torsdag 30. april 2015

Krattrydding 2

Området frå hi sida av fjorden. Det raude huset midt i bildet er vårt.
Krattryddinga ned t.h.
(P.S. bilde frå i haust)




Som tidlegare nemnt har eg halde på med å rydde kratt på sjøsida i bakkane nedanfor huset. (Olaug nemnde forresten i går om det var eit livstidsprosjekt eg heldt på med...:-) Men no nærmar det seg slutten. Resultatet får eg ta bilde av seinare. Men om eg torer å fyre opp dei jonsokbåla eg no har sanka i hop veit eg ikkje. Uansett har det vore greitt å fått brukt kreftene på noko anna enn å gå bakkar. Vel, det har no blitt gange opp og ned bakkar her òg, men ikkje fjell iallefall. Maks 50 moh er kanskje ikkje noko å slå i bordet med i desse tider då moh er det viktigaste målet for aktiviteten.... Det som betyr noko er no trass alt å kome seg ut og i aktivitet for oss som slit kontorstolen heile dagane. Eg kan garantere at du blir både sveitt og trøtt av krattrydding...:-) Ja, og så ser du no att kva du har brukt energien på òg...!





søndag 26. april 2015

Kontrastar






Fantastisk skiftande vèr i dag. Som eit resultat vart det utrulege kontrastfargar i blått kvitt og svart, men heime er no plenen grøn då...i det minste. For jammen var det kome 10-15 cm med nysnø igjen oppe på fjellet i dag. 

Eg kjøpte meg ny Fiskars ryddesaks hi veka. Den har eg som nemnt brukt ein heil del i bakkane mot sjøen her heime. I dag tok eg den med meg på Rinda, og rydda ein del greiner langs stien ned igjen og heim. Saksa er så god er det er moro å rydde kratt no... For å få litt mosjon var eg først ein tur oppom Skylefjellet. 


lørdag 25. april 2015

Dugnad Otterstein/Fossevika








Solid dugnadinnsats på turstien frå Otterstein til Fossevika i dag. Mykje flytting av stein og steinlegging. Diverre var vèret ikkje av det beste. Litt surt og kaldt, men regnet gav seg egentleg ganske fort då vi starta i 10-tida. Likevel var det ganske blautt og skite i stien då den består av mykje jord og mold. Vi konsentrerte oss difor som nemnt om å legge og flytte stein. Ei fin ykt med ein fin gjeng. Stien blir som tidlegare nemnt opna 31/5 i regi av Indre Sunnfjord Turlag.

fredag 24. april 2015

Krattrydding

Dale frå Heileberget
Inn fjorden frå ruta til Heileberget


Fossedalen med Fossedalsvatnet frå Kystarvstien til Heileberget med Laukelandsfossen t.h.
Fjella er f.v. Eitrenipa, N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten


Broderen på stien i fjor. Bak Eitrenipa, N&S Kringla

Utsikt frå den nye stien mot
Laukelandsfossen og Laukelandshesten
Skilting på den nye stien
Denne veka har eg hatt meg nokre kveldsøkter med rydding av kratt i bakkane ned mot sjøen her heime. Det veks skrekkeleg til. No plagar ikkje dette den vanlege utsikta frå huset, men frå kanten av plenen er det no betre utsikt til sjøkanten ca 50 meter nedom. 
Det er god mosjon i dette. Ein blir godt sveitt av klipping og saging av kratt og tre. Det gjer godt for overkroppen når ein elles sit i ro på jobb det meste av dagen. 

I morgon satsar eg på å vere med på dugnad på stien frå Otterstein til Fossevika. Det gjenstår litt plukk. Den offisielle opninga er 31.mai. Noko som er lagt inn i turkalanderen til Sogn og Fjordane turlag. 


mandag 20. april 2015

Knall helg


Sander og Nikolai
Sander, Nikolai og Andreas


Vilde og Lene

Hanna og Tor Ivar
Amalie, Vilde, Lene, Nikolai, Sander



Kristine, Lene og Vilde
Sondre, Live og Ingebjørg


Sander og Margunn

Mamma, Amalie, Ingebjørg
Kristine, Andreas
Live

Hanna
Nikolai, Sander

Vilde, Lene

Vi feira gebursdagar for barnebarn og svigersøner i Førde både fredag og lørdag. Full pakke med andre ord. Det er sjølvsagt triveleg å treffast alle saman i slike lag. Mykje kaker og liv. Ovanfor er eit lite utval bilder eg tok. Dei fleste med mobilen, så kvaliteten er ikkje den beste, Men likevel... Det ligg fleire bilder på vedlagde link.


Mamma vart med heim igjen til Stongfjorden etter den andre feiringa på lørdag. Ho ville ha med seg samtalegudstenesta for konfirmantane i Askvoll søndags-ettermiddagen (Peter er konfirmant) 24.mai. Vi tok oss då ein tur på Staveneset på føremiddagen, og gjekk litt der ute. 

Stongfjorden i går morgon

Stongfjorden
Staseleg kar på Staveneset


Staveneset

Med Olaug og mamma på Staveneset

Mamma, Olaug og Peter
Peter, Olaug og mamma


Årets lam kosar seg i vårsola

Etter at seansen i kyrkja var over, tok eg med meg semifinalen i FA-cupen frå England på TV, før eg gjekk den fantastiske trimruta mi heime i frå til Yndestadhøgeheia, Toreheia og Skylefjellet. I berre joggesko! Ei flott kveldsøkt som avslutta ei minnerik og flott helg! Ja, reint takksam følte eg meg då eg kom heim att i kveldinga. 

Konfirmanten var medhjelpar i kyrkja!
Foto:Kyrkja i Askvoll


Utsikt heim igjen til Yndestad
Og Stongfjorden


Flott utsikt til ruta eg gjekk lørdagsmorgonen.
Opp t.h. på Moldura, austover til Fanafjellet mot midten, og opp på Svarthamrane midt i bildet til Skålefjellet t.v. Nedatt mot midten av bildet til Gjerdedalen. 

Skylefjellet i går kveld.
Utsikt mot Krikavatna og Toreheia (bak)


Kveldsstemning ved Mangevatna

Heime igjen til Yndestad t.h. i bildet

lørdag 18. april 2015

Kalde vindar





I dag gjekk eg den flotte turen frå Neset til Moldura, og aust til Svarthamrane og på Skålfjellet. Ei flott runde dette som tek passeleg lang tid. Ein 4 timar cirka. 

Det er egentleg full vinter i fjellet endå. Iskald vind på toppen av Moldura. No var eg tidleg ute der oppe då, men likevel.... Heldigvis hadde eg bra med tørre og gode klede med meg. Til og med beste vottane mine måtte fram. 


Ja, så gav sola seg. Dukka inn i ein halo. Det vart ikkje nett mildare av den grunn.  

Nei, det var i grunn ok å kome ned igjen i Gjerdedalen. Der song iallefall måltrasta og bokfinken. Oppe i vinteren var det lite teikn til liv. Men trimmen var iallefall i boks. 

No er det til Førde og feire meir gebursdagar av barnebarna mine. To dagar til ende..... Og i morgon er det samtalegudsteneste for komfirmanten i huset... Det skjer iallefall ting på heimefronten...:-)

God helg!