tirsdag 30. juni 2015

Ikkje som planlagt nr 2



(mobilbilder)

Dei har ikkje nett gått som planlagt dei to siste fjellturane mine. Den på lørdag var eit kapittel for seg sjølv. Slapp og elendige i fleire dagar etterpå. Men eg råna no til igjen om sider. 

I dag hadde eg tenkt meg ein kombinert merke- og fisketur frå Siklabergvatnet til Langevatnet, Smørskornova og sør om Røyrbotnholten med retur Svelia/Osland.

Eg sykla inn i Gjerda. Men oppe i Gjerdedalen slo det meg brått at fiskesnella låg att heime.... Eg kunne ikkje anna enn le av meg sjølv. Så det var den fisketuren... Eg gadd ikkje gå ned igjen, sykle heim att for så å sykle inn igjen og halde fram .... Resten av fiskeutstyret la eg difor i gapahuken. 

Så funderte eg vidare på veg oppover - kva no? Det var jo fiske eg egentleg ville. Første pri. Nei, så oppe ved treskiltet til Nipebu forsvann ryggsekken òg. Eg kutta heile skiten. Og tok meg heller ein rask tur på Skålefjellet. Og slik vart det. 

Eg har mange dagar til rådvelde. Så då får vi sjå kva som skjer i morgon. Kanskje får eg passe på eg får med meg det eg skal iallefall. Spysykja er no ein ting - det er verre når ein ikkje har hovudet med seg...


søndag 28. juni 2015

Fossedalshengenipa

 Utsikt mot Langevatnet og Nipebu-traktene frå Fossedalshengenipa

Fossedalshengenipa frå "overnattingshammaren"...

Den gjekk nok ikkje heilt som planlagt turen til Svartetjerna og Grøndalstjerna for å fiske i går. Det starta optimistisk og greitt med ein tur oppom Fossedalshengenipa. Men etter at eg hadde fått slappa av litt ved Svartetjerna, vart eg rett og slett dårleg.... 

Heilt i hoggen var eg ikkje då eg reiste heller, men det var kanskje litt dumskap å reise i det heile teke når alle rundt meg heime hadde hatt omgangssykja med oppkast. Å ligge her inne på fjellet å spy, var ikkje heilt det eg hadde sett føre meg... Eg såg likevel mørkt på returen med tung ryggsekk så elendig som eg vart.... Likevel  - det var ikkje noko anna å gjere enn å returnere. Turen tilbake til Skjerlia er noko av det tyngste eg har gått. Matt både her og der. Sjeleglad for å nå ned igjen til bilen og kome meg heim i seng.... Resten kan du jo tenkje deg...

Videoen frå Fossedalshengenipa vart likevel bra. Nokre bilder vart det òg. I dag kjenner eg at forma er på veg igjen, men trur det er best å ta det litt kulig. Trøysta får vere at det er i morgon ferien egentleg startar.... og vi har gjort oss ferdige med magevonde i denne omgang!



torsdag 25. juni 2015

Roger, netting og Nøstet...

Tjelden sit i nettet
Roger har gitt han fridomen  tilbake


Nei, nett og garn er ingen spøk å hamne i. Eg sjølv har ei gamal historie om det å bli fanga i eit garn. 

Jau, det var i naustet til svogeren min Sigmund i Dale dramaet utspann seg. 

Ein sein desemberkveld gjekk eg inn i naustet for å finne tak i noko fiskeutstyr til ein fisketur på isen i Flekke dagen etterpå. Og som ein veit var det aldri snakk om å installere straum og lys i slike naust. I motstetnad til i dag då ein har både loftstove, lysekrune og panoramaglas ut over fjorden. Så eg snova no rundt der inne i bekmørket med lys frå ei fyrstikke. Du veit i dei dagar då ein saug på Petterøe`s nr 3... Men brått høyrde eg nokre forferdelege lydar borte frå eine kråa. Nakkehåra reiste seg så lange dei var. Om noko mindre enn i dag. Ja, det var like før eg vætte ut brokja. Fyrstikka slokna sjølvsagt, men ikkje læta frå kråa, så eg var sikker på at no kom fanden og tok meg... Eg fekk no til slutt fyr på ei ny fyrstikke, og fekk lyst så pass bort i naustkråa at eg såg det hang en halvdaud halvstor kattunge surra fast i eit trollgarn. Som reine svinesteika. Med garnet tvinna rundt halsen hadde kattungen skreke seg heilt hås... Han hadde nok kjendt fiskelukta frå garnet, og uerfaren som han var blitt hangande fast...

Her var gode råd dyre. Trollgarnet eller kattungen... Vel, den halvstore kattungen var ikkje å spøkje med. Villrasa som han var. Og trollgarnet til svogeren var nok ikkje av det heilt billege slaget heller. Men enden på visa var at eg sprang heim etter lommelykt, arbeidshanskar og kniv, skar opp garnet og berga katten. Sidan eg ikkje hadde katt frå før, tok eg han til meg. Og katten fekk det slåande namnet "Nøstet"...  

Men eg kan fortelje dykk ein ting - katten aksepterte aldri nokon andre enn meg. Og vill vart han heile sitt liv... I dag kan eg vel gjerne seie at eg kjenner meg meir i slekt med denne katten enn eg den gong kunne fantasere om... Det er ingen spøk å hamne i garn ein ikkje kjem seg laus frå....


tirsdag 23. juni 2015

I høve Borghild sin bortgang



Eg skreiv eit dikt for litt sidan, og nytta meg av vedlagde bilde. 
Sidan Borghild Otterstein diverre gjekk fort bort etter opninga av turstien på Otterstein, 
legg eg det inn att her saman med bilde frå Otterstein teke hi helga. Nokre av orda kan passe.
Mine kondolansar.

Ei fager hand

Her vandra ei kone på stølstrappa rein
og livet står skrive i veggen
Ho lite nok tenkte på framtidas mein
at stølsvollen fin vart til kleggen

I nøysemd og takksemd til grødene skral
var dagen eit slit kringom nòva
Og maten og vasken var evig eit bal
ho ullplagga stelte og tòva

Men ungar og husbond dei knappaste såg
kor frua ho streva til dagen
Ho søvnlaus om natta i storsenga låg
med bibelen vonfull på magen

Guds landskap det pustar og tek til si hand
ei dronning som sleit seg so mager
Og tida den kvervar for alle til sand
mot haustdagen livsstraumen fager

Ja, tider skal kome og tider skal gå
til slutt ligg vi jamsid`s og like
Men ingen veit dagen vi reiser her frå
på turen til himmelens rike

Tekst og foto 
G.Skaar


Otterstein i dag. 
Fint og velhalde


søndag 21. juni 2015

Shorts folkens shorts...

Flygemaur i hopetal på Yndestadhøgeheia

Herleg utsikt rett vest for Toreheia

Årets første fjelltur i shorts er eit faktum. Ja, jammen vart det såpass til temperatur til slutt i år òg. Heller ikkje var det spesielt sterk nordavind. Det er som regel det ein er plaga med her på kysten når først godvèret kjem. 

Det fine vèret hadde lokka fram fleire enn meg frå sofakroken, for det var folk både på Toreheia og på Skylefjellet då eg kom der. Akkurat det er ikkje dagleg kost for å seie det på den måten... Og endå sjeldnare kan eg nok seie at eit eldre engelsk ektepar står på Skylefjellet då eg toppar ut her. Godt utrusta med både kart, kompass og kikkert fekk dei seg nok ein strålande tur. Ja såpass fint var det at eg like godt stakk utom Blåfjellet og returnerte på sørsida av Mangevatna heim igjen. Nydeleg trimtur!

Jonsok på Grimelia













Vi feira jonsok på Grimelia i går kveld. Litt på forskot. Kjell Christian hadde invitert. Ei koseleg stund med sosialt samvære og god mat. 
Hyggjeleg!

lørdag 20. juni 2015

Dale-tur





Ein føremiddagstur til Dale og Dalstunet i dag vart til fleire timar i sosialt samvære med kjentfolk. Både tilreisande og fastbuande. Kjekt. Og så fekk eg snakke med mor mi i finvèret også. 
Helgas fjelltur får vente til i morgon i staden. 

Fin stund!


torsdag 18. juni 2015

Bye bye for vindkraft i Solund!

Ja, så er det over for vindkrafteventyret i Solund...:-D


Slik var det tenkt.....


Vesta-Vind AS - Ytre Sula vindkraftverk i Solund kommune - Vedtak
om avslag på søknad om konsesjon
fekk avslag av NVE 19. desember 2014.



(NVE saks nr. 200707151)
trekte søknaden 20. mai 2015.


tirsdag 16. juni 2015

Ein smak av sommar



Fin fjelltrimtur på Skålefjellet igjen i kveld. Og jammen var det ein aldri så liten smak av sommar. Ok, temperaturen var ikkje allverda, men likevel.... Kanskje var det tosifra der oppe, og nesten heilt vindstille. Snøen såg ut til å få føter å gå på. Men jammen ligg det is på Skålefjellsvatnet endå. Midt i juni!


mandag 15. juni 2015

Einar 85 gebursdagstur

Heile gjengen samla.....


Tora, Peter og Tiril
Bjørn




Olina


Håvard og Einar




Ingrid og Kristin

Ingrid Anita og Øyvind

Tora, Olina og Einar

Einar Yndestad
Nabo Einar Yndestad fylte nyleg 85 år. I det høve fekk han som presang ein luftetur med Airlift ut over hav, fjord og fjell, med løyve til landing ved Krikavatna. Vi var då ein heil gjeng frå familien samla for å ta i mot han og barnebarnet Håvard, eldste son til Olaug, då dei landa. 

Vèret stod oss heldigvis bra til bi trass i ein kald nordavind. Med grillmat, bål, kaffi og kos hadde vi oss ei fin stund ved vatna. I dette området som Einar har vandra så mykje. Han sette stor pris på turen og samkomet. Noko han takka oss alle for. 




lørdag 13. juni 2015

Ein real smell...

 Stongfjorden i føremiddag

 Utsikt mot Holmedal og Straumsnes



Tjernet under toppen av Skålefjellet
Merketuren mellom Mannskaret og Siklabergvatna i dag hadde sin pris. Eg var sjølvsagt ikkje heilt obs på tyngda av ein stein eg sette opp som ein ny varde, då ryggen small til.  Det vil seie - eg bar på plass ein som var større like før, men den neste tålte visst ikkje ryggen. Om det var ei heks som stakk ein kniv i meg, eller ein eller annan f..., er ikkje så godt å seie. Det gjorde iallefall såpass ilt at eg skreik til. Åleine. Ut i hamrane. Ekkoet ljoma berg imellom. Heldigvis klarte eg no å rette meg opp igjen, men å bøye seg var forferdeleg. Amatørfakter!

Eg var i grunn ikkje komen meir enn halvveges på det eg hadde tenkt meg. Så eg skifta litt klede, og heldt fram opp på toppen av skaret og austover mot Siklabergvatna. Ryggen var elendig, men eg fekk fullført den merkerunda eg hadde tenkt meg. 

Ny maling av T-en på toppen av Mannskaret

Ruta heim igjen tok eg bratt opp frå vatna til Svarthamrane. Og så vidare nordover til Skålefjellet med retur den vanlege ruta. Nede ved hamrane traff eg forresten Vigdis, Arild og ein Gunnar. Vi slo av ein liten prat. 

Ja, ja no får eg berre håpe at dette ryggreiene ikkje er noko langvarig pine. Eg har vel vore heldig med slikt so langt. Men at eg er ein gammal mann, som Vigdis påstod i ein spøkefull tone, det nektar eg å vere med på...

fredag 12. juni 2015

Iztuzu Beach Dalyan



Nei no er eg så lei denne sommaren at eg tek eit dykk i bilder frå badeliv i fjor sommar, og ser fram til sydlegare breiddegrader om ein månads tid. For når eg endå ikkje har lagt vekk Rab Polartec jakka mi, er det eitt eller anna som ikkje stemmer i år. Men som man reder ligger man. Eg er iallefall veldig glad for at eg rundt juletider tok og bestilte billettar til varmare strok denne sommaren òg. For sommaren no er, ja akkurat, omlag som då eg fiksa med turen. Ikkje for å klage då. Det er somregel aldri hjelp i. Får heller glede meg til det som kjem...:-)



mandag 8. juni 2015

Fin kveldstrim

På Skålefjellet i kveld


Eg tok meg ein kjapp tur på Skålefjellet her heime i kveld. Veret var for fint til å putle med andre ting. Radig og greitt. Fint å sjå sola komen så langt nord om Stavenesodden no. Men sommartemperatur skal ein visst leite lenge etter. Kaldt var det i vinden. 

søndag 7. juni 2015

Sylvbordet på Brendeheiknappen

Tjernet på Brendeheiknappen.
Bak ser vi Fløyen, Heileberget og Fossedalshengenipa t.h.


Tjernet med Søndre Kringla bak
Frå gamalt av er det fleire segn knytt til Fossedalen og ikringliggjande område. Eitt av segna er om sylvbordet på Brendeheiknappen. Det skal liggje i det avbilda tjernet på toppen. Her er eit par bilder av dette frå i går. Sjølve segnet om bordet kan du lese her.

Det segnet ikkje seier noko om, er at det visst skal vere ein person frå nordsida av fjellet, som ikkje så fælt lenge sidan skal ha teke turen sør om, for å tappe ut vatnet i håp om å finne bordet. Ja, for det ser ut som om det er greve i kanten på tjernet. Noko som kan skimtast i venstre bildekant. Diverre er det berre flate myra her, så å tappe ut tjernet soleis er gjerne ikkje so enkelt. Om denne siste historia har vorte eit segn atte på segnet, ja det seier historia ingenting om... Personen skal visst nok vere i live i dag...


lørdag 6. juni 2015

Otterstein-Brendeheiknappen-Massbu-Fossedalen

Flott utsikt frå Brendeknappen mot Dale, Heileberget og Nedre Fossedal

I lag med Agnar gjekk eg i dag stien frå Elraki i Fossedalen til Brendeheiknappen, vidare til Nedre Laukelandsstølen og Øvre, der Massbu ligg, med retur gjennom skaret nord for Nordre Kringla til Botnatjørna og ned til Øvre Fossedalen. Og der i frå til Dalsfjorden igjen. Turen tok sine 6 timar. 

Denne stien har vi no tenkt å nytte som eit trekantsamband Fossedalen-Massbu-Fossedalen. Den vil bli merka på vanleg måte. Og føyer seg fint inn i rekkja av merka stinett i området.


Frå gamalt av er det eit segn om eit sylvbord i Fossedalen som dei gøymde for skattefuten. Bildet ovanfor viser kvar bordet skal ligge. Det er påstått at ein viss herremann var her og skulle tappe tjernet for vatn i leiting etter bordet. Men bordet fekk han iallefall ikkje med seg...

Vi klipte elles litt einer i bakkane ned mot Storeelva, som renn ut i Laukelandsfossen, men elles gjekk vi berre ruta fullt ut. Trasèen opp på Brendeheiknappen og til skogsvegen på Laukeland sa i grunn meir eller mindre seg sjølv. Noko meir rydding og merking må sjølvsagt til, men faktisk mindre enn det vi forventa. Hjorten held stiane godt opne ser det ut for....

Når det gjeld skogsvegen ved Nedre Laukelandsstølen så skal eg la det ligge no. Det var nok styr med den i si tid.... 

IST-hytta Massbu er ikkje så mykje nytta som Nipebu. Den er jo mindre, og på langt nær same kvalitet som Nipebu. Men det er veldig fint her inne nett under Blegja, med utsikt innover mot Marifjell og Skålefjellet i Gaular. 

Massbu

Elles er det å nemne at det ligg enorme mengder med snø i skaret ved oppstigninga til Nordre Kringla, der turruta frå Nipebu til Massbu går. Denne blir nok liggjande lenge endå. Men det var ingen problem med å ta seg fram på føtene her. Snøen heldt bra både på veg oppover frå Massbu og i sjølve skaret.  Og forsyne meg ligg det endå is på Botnatjørna. Men Agnar nekta meg å gå over vatnet. Som eg forresten gjorde 14.mai. 

Ved Eitrenipa

Det er stor vassføring i elvane her oppe no. Insteelva ned igjen til Øvre Fossedalen er veldig flott! Det same er sjølvsagt resten av vassdraget ned igjen til fjorden. 

Ved Insteelva

Tilbake i Fossevikja slo vi nok ein gong av ein prat med Anders i Vikja og såg på prosjektet hans. Det ser litt ryskje ut der han grev, men det blir nok fint til slutt.




Fantastisk flott tur i dag. I kveld kjenner eg det sit litt ekstra ømheit og stiheit i kroppen. Det er jo alltid ekstra kjekt å få røyne seg litt....!