Facebook

torsdag 25. juni 2015

Roger, netting og Nøstet...

Tjelden sit i nettet
Roger har gitt han fridomen  tilbake


Nei, nett og garn er ingen spøk å hamne i. Eg sjølv har ei gamal historie om det å bli fanga i eit garn. 

Jau, det var i naustet til svogeren min Sigmund i Dale dramaet utspann seg. 

Ein sein desemberkveld gjekk eg inn i naustet for å finne tak i noko fiskeutstyr til ein fisketur på isen i Flekke dagen etterpå. Og som ein veit var det aldri snakk om å installere straum og lys i slike naust. I motstetnad til i dag då ein har både loftstove, lysekrune og panoramaglas ut over fjorden. Så eg snova no rundt der inne i bekmørket med lys frå ei fyrstikke. Du veit i dei dagar då ein saug på Petterøe`s nr 3... Men brått høyrde eg nokre forferdelege lydar borte frå eine kråa. Nakkehåra reiste seg så lange dei var. Om noko mindre enn i dag. Ja, det var like før eg vætte ut brokja. Fyrstikka slokna sjølvsagt, men ikkje læta frå kråa, så eg var sikker på at no kom fanden og tok meg... Eg fekk no til slutt fyr på ei ny fyrstikke, og fekk lyst så pass bort i naustkråa at eg såg det hang en halvdaud halvstor kattunge surra fast i eit trollgarn. Som reine svinesteika. Med garnet tvinna rundt halsen hadde kattungen skreke seg heilt hås... Han hadde nok kjendt fiskelukta frå garnet, og uerfaren som han var blitt hangande fast...

Her var gode råd dyre. Trollgarnet eller kattungen... Vel, den halvstore kattungen var ikkje å spøkje med. Villrasa som han var. Og trollgarnet til svogeren var nok ikkje av det heilt billege slaget heller. Men enden på visa var at eg sprang heim etter lommelykt, arbeidshanskar og kniv, skar opp garnet og berga katten. Sidan eg ikkje hadde katt frå før, tok eg han til meg. Og katten fekk det slåande namnet "Nøstet"...  

Men eg kan fortelje dykk ein ting - katten aksepterte aldri nokon andre enn meg. Og vill vart han heile sitt liv... I dag kan eg vel gjerne seie at eg kjenner meg meir i slekt med denne katten enn eg den gong kunne fantasere om... Det er ingen spøk å hamne i garn ein ikkje kjem seg laus frå....


Legg inn en kommentar