Facebook

søndag 1. februar 2015

"Jenter som kommer og jenter som går"....

Heime 31/1

Toreheia i føremiddag

Med zoom til Alden frå Toreheia

Florabassenget frå mitt basseng...

Eg tok opp att same turen i dag som i går. Mest fordi boka på Toreheia var blitt til is. Eg tok difor med meg ny bok, ny boks til boksen og ny innpakning. Så ny bør det halde ei stund til. Kva som hadde skjedd med den gamle boksen i boksen veit eg ikkje. Den var iallefall sprukken i mange bitar då eg var opp i går. Gamle boka har difor reist til syden no - på badgolvet heime er det god temperatur.... Eg skal ta ho med opp igjen neste gong - om nokon er interesserte i kven som har vore her. For sjølv om Toreheia ikkje er eit "poengfjell" i år, synest eg og mange andre at det er fint det ligg bok. Det er ikkje alle som går på dei fjella ein får poeng for....

Elles vart det reine kvinnesleppet på Skylefjellet i dag. Ja, eg traff heile gjengen då eg kom ned igjen på "løypa" her. M.a. fekk eg med meg klesbytet til madamen før ho og Velaug fekk registrert meg...:-)

Paparazzi: Det er dokumentert - Olaug skifta klede på toppen

Ja, så dukka Karen på jobben i Førde opp. Meir fotografering kan du skjøne...

Reine påskestemninga på Skylefjellet i dag med Karen, Olaug og Velaug

Frå toppen tok eg turen nedom Mangevatna, medan Olaug og Velaug tok løypa. Karen gjekk på Blåfjellet litt lenger vest. 

Frå Mangevatn er det utsikt til Toreheia - bakerste toppen t.h
Olaug og Velaug midt i bildet.

Då eg kom ned igjen til elva ovanfor hytta til Wilken, gjekk eg først på Kjell Kristian og Nina. Deretter dukka Anita V. opp. "Long time no see" - så vi slo av ein prat i påskesola. Olaug og Velaug tok meg så att, og dermed vart det nytt bilde. Det er jo ikkje nett kvar dag det dukkar opp mykje sprell levande damer på fjellturane mine

 Ja, til slutt dukka ei smilande og blid Anita V opp - nett som påskesola...

Eg kan difor slå meg ekstra godt på brystet i ettermiddag og utbasunere at det var ein flott fjelltur i dag òg. Mission completed på Toreheia. Og minna om trivelege og flotte jenter heim igjen...! For meir bilder sjå Google-bildelink under.

Legg inn en kommentar