søndag 31. mai 2015

Otterstein-Fossevikja-Fossedalen

Bjørnar og Borghild Otterstein (grunneigarar) med mor mi

Borghild opnar den nye turstien


I dag vart stien frå Otterstein til Fossevikja formelt opna ved snorklipping av 90 år gamle Borghild Otterstein. Ho flytta hit til den einaste busetnaden på Otterstein i 1945. Ein flott augneblink.

Men først ynskte Sigvard Skaar velkomen. For deretter å overrekke Rolf Kleiven eit fat i lønn, snekra på ungdomsskulen av ein skuleelev frå ei lønn som ein hadde saga ned ved ungdomsskulen. Dette var som løn for jobben han har gjort i stigruppa i Dale, og alle timane med merking og tilrettelegging av sti. 


Rolf får sitt fat i lønn som løn for utmerka arbeid i stigruppa i Dale

Rolf heldt så ei orientering. Som gamal fotballspelar meinte Rolf at fotball fekk fram det verste i han, medan stimerking og varding fekk fram det beste i han. Ein vart snill av stimerking.! Han poengterte for ein flott jobb Ingeborg Tysnes hadde gjort med den ny informasjonstavla på Otterstein. Deretter litt om det praktiske for dagen. 

Frå Indre Sunnfjord Turlag hadde leiar i stigruppa Atle Holsen møtt opp. Han delte ut effektar frå turlaget. I tillegg var det utlodding av 3 gratis overnattingsturar på Nipebu ved Linda Hovland og Fossedalens Vener.


Atle Holsen



Den nye infotavla på Otterstein
Agnar og Rolf studerer den nye infotavla

Etter at snorklippinga så var unnagjort, gjekk heile flokken "som sild i tønne" den nye stien til Fossevikja. Køa var såpass lang at det var full stopp mange gonger. Sjølv talde eg til 120 stk, utan å få med meg alle hovuda som var frammøtte. At det var noko i nærleiken av 150 som var møtte fram, er vel ikkje å ta for hardt i. Veldig bra når er tek omsyn til at det regna godt om morgonen. 


Etter å ha gått omlag kilometeren til Fossevikja, var det somme som gjekk stien tilbake med det same. Men fleirtalet av dei som hadde teke seg hit heldt fram til Nedre Fossedal. Agnar Åsnes var turleiar. Her oppe var det matykt. Somme tok også turen oppom fossen. Fleire av deltakarane hadde ikkje vore her før. Det er dessutan mogeleg at enkelte gjekk i Øvre Fossedalen òg.







På veg ned att tok 89 år gamle Ingrid Fagerheim imot oss på hytta Elraki ved lonane i Fossedalselva. Imponerande at Ingrid hadde teke turen opp frå Dalsfjorden og Kleivane denne dagen. Ho serverte saft, kjeks og kaffi til dei mange som stakk innom på heimturen. Deretter orienterte ho om historia til hytta. 

Ingrid Fagerheim t.h.

Ingrid Fagerheim orienterer nokre turdeltakarar om Elraki

Til fjorden og Otterstein igjen tok vi oss sjølve kvar for oss. Flott dag og markering av den nye turstien. Saman med Dalsfjordbrua har stien no gjort eit fantastisk fosselandskap og fjellområde på nordsida av Dalsfjorden meir tilgjengeleg for alle!


lørdag 30. mai 2015

Kombinert









I dag gjekk tok eg ein kombinert merke- og vardetur på Skålefjellet, og øvste delen av IST ruta oppe i Mannskaret. Ein del av vardane på Opptur-ruta på Skålefjellet, forbi Skålefjellsvatnet, var ramla ned i løpet av vinteren. No når snøen delvis er vekke her, var det greitt å få sett opp igjen desse. 

Nede i Mannskaret fresha eg opp nokre av T-ane, og merka på trea lenger nede, der eg gav meg sist. Men endå ligg her forbausande mykje snø. Også innover mot Nipebu-traktene er det ein god del snø endå, så det nyttar lite å gå over med maling/varding her endå. Det lyt vente og takast ved høve. 

Elles var det ein veldig fin morgon her i Stongfjorden. Diverre var det ikkje så lenge det rakk før skyene kom att og det dropla aldri så lite frå himmelen. Kanskje blir det betre vèr i morgon når den nye turstien frå Otterstein til Fossevikja skal opnast. Du møter vel opp til seremonien kl 11, og blir med ein tur til Fossedalen....!?

Fin morgon heime i dag tidleg - diverre var det ikkje så lenge det rakk...

torsdag 28. mai 2015

Skoddegrått



Eg var ein kjapp tur på Skylefjellet i kveld. Godt å få litt frisk luft etter ein dag på kontorstolen. Grått, vått og skodde. Den lette litt på toppen faktisk. 
Og elles fekk eg no pumpa til å gå. 
Kor tid får vi sommar?

tirsdag 26. mai 2015

Sidan sist...

...har det skjedd mykje. Så dette blir i litt kortversjon. Både privat og turmessig.

Etter at vi lørdag fekk på plass alt av utstyr, bord og stolar med dertil pynting til konfirmasjonen til Peter på søndag, tok eg meg ein luftetur på Skålefjellet. Steik for eit uvèr det var på toppen då eg kom opp. Skikkeleg vinter med vind og snøbyger. Iskaldt. Så det var berre å kome seg ned igjen fortare enn svint. Eg knipsa ei par mobilbilder i full fart...!










Konfirmasjonsfesten til Peter gjekk veldig bra. Guten vart konfirmert. Og middagen og kakene smakte utmerka. Folk såg ut til å kose seg i mange timar. Takk til alle som tok del i festen. Og takk for talar, eigenkomponerte songar, videoar og "teaterinnslag". Ja, reint kosteleg var det. 

Sidan vi i tillegg fekk ein ekstra fridag denne helga, vart tilreisande gjestar att til mandag. Vi fekk difor ekstra god tid til å vere i lag denne pinsa. 

Bilda frå konfirmasjonen let eg ligge som privat. Men eg har allereie publisert eit bilde av konfirmanten og alle han er onkel til på Facebook, så her er det. Pluss eit noko uvanleg bilde av meg sjølv og fruen...:-) I motsetnad til faren, likar konfirmanten heller dårleg bilder av seg sjølv, så førebels får det halde med dette eine. 


 
Etter at alle gjestane var reist i går kveld, trong eg å avslutte helga med ein ny luftetur. For å reinske systemet. Det var då naturleg for meg å ta runda heime i frå til Toreheia og vidare på Skylefjellet. Flott tur med delvis sol.

Dette motivet har eg mange bilder av, men det er like kjekt å kome hit kvar gong.
Krikavatna og Mangevatna. Skylefjellet t.h.
 


fredag 22. mai 2015

Konfirmasjon og pinse


Peter er glad i søtt....
(og her er han vel litt søt sjølv òg...)


...her med streng...


Ja så er konfirmasjonshelga til Peter komen. Stor helg for katen og oss foreldre. Og så vart han kvitt strengen på tennene til seansen. Stor lette! Ja, dette går nok bra skal du sjå. Sjølv om det visst skal regne "cats and dogs" som dei seier på fint.... Vi har heldigvis Grendahuset i Stongfjorden som ballsal heile helga!

P.S. Av den grunn blir det nok lite fjell i helga...


onsdag 20. mai 2015

Ein god porsjon flaks....






Fin fin trimtur på Skålefjellet i ettermiddag. Og jammen hadde snøen minka mykje sidan sist (9.mai). No er det faktisk ingen problem med å gå opp på berre skoa. Men absolutt ein fordel å ha gamasjar. 

Skodda låg faktisk ganske så tjukk på motsett side av Stongfjorden. Toreheia var slett ikkje å sjå. Heller ikkje Moldura i vest. Det såg faktisk ut til at Skålefjellet var det einaste som var heilt skoddefritt. Artig. Og ein god porsjon flaks får eg seie...

Fossedalen


Her gjekk eg mine barnesko
i sommardagen lang
Ho Gunhild skjenkte safta god
og fuglane dei sang

Ein Dale-gut i fossedur
med fiskestang i hand
Fann barndomsåra rein og pur
i eventyrets land 

Som fossen dusja sveitte kinn
i strålane frå sol
Gav fosseduren lette sinn
so hanane dei gol

Til stølen gjekk so ferda att
med sekken på min rygg
Ja livet var ein evig skatt
om so det beit ein mygg

Frå orrespel kom morgongry
av skoddedis i li
Eg alltid kjennest ung og ny
på Fossedalen`s sti

Tekst og foto
G.Skaar

Frå Lysande Stemningar


tirsdag 19. mai 2015

Rydding...igjen...

...men røter har vi sanka....


Etter at Olaug meinte at eg likte å rydde skog og kratt, er det mogeleg at eg har teke ho på ordet. For no har eg gått laus på nokre større bjørker inne hjå nabo Kjell.  For å fjerne alle forstyrrande element innover fjorden òg. Ja, no har vi panoramautsikt både inn og ut fjorden i 180 graders vinkel. Dette gjer seg. 

Og for å seie det som det er - betre trim enn å rydde skog får du ikkje. Etter ein times tid svarar vel sveitten til ein tur på Moldura. Der har eg vore så mange gonger at eg ikkje har tal på det. Og søren så lite det viser att av slikt... Nei, då er det faktisk meir matnyttig å rydde skog og kratt... Blide kjerring får eg òg... Så får eg heller byte på det om litt...:-) 



mandag 18. mai 2015

Sosialiseringsrunder


Utløpet av Leknesvatna. Foto torsdag.
Her vil det no bli bygt ein terskel (demning) ifbm. kraftutbygginga.
Bygging av slusehus oppe t.v.



Det vart lite fjell i helga. Eller dvs. ingen...:-) I staden var eg til Dale både lørdag og søndag. Lørdag ei sosialiseringsrunde på Almuen m.a. for ein prat om synfaringa til NVE i Fossedalen 27. mai. I tillegg kom mor ein tur. 

I går, 17. var eg igjen til Dale for å ta med meg toget der, og prate litt med familien og andre.

Fin helg!


torsdag 14. mai 2015

Water of love....


Skjerlia

Eitrefossen

Utløpet av Leknesvatna
Lagunane
Eitrenipa
Selfie Eitrenipa
Dale frå Eitrenipa

Ved Fossedalsfossen


Nedre Fossedal

Elraki

I dag gjekk eg den nydelege turen frå Skjerlia til Leknesvatna og på Eitrenipa, og ned igjen Eitreskaret til Øvre Fossedalen, Nedre Fossedalen og via Fossevikja til Ottersteinen. I motsetnad til utbyggingane som føregår i Skjerlia, er det rimeleg sikkert at Fossedalen på hi sida av fjellet er redda for kraftutbygging (sjå biletserie).

Etter ei kald natt var det faktisk frose på i høgda i dag tidleg. Og eg som i utgangspunktet lurte på om eg trong broddar, gjekk med det over fleire parti. Spesielt opp nordsida av Eitrenipa var det dønn frose på med knallhard skare. Trugane som eg bar med meg, fekk eg derimot aldri bruk for.... 

I utgangspunktet lurte eg på å gå opp på Kringla, nord og sør òg, men skaret ned ovanfor Øvre Fossedalen såg ikkje særleg bra ut. Snøen var vinkla veldig bratt rett ut for fjellet, så det tok eg ikkje sjansen på.


 Det ligg framleis "ekkel" snø ned skaret frå Kringla - 
i dag tidleg var det i tillegg frose på....


Bilda fortel vel sitt om turen. Noko nærare skriveri om turen langs Fossedalsvatnet og til fjorden er vel unødvendig, men eg kan nemne at det låg ein smålom-par i nordre enden av vatnet (sjå biletserie). Elles såg eg ein steinskvett i nedre og ringtrast i øvre. Heipiplerka er komen på høgste fjellet for eit par veker sidan. 

Det er elles sett opp ny bru over småelva på den nye stien frå Otterstein/Fossevikja (Sigmund, Rolf, Svein Magne). Stien ser flott ut, og er klar for opning 31.mai.  




Foto Skjerlia_Eitrenipa_Fossedalen 140515



onsdag 13. mai 2015

Tøffe dagar

Tulipanane har hatt nokre tøffe dagar i det siste. Mykje regn og vind har tæra hardt på standhaftigheita. Men no har dei blå himmel i sikte, og kanskje nokre etterlengta dagar med sol...

mandag 11. mai 2015

Søndagstur (med bil!)

Med Olaug og mamma på Steiestølen

Nordalen

Strandavatnet mot Rakneberg og Jarstadheia

Vassdalen

Det vart ingen vanleg søndagstur på fjellet i dag. I staden støvsuga eg bil, vaska han innvendig, og reingjorde alle dørar og karmar (eller kva det heiter). Det legg seg salt etter vinteren - og eg heldt på å seie  - alle vegar. Så då gjekk no førmiddagen med til dette arbeidet. Sidan eg elles skal ha bilen på service i morgon, var det fint å få gjort dette i tillegg. 

På ettermiddagen tok vi turen til Dale og besøkte mor mi. Olaug hadde lyst ein tur på Steiestølen. Ho hadde ikkje hadde vore der sidan ungdomsskuletida. Og jammen er det mange år sidan eg har vore der eg òg... Så mamma vart med ho. Før om åra gjekk eg mykje her oppe. Både på ski og på fisketurar. 

I tillegg tok vi turen oppom i Nordalen. Der ligg jo vatnet som eg òg fiska ein heil del i før om åra. Ned att køyrde vi sørsida av Strandavatnet på Vassdalen. Skikkeleg fint er det her. I Dale igjen vart det kaffi på Skaartun, der søster mi, Mildrid, stakk innom. 

Ja, jammen går det an å ha ein fin søndag utan å gå på fjellet òg....:-)