Facebook

fredag 27. februar 2015

Fossedalen memories 2015


Bildefilm Fossedalen med musikk
(eit par av bilda kom dobbelt)...

torsdag 26. februar 2015

Nipebu 2015


Ny bildefilm  Nipebu 2015 med musikk.
Hugs beste oppløysing.




onsdag 25. februar 2015

Øvre Fossedalen


Ny bildefilm Øvre Fossedalen med musikk.
Hugs beste oppløysing.


søndag 22. februar 2015

Whiteout

 






Eg tok tidleg avgarde på Toreheia i dag. Det var kome nokre centimeter med nysnø i løpet av natta. Vèret var sånn passe med litt skodde oppe i fjellet, men eg rekna det som ein grei tur opp på Toreheia. 

Slik gjekk det derimot ikkje. Først og fremst for at det låg minst 30 nye centimeter med nysnø oppover mot Krikavatna. Sjølv med trugar vart det eit slit. Då eg så kom opp til vatna, og fekk sjå opp mot toppen, var det berre skodde. I tillegg begynte det å snøe. Ja, det begynte å snøe slik at eg ikkje såg nokon verdens ting. Unnateke spora tilbake. 

Det er ingen skam å snu heiter det visst. Dei par siste åra har eg ikkje vore så nøyen som før med å nå toppane. Tidlegare var det alltid eit must med å skrive seg inn i bøkene på fjelltrimmen. Slik tenkjer eg ikkje lenger. Heldigvis får eg seie. No går eg dit det passar meg, og når eg ikkje toppen, så er det slett ikkje så nøye. Eg har vore på alle toppane ørten gonger før. Så eg tusla meg heim igjen. I null sikt. I kvite snøkaven. Såg nesten ingenting heilt til eg kom meg ned igjen til hyttene ved Svartevatnet. Greitt det. Trimmen var i boks. Eg var nøgd med det slik...:-)

lørdag 21. februar 2015

Snøslette

Gamlebrua under demma
Overløp på demma
Ei lita gløtte i veret ved fjorden


Stongsvatnet er smekkfullt


Snøklokkene ventar på sol


Hassel har stått i blomstring ei stund

Denne selja heime er alltid tidleg ute...

Det var ikkje akkurat noko fjellvèr i dag tidleg. Snøslette langs fjorden og mykje nysnø i fjella. Så eg kutta ut fjellturen i dag. Sjølv om det var lørdag. I staden tok eg meg ein kombinert jogge og "hurtig-gange-tur" til demma, Osland og Vågane så eg fekk løyst sveitten i det minste. Eg knipsa nokre bilder med mobilen på turen som vist ovanfor. 


fredag 20. februar 2015

Nytt medlem

Fin framside frå Fossedalshengenipa på turprogrammet i år...

For ein tre-fire år sidan tok eg å melde meg ut av DNT i protest mot det eg såg som totalt manglande miljøengasjement blant medlemmer og tillitsvalde. Ikkje ein gong i spørsmålet om nedbygging av kystlandkapet for industriområde for vindturbinar var interessa der. Eg er kritisk til naturengasjementet i organisajonen i dag òg. Altfor få står på barrikadane i arbeidet med å ta vare på norsk natur. Vassdrag etter vassdrag forsvinn, og stadig meir landskap blir bygt ned. Dette utan at folk reagerer. For meg er dette eit samvitsspørsmål. Eg synest difor det er beklageleg at ikkje fleire medlemmer i turlaga, som tilsynelatande set pris på naturen dei vandrar i, ikkje ser det på same måte. 
Så mi oppfordring er - bry deg om norsk natur!

No når det er sagt, kan eg likevel stadfeste nedanfornemnde. 

Velkommen som medlem i DNT og Sogn og Fjordane Turlag.

Gustav Skaar, Hovedmedlem (kr. 610), medlemsnr: 6078155.

Eg har fått meg eit flettande nytt medlemsnummer! 
Dette er nok mest Alvar Melvær si forteneste + Astrid...




Engebøfjellet med Førdefjorden


Eg snekra i hop ein video med bilder frå Førdefjorden mot Vevring i dag.
Dagbrotet i Engebøfjellet vil syne att på land òg...

God helg!

torsdag 19. februar 2015

Ny støtte for Fossedalen

Øvre Fossedalen med Fossedalsvatnet og Krokavatnet.
Midt i bildet oppe ligg Fossedalshengenipa.
Den gamle ferdaruta frå Dalsfjorden til Førdefjorden gjekk via Fossedalen til Øvre Fossedalen, og vidare på vestsida av Krokavatnet til Markavatnet. Dette er den lågaste fjellovergangen sør/nord. 


Bilder frå Markavatnet der SFE byggjer vidare ut no...










mandag 16. februar 2015

Høyringsuttale til NVE vedr Fossevika kraftverk

Nve

Nve@nve.no                                                                                                   Dale, 15.febr. 2015


Vedrørande søknad om kraftutbygging i Fossedalen/Fossevika, saksnr. 201400336

Høyringsuttale frå Fossedalens Vener til nemnde søknad.
      Fossedalen er ein veglaus dal, der namnet kjem av alle fossane.
      Den gamle fjellgarden Nedre Fossedal er ikkje eit inngrep som skissert i Konsekvensutgreiinga (KU) for søknaden, men av stor kultur- og landskapsmessig rikdom.
Øvre og Nedre Fossedal med toppane i aust. 
Fossedalsfossen midt i bildet nede. (Laukelandsfossen t.h.)

Fossedalsfossen
      Askvoll og Fjaler kommunar sa i 2004 med stort fleirtal nei til kraftutbygging i Fossedalen.
      I 2015 vart resultata det same i båe kommunestyra (sjå eigne tilsende handsamingsvedtak frå kommunane).
      Lite er endra i høve 2004. (Vatnet skal førast i tunnel i staden for røyrgate. Innslaget og stasjonen er flytta mot vest i Fossevika). Verknadane for Fossedalsfossen, elva og fosselandskapet gjennom dalen, lonane ved Nedre Fossedal og Vikafossen med utløp i Dalsfjorden er dei same som før.
      Iflg. tabell i KU side 42 er middelvassføringa sett over heile året 1.728 l pr. sekund. Om sommaren er middelvassføringa ein heil del større. Omsøkt minstevassføring om sommaren er 400 l pr. sekund. Altså berre 23% av middelvassføringa. Det blir ikkje så mykje liv i fossane då, samanlikna med det normale, sjølv om dei ikkje blir heilt tørre.
      Slukevne i kraftstasjonen:  2.935 l pr. sekund, eller 1,7 gonger middelvassføringa. Det betyr at det om sommaren ikkje "renn over" før vassføringa blir 2.935 + 400 (minstevassføring) = 3.335 l pr. sek. eller 1,93 gonger middelvassføringa. Slukevna i kraftstasjonen er så stor at den fangar opp alle mindre flaumar og dei aller fleste vassføringar om sommaren etter at den største delen av snøsmeltinga er ferdig.
      Som ein ser av tabellen, er det nokre mindre flaumar som gir overløp under snøsmeltinga i mai og juni. I den finaste tur- og turistsesongen i juli og august er det nesten ingen flaumar, slik at det nesten berre renn minstevassføring i desse to finaste månadane. (Ein ser også at dei naturlege vassføringane i desse to månadane med nokre få unntak er betydeleg høgre enn den flate streken for minstevassføinga, sjå grøn kurve.) Unntaka er ein enkelt liten flaum i midten av august og ein stor flaum heilt i slutten av august dette året. Elles ser vi at dei fleste store flaumane i Fossedalselva kjem om hausten.


    Kurvene vil sjølvsagt variere sterkt frå år til år. Men hovudtrekka vil vere dei same frå år til år: Ein del overløp under snøsmeltinga i mai og juni. Nesten ikkje overløp i det heile i juli og august, og flaumar med overløp når det er kraftig regnvær om hausten, og enkelte år litt lenger.
   Nedbørsfeltet til den omsøkte utbygginga er på heile 16 kvadratkilometer. Pr januar 2013 i store INON frie landskap(sjå kart fylkesmannen).

  Fossevika og Fløyen (Kystarvsti og fjelltrimpost)
      Grunneigar av dei gamle kulturminna i Fossevika har fått offentlege midlar (STILK) til istandsetjing av bygningsmasse og kulturminne. Ei kraftutbygging bryt med autensitet og heilskap i vika..
I Vikafossen: »Kulturminnet tok vare på naturminnet»…
Kvernsteinar i Vikafossen
Dalsfjordbrua har opna opp eit unikt turterreng nær Dale. 
Den nye turstien går i høgre bildekant.
      Som følgje av Dalsfjordbrua og betre tilgjenge frå Dale-sida av fjorden, har besøkstala for DNT sine hytter, spesielt Nipebu, auka monaleg. Auken har vore på over 30% i 2014.(sjå Indre Sunnfjord Turlag si årsmelding). Klipp lokalavisa «Firda» 13/2: Nipebu var den nest mest populære turlagshytta i fylket i fjor.
      Den nye stien er støtta med tilskot frå DNT og Sparebankstiftinga. Denne er òg del av Kystarvstiprosjektet i kommunen til Fløyen og Heileberget. Området kjem med dette meir til sin rett for alle. Og vil i framtida bli den mest nytta innfallsporten til det unike natur- og fosselandskapet på nordsida av Dalsfjorden.
      Etter at fjelltrimposten på Fløyen vart tilrettelagd, er posten på denne besøkt heile 881 gonger på vel eitt år. Før om åra, og før brua, var besøkstala på under 100.
      Ein opplevde i sommar reine «folkevandringa» til Fossedalen, der parkeringsplassen ved brua i fleire høve var for liten
      Fråveret av veg og trafikk i Fossedalen aukar opplevingsverdien av det enkle friluftslivet. Fossedalen er å rekna som sentrumsnært område til Dale etter at Dalsfjordbrua vart bygd.


Frå Dalsfjordbrua ser vi fjord og fosselandskapet ved Fossevika. T.v. Vikafossen og Laukelandsfossen (freda). Fjella er Kringla, Blegja og Laukelandshesten.
       År 2015 er Friluftslivets år. Løypa mellom Otterstein og Fossevika vil bli opna 31. mai. Opninga er teken inn i lokallaget av DNT, Indre Sunnfjord Turlag, sitt turprogram for 2015.
      Det er under planlegging ny merka sti til DNT-hytta Massbu frå Nedre Fossedal som del av eit "trekantopplegg". Avtale med grunneigar er skriven.
      DNT og Kystarvstiprosjektet har vidare planar om utvikling av stinettet.
      Friluftsliv er ei viktig kjelde for god folkehelse. Fysisk fostring sparer  kommunen for utgifter.
Stien langs Fossedalsvatnet er mykje nytta. Her ved Øvre Fossedal med fjellet Eitrenipa, fjelltrimpost, bak 
På dugnad er det sett opp fleire nye bruer i Fossedalen
      I regi av DNT er det på dugnad av Fossedalens Vener sett opp 3 nye bruer over Fossedalselva.
      Miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen har definert Fossedalen/Nipebu som eit område av spesielle naturverdiar (EDNA) (sjå kart fylkesmannen)
      Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen har avsett same område som lokalt og regionalt viktig friluftsområde (FRIDA) (sjå kart fylkesmannen)
      Ei kraftutbygging vil redusere INON (inngrepsfri natur, spesielt nær Laukelandsfossen/Storelva. Eit parti som er verna.
      Fagrapportane som er utarbeidde i høve utbygginga er mangelfulle. Dei er heller ikkje utførte av kompetent nok personell. I tillegg på feil årstid m.a. etter fugletrekk sesongen.
      Tidlegare er det m.a. observert strandsnipe (NT på raudlista) og fossekall ved lonane og fossane. Orrfugl har spelplass vest om Nedre Fossedal.
Smålomen ved Nipebu fiskar høgst truleg i Fossedalsvatnet
Eigarane av fritidseigedommen «ELRAKI» i Fossedalen nyttar Fossedalselva og lonane som vasskjelde, bading, vask og fiske. Heid og Ingrid Fagerheim er eigarar og går mot utbygging av vassdraget. Elva renn rett forbi eigedommen.
Oversiktsbilde: Fossedalsvatnet t.v og området mot Nipebu. Vi ser m.a. Heileberget (merka kystarvtopp og fjelltrimpost i Askvoll) og Fossedalshengenipa t.h (fjelltrimpost i Askvoll) Foto frå Eitrenipa (fjelltrimpost i Askvoll).
      Som typevassdrag, frå alpint høgfjell til fjord, er Fossedalsvassdraget det siste i kommunen som ikkje er bygt ut. Kommunen er frå før betydeleg prega av vassdragsutbyggingar m.a. i nabovassdraget i Skorva, der det no føregår ei betydeleg utbygging, i Stongfjord-fjella og i Rivedal.  Askvoll kommune er stor eksportør av fornybar energi.
      Som landskapselement i Dalsfjorden er Vikafossen saman med Laukelandsfossen (sørvende begge to) viktige å ta vare på for framtida. Dei er ein del av identiteten vår.
      Fossedalen/Fossevika og fossane er etter vårt syn ei merkevare for Dalsfjorden som turområde.


Eitt av fleire utløp av Fossedalselva i Dalsfjorden. Vikaholmen midt i bildet. Kva verknader og endringar ei kraftutbygging vil ha på livet i fjorden og i brakkvassona, er eit uavklart spørsmål. Størstedelen av vatnet (over halvdelen) kjem på feil stad. I lange periodar vil nesten alt vatnet kome via kraftstasjonen.

      Nedre Fossedal har saman med noverande utbetring av kulturminne og bygningsmasse i Fossevika (støtta av kommune og stat) betydeleg potensiale i turistsamanheng. M.a. nyttar Åmot Operagard og turistar området i dag. Som omdømebyggjar er dette i lag med Fossedalen, DNT sitt løypenett og Laukelandsfossen (verna) viktige i reiselivssamanheng, "på folkemunne" og i sosiale media. Ei kraftutbygging vil skape støy og negativ merksemd for kommunen.
      Folk som satsar på turisme i pakt med natur må prioriterast. Ei kraftutbygging i Fossedalen er ikkje framtidsretta. Den omsøkte utbygginga vil ikkje føre til vekst i arbeidsplassar eller tilflytting. 
      Det er ikkje fast busetnad i Fossedalen.
      Fallrettshavarar er heimehøyrande utanfor Askvoll kommune.
      Fossedalen, som før kommunereguleringa høyrde til Fjaler, er/var i stor grad knytt til fjalerfolk og folk med tilknyting her. Dei aller fleste grunneigarane er heimehøyrande i Fjaler. Som ein veit frå underskriftsaksjonen mot førre søknad i 2004 var det særs stor motstand mot utbygginga. Det vart samla inn 1561 seriøse underskrifter (dei vart alle gjennomgådde). I år følgde såleis politikarane rådmannen si innstilling mot ei utbygging med eit røystetal 20 mot 3.
     Limnologiske tilhøve Fossevika Kraftverk.
Fossedalens Vener vil  komme med ein merknad til dei limnologiske verknadane av ei kraftutbygging slik Fossevika Kraftverk har søkt om; etter at vi har fått delta på synfaringa som NVE vil halde i løpet av våren eller sommaren 2015. 


For Fossedalens Vener
Agnar Åsnes
Arild Laukeland
Bente Liabø Thorsen
Roald Nordeide
Gustav Skaar
Alle foto Fossedalens Vener
Vedlegg 1: Angående konsekvensutredning, Fossedalen, vedlegg 8 «Småkraft AS» ved Multiconsult AS oktober 2014
Vedlegg 2: Tilleggspunkt til uttale Multiconsult 3.6.2 Generell områdebeskrivelse
Vedlegg 3. Befaringsrute – bekkekløft - fossesprutsone
(fleire bilder originaldokument)
 Vedlegg 1
ANGÅENDE KONSEKVENSUTREDNING, FOSSEDALEN, VEDLEGG 8 «Småkraft AS, Fossevika småkraftverk, miljøvurdering, utarbeidet av Multiconsult oktober 2014
Denne uttalelsen tar i hovedsak for seg vurderingene av det biologiske mangfoldet i området.
Arbeidet baserer seg hovedsakelig på litteraturstudier, i mindre grad på feltstudier (side 6.)
En av personene, som skal kartlegge det biologiske mangfoldet og forekomsten av rødlistede arter, mangler kompetanse innenfor biologifaget. «Feltbiolog» er ikke en beskyttet yrkestittel. Betegnelsen er uten substans.
Deler av området ble ikke tatt med i befaringen. Ikke grunngitt hvorfor (s.6).
Utrederne kategoriserer selv kunnskapsgrunnlaget som middels (2) til godt (3).
s.18, 3.4.1. «Fugle- og pattedyrfaunaen antas å være representativt».
«Det antas at en del av trekkfuglene hadde forlatt området».
Side 22: det grunngis ikke hvorfor befaringen ble gjort utenom hekketida. Det sannsynliggjøres at arter finnes.
Videre antas det at en del pattedyrarter, herunder mange smågnagerarter, forekommer i området.
Enda vagere er formuleringene angående amfibier og reptiler.
Datagrunnlaget kan med fordel nedjusteres til mangelfullt (1).
3.4.2. Samlet verdivurdering.
Avspises med 3 linjer, og konklusjonen er at området er av middels verdi m.h.t. biologisk mangfold. Denne konklusjonen gir ikke det svake datagrunnlaget noe grunnlag for.
Side 25: 3.6, Marint miljø.
3.6.1, Datagrunnlag innrømmes å være som «mangelfullt til middels (1-2)».
3.6.3, Rødlistearter.
Ingen kjente funn. Området ble ikke undersøkt.
3.6.5 Verdivurderes til «middels verdi». Burde ha skrevet at man mangler grunnlag for en verdivurdering. Kategoriseringen som «middels» har man utilstrekkelig datagrunnlag for.
Kap. 4, «Virkning og konsekvenser av tiltaket».
s. 45, «Rødlistearter».
Man innrømmer ikke å ha påvist rødlistearter av fugl og annet vilt. Man kan ikke påregne å påvise så mye under et såpass snevert tidsrom som noen få timer. De mest truete artene strandsnipe og fossekall er i rødlista (2010) kategorisert som, «Nær truet» (NT). Det har blitt observert hubro i området. Hubro er kategorisert som «Sterkt truet» (EN). Det er tydelig at en kort befaring utenfor hekkesesongen gir et utilstrekkelig grunnlag for å bedømme områdets betydning for evt. rødlistede arter og bestander av hekkende fugl.
s. 48, 4.5., Marint miljø.
s. 48, 4.5.2, «Konsekvenser ved deponering av steinmasser og anlegging av molo.»
Multiconsult anser ikke marine undersøkelser som nødvendig, enda man ikke vet om det forekommer rødlistearter innenfor området. Mangel på data er et premiss for konklusjonen.
s. 57, 4.14, Samlet konsekvensvurdering.
Multiconsult konkluderer med at utbyggingen vil medføre at elva fremstår som «temmet». Ved å sette virkningen i anførselstegn, bagatelliserer utreder virkningene. Bruken av ordet «viss» trekker i samme retning. Det innrømmes derimot at «Omfanget når det gjelder innvirkning på elva som miljøskapende element og dalførets opplevelseskvaliteter vurderes totalt sett som middels negativt». Det nest siste ordet blir i stor grad imøtegått av brukerne av området, som anser inngrepet som meget negativt for opplevelsesverdien.
s. 59, tabell 11, «truete arter» lider av mangelfullt datagrunnlag, en konsekvens av befaringens lengde og tidspunkt.
s. 61, 5 Usikkerhet i datagrunnlag og vurderinger.
Multiconsult mener tydeligvis at to befaringer i området med 8 års mellomrom gir et «relativt godt datagrunnlag». Den siste befaringen er attpåtil utført av personer uten dokumentert biologisk kompetanse.
At tidspunktet for befaringen er for sent for en fullgod kartlegging av hekkefugl innrømmes, men bagatelliseres: «,men med utgangspunkt i egne erfaringer og kunnskap fra tilsvarende vassdrag i regionen vurderes dette som mindre kritisk i forhold til det aktuelle prosjektet (potensialet for interessante funn vurderes som begrenset)». Utreder synes altså at det arbeidet som er utført er godt nok til å trekke konklusjoner ut av: «Graden av usikkerhet knyttet til verdi- og konsekvensvurderinger for biologisk mangfold vurderes derfor som liten.»
Dette forholdet kunne man ha tatt opp i kap. 7, «Behov for oppfølgende undersøkelser», men det har man ikke gjort.
s. 63, 6.3. Anleggstekniske innretninger.
Multiconsult har ikke vurdert hensikten av en tunnel med tverrsnitt på 4x4 meter for å romme et rør med en diameter på 1,0 meter (s. 12 i «Konsesjonssøknad for Fossevika småkraftverk»).
s. 70, «Artsliste fra befaringen 20.09.2012».
48 arter, de fleste i Planteriket. Hele Dyreriket mangler. Svakt.
Oppsummering:.
·         Kartlegger opererer med ikke – eksisterende yrkestittel: «feltbiolog».
·         Kartlegger mangler relevant fagkompetanse i biologi.
·         Lengden på feltstudiet er utilstrekkelig.
·         Resultater er sterkt mangelfulle (jfr. s. 70).
·         Usikre konklusjoner: «antas», «trolig», «sannsynligvis», «viss».
·         Konklusjonen bygger i stor grad på selvreferering (s. 61)
Denne rapportens validitet er svak, m.h.t. verdivurderingen av det biologiske mangfoldet.

Vedlegg 2.
BEFARINGRUTE – BEKKEKLØFT – FOSSESPRUTSONE

Befaringsruta den 20.09.2012  (sjå fig 8, s.11 i MultiConsult sin rapport) viser at ein knapt har undersøkt bekkekløfter langs vassdraget (pga. vær/stor vassføring). Befaringsruta i 2004 er ikkje vist.

Ein har vore bortom Vikafossen på berre ein stad, dessutan gått langs elva ovanfor fossen. Områda der dei største fysiske inngrepa kjem, er ikkje undersøkt. Det går fram av siste avsnitt på s. 17 i rapporten. Det er truleg at også dette området har rik edellauvskog – nasjonalt ein sjeldan naturtype.

Vikafossen har øvst form som ei kløft, med fast fjell på begge sider. Den nedste delen av fossen deler seg i fleire løp gjennom ei ur, til dels med store steinar lengst oppe. Ura har form som ei rasvifte. Fossefallet går difor gjennom ei bekkekløft og  ei ur. I området er det frodig plantevekst med skog.  Denne er ikkje undersøkt nede i rasvifta.
Deler av denne ura/rasvifta er i Økonomisk kartverk (1972) avmerka med Høg bonitet for skog.
Det same gjeld lengst vest i utbyggingsområdet, avsett til Riggområde.
Boniteten her er like bra som i dei registrerte områda for for Rik edellauvskog på begge sider av Laukelandsfossen, men areala er mindre.

I vernesamanheng er bekkekløfter (s.163 i Handbok 13 for naturtypekartlegging) gjeve  stor merksemd nasjonalt, med systematiske undersøkingar med påfylgjende oppretting av naturreservat. Då vert det spesielt merkeleg at den biologiske undersøkinga i konsekvensvurderinga ikkje omfattar ei systematisk synfaring av bekkeleiet. Her kan det være viktige førekomstar som ikkje er funne, og som er avhengig av eit slikt høgt fuktnivå som berre ei urørd vassføring kan gje. Befaringsruta fylgjer turstien som på berre få strekningar har nær kontakt med elva.

Det biologiske mangfaldet i bekkekløfter er gjerne knytta til nakne berg, rasmarker, og til spesielle livsmedier som gamle tre og død ved.

Fig. 10 syner at området består av forvitringsmateriale og skredmateriale.

Under pkt. 3.2.2. Områdebeskrivelse, framgår det at
«nederst langs  fjorden er det innslag av grønnstein/grønnskifer, som er en bergart som forvitrer
lett og som avgir mer plantenæringsstoffer. Potensialet for basekrevende arter er da større i
dette området.».

Samanheldt med at dette er i ei sørboreal vegetasjonsone med både vestlege og østlege artar,  må det gjennomførast ei grundig kartlegging av fossesprutsoner og bekkekløfter i det 1,5 km lange elveløpet som er planlagt regulert. Også fordi Fossedalsfossen like nedanfor vassinntaket, kan vere ei slik sone.

Konklusjonen av MC s. 17 om at det er lite potensial for funn av rødlisteartar, kan difor dragast i tvil. («Det vurderes å være lite potensial for funn av vassdragstilknyttede rødlistearter av moser, lav og karplanter, siden elvekanten domineres av svaberg og stor stein som ligger eksponert til for flom (se figur 11 og 12).»





Det er gjort nye funn av rødlisteartar og naturtypar i samband med andre konskevensvurderingar. Nye data er ikkje lagt til den nasjonale databasen «Naturbasen». Rik edellauvskog er ein av naturtypane som er nemnd på s. 18 i rapporten og vist i fig. 39. Den næraste ligg ved Eikeskora, kalla «Laukelandsfossen vest».

Det verkar merkeleg at rapporten ikkje vurderer naturtypen ”Fossesprøytsone E05 (s.117 i Handbok 13).  Elveløp har kategorien NT (nær trua) i ”Norsk rødliste for naturtyper 2011”. Spesielt er fossesprøytsonene trua av vasskraftutbygging.

 Iflg. Miljøfaglig Utredning sin rapport av 2004; «Biologisk mangfold i Askvoll kommune», er det behov for nye undersøkingar før det biologiske mangfaldet er godt nok kartlagt, idet ei systematisk kartlegging ikkje er gjort. Sjå kap 7.

I Regional plan med tema knytt til vassdragsutbygging, vedteken av fylkestinget i SFj i 2012, er dette temaet omtala i  kap 2.2.2 s. 17:
«Bekkekløfter og fossesprøytsoner, jamfør boks 2.2.3, er naturtypar som er særleg utsette ved bygging av vasskraftverk. Fossesprøytsoner er svært avhengig av vassføringa i elva.»
og  «Der slike elvestrekningar vert påverka er det alltid eit spørsmål om rest- og minstevassføringskrav kan vere akseptable avbøtande tiltak, eller om naturtypen har så stor verdi at den bør ha eit naturleg vassføringsregime. Dessverre har vi liten oversikt over kvar vi finn dei mest verdfulle fossesprøytsonene og bekkekløftene.»

Under kap. 4.1 Statlege retningsliner for vasskraftutbygging i same dokumentet finn vi Om Fjordlandskap, at

 «  Inngrep som medfører bortfall eller vesentlig reduksjon av dominerende landskapselementer, for eksempel fosser i fossefjordlandskap, bør som hovedregel unngås. «

Og vidare i kap. 4.3 Fylkeskommunale retningsliner for vasskraftutbygging:
om Biologisk mangfald: 

Naturtypar
8.      Fossesprøytsoner og bekkekløfter med stor verdi (A), samt villreinområde, skal ha prioritet 1.
9.      Fossesprøytsoner og bekkekløfter som ikkje er undersøkt skal ha prioritet 1, inntil eventuell undersøking klargjer verdi.


Vi syner og til NINA-rapport 738: «Naturfaglige registreringer av bekkekløfter i Norge
Sammenstilling av registreringene 2007−2010 «

der det i Vedlegg 1, s. 195 ff.:  Oversikt over kartlagte områder;  går fram at det var kartlagt berre ein lokalitet i Fjaler og ein i Gaular pr. 2010. Ingen i Askvoll. Av totalt 42 i fylket, av desse 38 med registrert naturverdi. 

Vedlegg 3 


Kommentar til MC sin omtale av
Marint miljø; 3.6.2: Generell områdebeskrivelse:

    «Dalsfjorden er en trang og lukket fjord uten stor vannutskiftning».


    Det motsette er tilfelle. Med unntak for eit litt grunnare parti nord av Kjøsneset er Dalsfjorden ein relativt smal men likevel open fjord utan tersklar. Elles vert fjorden gradvis grunnare innanfor Nishamaren (Dalsfjordbrua).

Med tilførselen av ferskvatn frå store elvar/vassdrag som Gaularvassdraget, Storelva med Laukelandsfossen, Fossedalselva, Storelva i Dale (med tillegg av Guddalsvassdraget via Flekkefjorden) og elvane i Gjølanger, Lone, Rivedal og Holmedal; er påstanden meiningslaus.

Pga den store ferskvasstilførselen vert det skapt mykje straum i fjorden.

Ved langvarig vind frå vest, vert det elles oppstuving av tyngre sjøvatn innover i fjorden, noko som kan føre til  eit skråstilt  sjikt mellom tungt sjøvatn og lettare ferskvatn. I slike periodar er vasshøgda større enn i farvatnet utanfor fjorden. Når vinden så snur, for eksempel til austavind, fossar vatnet ut fjorden igjen, gjerne med ekstra effekt frå avrenning av ferskvatn frå vassdraga i området. Ved botnen er det sjølvsagt mindre straum enn nærmare overflata, men likevel ikkje mindre straum enn andre fjordbasseng ein kan samanlikne med.

Dalsfjorden er difor ingen «trang og lukket fjord uten stor vannutskifting».