lørdag 21. mars 2015

Herleg broddeføre

Osland
Skålefjellet og Stongfjorden

Skavlar på toppen av Skålefjellet

Jomfrueleg på Skålefjellet i dag tidleg

Skålefjellet
Moldura

Rett vest om toppen av Fagredalen

Nydeleg på Moldura i dag

Dalsfjorden med Straumsnes og Dokka t.h.

I dag valde eg å gå opp Brekka frå Oslandsbotnen, og ta vestover Nipane til Skålefjellet. Mest fordi eg då hadde sola heile vegen. Sjølv om det bles litt austavind var det nydelege forhold. Hard skaresnø, delvis bare hamrar, og med sola i ryggen, gjekk det veldig fint opp på Skålefjellet (sjå fotoserie).

Frå Skålefjellet gjekk eg ned til Skålefjellsvatnet og oppatt Mannskaret, og heldt fram til Fanafjellet. Opp skaret var det knallhard skare og unnasols. Likevel gjekk det heilt greitt med broddar under føtene. Vèl oppe og vestover til Fanafjellet, var det ein sann nytelse igjen å gå i det flotte og solrike vèret. Rett nok bles det litt meir austavind her ute, så eg måtte ta på meg ei jakke og ei hue for ikkje å dra på meg eit kvart ilt til påske...:-) 

Så gjekk eg traversen vestover under Moldura, og tok opp austsida her. Fantastisk flott med 5 cm ganske hard nysnø opp igjen på skaren. Eg var veldig glad for at eg hadde hugsa på solbrillene. Sollyset frå den nye snøen var intenst. Eg sat nokre minutt ved varden, før eg tutla meg ned igjen på vestsida av fjellet, og den vanlege ruta til fjorden ved Neset. Heldigvis var Olaug heime så eg fekk skyss til Yndestad att. Bilen som stod oppe i Oslandsbotnen henta vi seinare. Perfekt fjelltur!


Ingen kommentarer: