Facebook

søndag 15. februar 2015

Cold wind to Valhalla...





Det var steikje kaldt på Moldura i dag tidleg. Vinden gjekk gjennom marg og bein. No hadde eg godt med klede med meg, det var ikkje det, men ein kan ikkje pakke seg aldeles inn heller opp gjennom bakkane. Då blir det altfor varmt. Det er akkurat å finne det som er passe som er cluet. I varierande vindforhold er det ikkje alltid like enkelt. Men jammen var det godt å ta på eg varme og tørre klede på toppen!

Elles var det fantastiske forhold å gå opp frå fjorden i nord. Dette er ei kjemperute for den som ikkje har prøvd det. Godt merka av Ansgar Bjarne Høivik på Neset. I dagnytta eg broddar. Det fungerte perfekt på snø, is og skare. Noko vidare tur vart det ikkje. Mest på grunn av vinden. Så eg sprang like godt ned att til fjorden same vegen eg kom opp. Flott og kald 
morgontur!

Legg inn en kommentar