lørdag 14. februar 2015

..næra havet vil jag bo...

Flott ettermiddag på Høgeheia i dag 

Det vart like godt to turar i dag. Ein skoddetur på Ytrevågefjellet i dag tidleg, der eg sjølvsagt var for tidleg ute  til at skodda letta, og ein seinare på dag på Høgeheia på Stavenesodden. Då eg kom heim igjen frå første turen uttalte fruen "ja det er jo deg i eit nøtteskal"... Må nok innrømme at det er få som kjenner meg like godt som ho... 

Førstnemnde tur er vel ikkje så mykje å snakke om. Eg var tenkt vidare vestover frå Ytrevågefjellet, men der var sikta så dårleg at eg fann det greiast å komme meg ned igjen til Osland. No var eg sjølvsagt klar over at det skulle bli bra vèr ut over dagen, men å vase der oppe i skodda i påvente av godvèr var out of the question. 

Seinare på dag vart alt så mykje annleis. Så eg valde vårkjensla på Høgeheia. Fantastisk flott. Eg talde to snøflekkar på heile turen. Diamentralt motsett av whiteout`en tidlegare på dag. Blått og stille hav som spegla seg i sola. Kvite toppar i aust. Ja, så fort kan forholda snu her på kysten... Sjå bilder og video.

Ingen kommentarer: