torsdag 30. april 2015

Krattrydding 2

Området frå hi sida av fjorden. Det raude huset midt i bildet er vårt.
Krattryddinga ned t.h.
(P.S. bilde frå i haust)




Som tidlegare nemnt har eg halde på med å rydde kratt på sjøsida i bakkane nedanfor huset. (Olaug nemnde forresten i går om det var eit livstidsprosjekt eg heldt på med...:-) Men no nærmar det seg slutten. Resultatet får eg ta bilde av seinare. Men om eg torer å fyre opp dei jonsokbåla eg no har sanka i hop veit eg ikkje. Uansett har det vore greitt å fått brukt kreftene på noko anna enn å gå bakkar. Vel, det har no blitt gange opp og ned bakkar her òg, men ikkje fjell iallefall. Maks 50 moh er kanskje ikkje noko å slå i bordet med i desse tider då moh er det viktigaste målet for aktiviteten.... Det som betyr noko er no trass alt å kome seg ut og i aktivitet for oss som slit kontorstolen heile dagane. Eg kan garantere at du blir både sveitt og trøtt av krattrydding...:-) Ja, og så ser du no att kva du har brukt energien på òg...!





Ingen kommentarer: