søndag 3. mai 2015

To, tre årstider i eitt....


Where the fox goes...
Svarthamrane


Skålefjellet frå FV609

Rumpeaking
Skålefjellet i dag

Ved Botnastølsvatnet
Kvitveisen blømer



I dag tidleg gjekk eg turen opp Gjerdedalen, brekka og til Skålefjellet. Det var hard skare frå nede i brekka og heilt opp. Men det går endå ikkje an å gå opp ved første elva. Iallefall tok eg ikkje sjansen på det i dag heller pga snøforholda nedom hammaren, og ikkje minst over den... Så eg gjekk oppom andre elva som fleire gonger før i vinter/vår. Med broddar under skorne funka det heilt fint.
Det ligg adskilleg med snø her oppe endå. Den tek det nok ein god del tid endå før den forsvinn.  

Returen tok eg i dag austover og ned til Botnastølsvatnet. Her var trugane gode å ha då snøen blotna godt opp i sola. Tyngste stykket på heile turen var å gå heile vegen frå Oslandsbotnen til Osland, og FV 609 til Gjerda igjen etter bilen. Heite fjellsko og grus- og asfaltveg høver ikkje heilt godt i hop, men soleis valde eg det... Fint då å sjå skilnaden på vegetasjonen der oppe og langs vegen her nede. To forskjellige årsider, minst.... Flott tur!


Foto Skålefjellet 030515



Ingen kommentarer: