Facebook

lørdag 7. februar 2015

Inferno Toreheia

 Ved Krikavatna

Fy flate det var tøffe forhold oppe på toppen av Toreheia i dag. Det var ikkje så verst oppover. Ok, det bles litt, men ikkje verre enn eg er van med. Men rett før eg kom opp på sjølve toppen skar det til med skikkelege vindròser og snødrev. Sikta var minimal. Eg kom meg akkurat i lè av varden på det verste. Der var sjølvsagt ikkje nokon verandes plass i lengda, så det var berre å hoppe i det ned igjen. 

No såg eg hòla etter stavane eg hadde sett på veg opp. For det meste. Så eg kom meg forsåvidt greitt ned igjen til Krikavatna. Turen vidare til Skylefjellet skippa eg i dag. Eg hadde i grunn meir lyst til å kome meg heim igjen... Som vist på bildet ned under...:-)



Legg inn en kommentar