Facebook

torsdag 16. april 2015

Ambassadør for Fjordkysten

Eg fekk førespurnad om å vere ambassadør for Fjordkysten sin instagramkonto #fjordkysten denne veka. Så eg har lagt ut nokre få bilder her. Ikkje lett å velgje i bildemassen, og samtidig finne noko som skil seg ut frå "horven" av naturbilder med ski, snø, fjell og fjord som florerer på nettet. Mykje ser jo veldig likt ut. Noko svingande skispor er vel ikkje det mest fengande. Dei fortel lite om fjordkysten òg. Snødekta fjell ser dessutan mykje like ut. Elles er det sjølvsagt krøkkje å skulle beskjere bilder med relativt god vindvinkel til små firkantbilder, men det lyt ein no berre ta som det er. Går du inn på hashtag fjordkysten, finn du kva eg har valt ut. Trur eg har plukka ut to bilder for kvar dag denne veka. Her er dei to frå i dag...

Ved Høgknolten i Rivedal

På Skålefjellet

Legg inn en kommentar