søndag 8. mars 2015

Daleturar

Solnedgang på Staveneset i kveld

Vikafossen var kjempesvær i dag

Dale frå Yksnebjør
Mildrid og Anita samlar lerk
Etter at far min gjekk vekk 3/3, vart det to turar til Dale i helga for å ordne med praktiske ting. I dag tok vi syskena oss ein liten tur på Einehaugane òg for å samle inn litt pynt til båra. 

På ettermiddagen vart det ein joggetur til Staveneset og Holevika. 
Godt å få sveitte og samle tankane. 
Ja, jammen fekk eg oppleve solnedgangen der ute òg....
Når sant skal seiast har det ikkje vore for mykje sol i det siste...

Ingen kommentarer: