søndag 5. april 2015

Grått - igjen....



Ja, så var visst den vesle porsjonen med godt påskevèr over for i år. Og igjen var det vind, skodde og nedbør i lufta over fjella her. Eg tok meg likevel ein tur opp i skodda på Toreheia, nedatt og vestover til Skylefjellet og Blåfjellet med retur på sørsida av Mangevatna (bildet nedst). Ei fin runde det. Men ganske så surt. 

Ein flokk snøsporv varma rett nok opp i den sure vinden, og i tillegg traff eg kollega Karen Hornnes frå banken. Vi veksla nokre ord. Men om ein veit er det fort gjort å dra på seg eit kvart når ein blir ståande sveittevåt i kald vind....så egentleg var det greitt å kome seg heim att i dusjen. 

Ingen kommentarer: