin dagen:

 Det beit meg ei fluge på nasa mi raud
ho svei som av hinmannens rike
Eg slo etter beistet og ropte mi naud
men fram dukka hundrevis like

Eg fekta og banna og hitna i sinn
so fekk eg ei fluge i gapet
Ho kravla og spann kring om drøvelen min
so vitet eg trudde sku` tape

Men brått vart det alvor då insektet hogg
der nede i brokja og styret
Det kjendest som vesenet spytta og togg
og kveldsmaten sikra det dyret

Eg sprong som ein tykje til vatn eg fann
og hoppa i tjønna den myrke
Eg plaska og gaula det beste eg vann
og trygla om himmelens styrke

Nei svarten eg seier at fluger er beist
 i helvetes eldar må brenne
Eg drøymer at fluger åt fanden har reist
so stilla eg atter kan kjenne



Ja, i dag rulla eg meg netto i snøen av develskapen. Så eg kom meg fort både opp og ned. Gjennomsveitt i den varme sola. Men jammen gjorde det godt likevel....

torsdag 2. juli 2015

Heit torsdag


Fin og varm tur på sjøen i kveld med Peter. Og akkurat ein passeleg middag til i morgon. Men jammen presterte eg å misse ein smålaks ute på fjorden. Sikkert ein oppdrettsfisk - har eg sagt til meg sjølv :-) Ikkje allverda til tap med andre ord. Problemet var at vi verken hadde hov eller klepp i båten... Ikkja proft akkurat,,,

Elles vart det Førde-tur med katen, og sjekk av tannreguleringa han har hatt. Og resten av dagen gjekk med til grilling og soling på terrassen. Måtte det komme fleire slike dagar.....