Facebook

torsdag 22. januar 2015

Kanon vinterferiedag

Nydeleg morgonstemning ovanfor Krokavatnet. Vi ser Eitrenipa og N&S Kringla

Første solstrålane for dagen på Vardenova, Stordalsfjellet og Portafjellet

Eg trur eg skal driste meg til å skrive at eg fekk maks utteljing av denne feriedagen. Etter mine føresetnader og behov. 

Men for å starte med morgonen, så gjekk eg frå Skjerlia i 8.30 tida. I grålysninga heldt dumpers og gravemaskin på med anleggsvegen o.a. til kraftutbygginga der oppe. I utløpet av Grunnevatnet òg. Dette skal eg la gå forbi i all stillheit - dei som kjenner meg - eller har følgt bloggen - veit kva eg tykkjer om dette....

Med broddar under fjellskoa gjekk det radig opp dalen. Forbi Krokavatnet med fantastisk utsikt til Kringla og Eitrenipa i morgonraud himmel. Kanskje ikkje heilt overraskande låg det mykje snø oppover. Eg synest det har sin fordel med at terrenget blir jamna ut då. Det gjekk difor fort opp til Nipevatnet som låg heilt snøkvitt. Isen under heldt som ingenting. Det same over Langevatnet. Og så stod eg på Nipebu. 


Nydeleg vinterstemning på Nipebu med Fossedalshengenipa i morgonsol

Naustet var som sokke i jorda. Eller kanskje rettare sagt - sokke i snøen. Det var fullstendig vekke. Men eg fann kanten på taket då eg trakka gjennom snøen her. Eg måtte jobbe litt med å kome meg inn i hytta. Det låg godt med fòksnø opp etter den. Men omsider kom eg meg inn og fekk ynskje eit godt Friluftslivets År i boka.... Eg var nok førstemann innom i år....

Eg gjekk så vidare sørover. Ned skaret aust om Vårdalsstølen, for den som er kjend, og begynte oppstigninga vest om Nonsholten. Han er dryg opp her. Spesielt sidan det er best å gå heile oppstigning på skrått. Eg gjekk framleis på berre føtene med broddar under. Det funka heilt fint. I fòksnø og delvis skare. Trugane hang godt på sekken....  Etter å ha forsert heile stigninga var det rake vegen mot Fløyen. Sjølv om det sjølvsagt tek si tid innover. Heileberget er langt....

Eg toppa ut der inne, og fekk sjekka boka. Det var liksom "oppdraget" i dag. Synleggjere kor mykje folk som har gått den nye Kystarvstien etter at Dalsfjordbrua kom på plass. Som enkelte veit er deler av dette same ruta som til Fossevika/Fossedalen, som no er søkt utbygt. Heile 883 personar hadde skrive seg inn i boka - eg måtte sjølvsagt ta med mi eiga underskrift denne gongen òg. 



Vinterstemning på Fløyen

Eg var litt forundra over at klokka ikkje var meir enn ho var. Knapt 12. Og medan eg gjekk ut igjen mot Nonsholten, vog eg returalternativa opp mot ein annan. For ned framsida valde eg vekk. Det er no forsåvidt berre rett ned igjen. Korleis snøforholda og eventuelt is var her nede hadde eg ikkje særleg ynskjemål om å sjekke av. Meininga var nemleg å gå ned frå Nonsholten til Grautadalsvatnet ved Dalsstølen, og gjennom Fossedalen til fjorden. Men det såg så steikje mørkt ut i skuggelandet der nede. Og no når eg endeleg hadde så flott sol her oppe. Nei, eg kunne ikkje gå ned igjen i skuggen... Så eg heldt fram vestover. Kravla meg opp søkket på Driveknolten, og fekk sjekka av trimboka her. Eg var på Driveknolten ein tur tidlegare i haust, men sidan den tid var det komne rikeleg med nye namn i boka. (Dette "jaget" har eg i grunn meldt meg av... Noko som har kravd mykje jobbing med meg sjølv for å fri meg frå....Alt med måte heiter det....) 

Det var begynt å skye til no. Noko som var meldt. Så sola forsvann delvis då eg nådde ned til Høgholten. Og ned framsida med Rivedal nedom føtene var i grunn noko eg hadde fundert litt på. Forholda vinterstid kan vere ganske utfordrande ned fjellsida. Eg valde difor å ta på meg stegjarna ned her. Noko anna var ikkje forsvarleg. Fjellet var skikkeleg bratt av snøen, og den var hard og isete fleire plassar. I tillegg hadde det gått ras.... Men med forsiktigheit gjekk det i grunn ganske greitt. Det verste er hvis kneskjelven kjem - då er det berre å stå dønn i ro til det går over.  

No var mykje gjort. Og turen vidare vestover og ned til Rivedal, er vel ikkje så mykje å nemne. Det gjekk veldig greitt på trugar. 


Kjekt å plukke av seg stegjarna igjen med utsikt til Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden.
Fjella t.h. er Dokka og Bakkefjellet

Vel, no var likevel gode råd dyre. Avhentinga eg hadde avtalt med Olaug på Otterstein, etter at ho var ferdig på arbeid, måtte avlysast. Eg hadde rekna meg bra tid i Fossedalen sidan eg har litt lite vinterbilder her i frå. Og no var eg to timar for tidleg ute. Men snakk om flaks - då eg kom ned til hovudvegen kom skulebussen frå Dale til Askvoll. Utan pengar og kort fekk eg likevel haik, og kven andre enn Olaug stod parat og gjorde opp for meg i Askvoll. Mega! 

Då eg no hadde endå meir tid til å fylle til eg fekk ny haik heim igjen, og til Skorva etter bilen, tok eg meg ein tur ned i båthamna. No fekk eg servert dagens dessert - tre halvvaksne otrar leike seg ved elveutløpet... Og jammen fekk eg inn ein liten videosnutt av det òg. Kjempe! Snakk om vellukka dag! Så no sit eg her og føler meg veldig privilegert :-)





Legg inn en kommentar