lørdag 6. juni 2015

Otterstein-Brendeheiknappen-Massbu-Fossedalen

Flott utsikt frå Brendeknappen mot Dale, Heileberget og Nedre Fossedal

I lag med Agnar gjekk eg i dag stien frå Elraki i Fossedalen til Brendeheiknappen, vidare til Nedre Laukelandsstølen og Øvre, der Massbu ligg, med retur gjennom skaret nord for Nordre Kringla til Botnatjørna og ned til Øvre Fossedalen. Og der i frå til Dalsfjorden igjen. Turen tok sine 6 timar. 

Denne stien har vi no tenkt å nytte som eit trekantsamband Fossedalen-Massbu-Fossedalen. Den vil bli merka på vanleg måte. Og føyer seg fint inn i rekkja av merka stinett i området.


Frå gamalt av er det eit segn om eit sylvbord i Fossedalen som dei gøymde for skattefuten. Bildet ovanfor viser kvar bordet skal ligge. Det er påstått at ein viss herremann var her og skulle tappe tjernet for vatn i leiting etter bordet. Men bordet fekk han iallefall ikkje med seg...

Vi klipte elles litt einer i bakkane ned mot Storeelva, som renn ut i Laukelandsfossen, men elles gjekk vi berre ruta fullt ut. Trasèen opp på Brendeheiknappen og til skogsvegen på Laukeland sa i grunn meir eller mindre seg sjølv. Noko meir rydding og merking må sjølvsagt til, men faktisk mindre enn det vi forventa. Hjorten held stiane godt opne ser det ut for....

Når det gjeld skogsvegen ved Nedre Laukelandsstølen så skal eg la det ligge no. Det var nok styr med den i si tid.... 

IST-hytta Massbu er ikkje så mykje nytta som Nipebu. Den er jo mindre, og på langt nær same kvalitet som Nipebu. Men det er veldig fint her inne nett under Blegja, med utsikt innover mot Marifjell og Skålefjellet i Gaular. 

Massbu

Elles er det å nemne at det ligg enorme mengder med snø i skaret ved oppstigninga til Nordre Kringla, der turruta frå Nipebu til Massbu går. Denne blir nok liggjande lenge endå. Men det var ingen problem med å ta seg fram på føtene her. Snøen heldt bra både på veg oppover frå Massbu og i sjølve skaret.  Og forsyne meg ligg det endå is på Botnatjørna. Men Agnar nekta meg å gå over vatnet. Som eg forresten gjorde 14.mai. 

Ved Eitrenipa

Det er stor vassføring i elvane her oppe no. Insteelva ned igjen til Øvre Fossedalen er veldig flott! Det same er sjølvsagt resten av vassdraget ned igjen til fjorden. 

Ved Insteelva

Tilbake i Fossevikja slo vi nok ein gong av ein prat med Anders i Vikja og såg på prosjektet hans. Det ser litt ryskje ut der han grev, men det blir nok fint til slutt.




Fantastisk flott tur i dag. I kveld kjenner eg det sit litt ekstra ømheit og stiheit i kroppen. Det er jo alltid ekstra kjekt å få røyne seg litt....!



Ingen kommentarer: