lørdag 31. januar 2015

Sveitt lørdag...



Etter å ha vore forkjøla nokre dagar, var det godt å få ei skikkeleg gjennomkøyring på Toreheia og Skylefjellet i dag. For det låg alvorleg med snø i fonnene oppover. Men som alltid ligg snøen veldig ujamnt her ute. Snaue rabbar og djupe fonner... 

I dag brukte eg trugar opp.. Helt frå Rinda nesten. Men det er klårt at det er tungt å gå med trugar òg i så djup laussnø. Så det vart ei ganske hard økt. Dagen starta i tillegg med å måke snø heilt frå huset til hovudvegen. Ja, det vart ei del sveitte i dag....:-)
Er ikkje heilt sikker på arten...


torsdag 29. januar 2015

Eitrenipa eller Ertrefjellet


Det er 4 gode ruter på Eitrenipa.
Du kan gå frå Dalsfjordsida og Fossevikja til Fossedalen. Vidare langs Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen og så opp Eitreskaret. Midt i skaret kan du ta skåra opp på vestsida, eller gå opp heile skaret og gå den relativt slakke stigninga til toppen frå aust. Dette er ein fantastisk flott tur gjennom gamalt kulturlandskap. I Fossedalen er det òg mange flotte kulturminne.
Du går òg opp Eitreskaret dersom du kjem frå DNT-hytta Nipebu og vil på Eitrenipa. Dette er ein flott avstikkar frå den merka ruta frå Nipebu til Massbu, eller omvendt om du kjem frå aust og går mot vest.
Ei anna rute er å gå frå aust frå Blegja og ut Blåegga. Denne ruta er bra varda. Dessutan seier vegen mykje seg sjølv her oppe i det alpine landskapet, der du òg ser toppane frå aust mot vest.
Den fjerde ruta opp er frå Førdefjorden og Skorva. Her er ei meir detaljert beskriving.
Du tek av eit par kilometer før Flokeneset i utkanten av tunnelen der det står skilt til Skjerli. Du køyrer så opp til Markavatnet og kan parkere der det står skilt til Nipebu (merka DNT-rute). Føl stien til austenden av vatnet, og vidare opp mot sør gjennom grinda. (Skal alltid vere leten att frå vår – haust) Ta av frå den merka stien rett før brua, og opp venstre sida av elva. (Elva har utløp frå Leknesvatna). Hald denne sida av elva heilt opp til vatnet. Omlag midtveges opp til vatnet går det ein løypestreng ved eit hammarslag ved elva som er god å halde seg i. (Då er du på rett veg) Vegen vidare opp til vatnet går over to, tre hamrar og opp til fossen. Her må du gå opp ei litt bratt skår på 4-5 meter, der det heng ein løypestreng til å halde seg i. Men den er heilt problemfri å komme seg opp.
Austover langs Leknesvatna er det greiast å ta nordsida av vatna. Det er bra sti og delvis merka med vardar. Litt småkupert, men lett å ta seg fram. Og nydeleg utsikt. Eitrenipa kneisar i søraust-enden av vatna med den karakteristiske forma si. Heile vegen austover ser du Blegja og Eitrenipa. I enden av første vatnet passerer du over brua mellom vatna for å komme deg sør om. Det er særs idyllisk her. Og du ser med fryd (?) opp på det majestetiske målet…
Tyngste biten er frå vatnet og opp. Ganske bratt og litt krevjande. Men ruta og retninga seier seg sjølv. Du ser kvar du kan gå. Men du føl den lange “grasbakken” opp sørover til du kjem opp under kanten på fjellet. Ta litt bort (sør) flata heilt under bratte fjellet. Så tek du opp skåra til venstre (aust). Deretter den lengre og ganske bratte skåra opp til høgre (sør). Høgt og midt oppe i fjellet svingar skåra ganske bratt opp til venstre igjen (aust) – og du er aldri i tvil om retninga…! Sjølve toppen er eit stort platå som hallar austover. Dei andre retningane fører bratt utfor, unnateke Eitreskaret i sør (som du først må austover for å komme ned i – eller gå ned den breie skåra som går vest/søraust frå toppen). Herifrå kan du gå til Massbu/Nipebu/Fossedalen… Det er ingen parti som er spesielt luftige.
For å rekne litt grovt på det bør du ha 3 – 4 timar frå Markavatnet til toppen av Eitrenipa. Alt etter form og deltakarar. Om vinteren bør du ha isbroddar eller stegjern i sekken då det kan vere hardt og isete i skara mot toppen…
Frå Eitrenipa har du veldig flott utsikt mot vest og Askvollhalvøya med alle fjella og havet. Mot nord ser du Høgefjellet og Ålfotbreen. I aust ligg Blegja og Storehesten. Og mot sør ser vi Dalsfjorden og deler av Dale. 



tirsdag 27. januar 2015

Fossedalshengenipa


Fossedalshengenipa, eller berre Hengenipa, er med sine 713 moh eitt av fleire fjell på Askvollhalvøya som er mellom 7-800 meter. Fjellet ligg sentralt i same område som mange av dei andre, lett tilgjengeleg frå fleire kantar. DNT-hytta Nipebu ligg som næraste nabo i vest. Rutene frå Otterstein/Fossevikja til Fossedalen, Rivedal, Massbu og Førdefjordsida/Markavatnet er DNT-merka til Nipebu. Desse er greie som tilkomst til oppstigninga av ryggen på Fossedalshengenipa òg. Sjølve toppen på Hengenipa er lett synleg frå hytta.
Det er berre tilkomst til siste oppstigninga på Fossedalshengenipa frå aust. Fjellet ligg som ”ein grå kval” med bratte sider i nord, sør og vest. Ryggen er ganske bratt, omlag 300 meter, godt varda og består av flott og fast konglomerat. Berga er gode å gå opp når dei er tørre, men er det vått, er det ein fordel å ha godt mønster under skoa. Om vinteren er ryggen flott å renne ned på ski, akebrett eller rumpa for den del...
Oppe ved sjølve topp-partiet kan du anten ta rett nord om første toppen, eller ta opp kløfta/grasbakken og ned på andre sida. Då ligg dei siste hundre meterane til varden rett mot vest. Platået er ovalt forma, ganske breitt og hallar som sagt utfor på alle kantar. Det er difor umogeleg å gå feil.
Frå toppen er det veldig flott utsikt i alle himmelretningar. Mot nordvest ser vi mot Markahengenipa, havet, Florøkanten og ytst i Førdefjorden, mot nord ser vi Ålfotbreen. I sør ser vi deler av Fossedalsvatnet, Strand, Dalsfjorden og Heileberget. I aust ligg Eitrenipa, Blegja, Storehesten og Nordre og Søndre Kringla. I vest ligg som sagt Nipebu ved Langevatnet og mange andre fjell, ryggar og fjelltoppar.
I tillegg til at Fossedalshengenipa er eit flott og greitt fjell å gå på for stor og liten, kan det nemnast at i nedslagsfeltet til fjellet er det fleire gode fiskevatn med fjellkjø (ørret) av god kvalitet. Er du tolmodig og heldig er her kilofisk å få. 


mandag 26. januar 2015

Fossedalen



Det vart solid fleirtal mot utbygging av Fossedalsvassdraget i Fjaler kommunestyre i dag. Avstemminga synte 20/3 mot utbygging. I tillegg er rådmannen i Askvoll si innstilling til kommunestyret sitt møte der på onsdag også negativ. Les her

Så langt ser dette bra ut! 

Seinare - det vart langt meir spanande med avstemminga i Askvoll enn i Dale 12 mot og 9 for. Likevel har vi vunne to viktige delsigrar i arbeidet med å ta vare på Fossedalen og Fossedalsvassdraget for framtida.




torsdag 22. januar 2015

Kanon vinterferiedag

Nydeleg morgonstemning ovanfor Krokavatnet. Vi ser Eitrenipa og N&S Kringla

Første solstrålane for dagen på Vardenova, Stordalsfjellet og Portafjellet

Eg trur eg skal driste meg til å skrive at eg fekk maks utteljing av denne feriedagen. Etter mine føresetnader og behov. 

Men for å starte med morgonen, så gjekk eg frå Skjerlia i 8.30 tida. I grålysninga heldt dumpers og gravemaskin på med anleggsvegen o.a. til kraftutbygginga der oppe. I utløpet av Grunnevatnet òg. Dette skal eg la gå forbi i all stillheit - dei som kjenner meg - eller har følgt bloggen - veit kva eg tykkjer om dette....

Med broddar under fjellskoa gjekk det radig opp dalen. Forbi Krokavatnet med fantastisk utsikt til Kringla og Eitrenipa i morgonraud himmel. Kanskje ikkje heilt overraskande låg det mykje snø oppover. Eg synest det har sin fordel med at terrenget blir jamna ut då. Det gjekk difor fort opp til Nipevatnet som låg heilt snøkvitt. Isen under heldt som ingenting. Det same over Langevatnet. Og så stod eg på Nipebu. 


Nydeleg vinterstemning på Nipebu med Fossedalshengenipa i morgonsol

Naustet var som sokke i jorda. Eller kanskje rettare sagt - sokke i snøen. Det var fullstendig vekke. Men eg fann kanten på taket då eg trakka gjennom snøen her. Eg måtte jobbe litt med å kome meg inn i hytta. Det låg godt med fòksnø opp etter den. Men omsider kom eg meg inn og fekk ynskje eit godt Friluftslivets År i boka.... Eg var nok førstemann innom i år....

Eg gjekk så vidare sørover. Ned skaret aust om Vårdalsstølen, for den som er kjend, og begynte oppstigninga vest om Nonsholten. Han er dryg opp her. Spesielt sidan det er best å gå heile oppstigning på skrått. Eg gjekk framleis på berre føtene med broddar under. Det funka heilt fint. I fòksnø og delvis skare. Trugane hang godt på sekken....  Etter å ha forsert heile stigninga var det rake vegen mot Fløyen. Sjølv om det sjølvsagt tek si tid innover. Heileberget er langt....

Eg toppa ut der inne, og fekk sjekka boka. Det var liksom "oppdraget" i dag. Synleggjere kor mykje folk som har gått den nye Kystarvstien etter at Dalsfjordbrua kom på plass. Som enkelte veit er deler av dette same ruta som til Fossevika/Fossedalen, som no er søkt utbygt. Heile 883 personar hadde skrive seg inn i boka - eg måtte sjølvsagt ta med mi eiga underskrift denne gongen òg. 



Vinterstemning på Fløyen

Eg var litt forundra over at klokka ikkje var meir enn ho var. Knapt 12. Og medan eg gjekk ut igjen mot Nonsholten, vog eg returalternativa opp mot ein annan. For ned framsida valde eg vekk. Det er no forsåvidt berre rett ned igjen. Korleis snøforholda og eventuelt is var her nede hadde eg ikkje særleg ynskjemål om å sjekke av. Meininga var nemleg å gå ned frå Nonsholten til Grautadalsvatnet ved Dalsstølen, og gjennom Fossedalen til fjorden. Men det såg så steikje mørkt ut i skuggelandet der nede. Og no når eg endeleg hadde så flott sol her oppe. Nei, eg kunne ikkje gå ned igjen i skuggen... Så eg heldt fram vestover. Kravla meg opp søkket på Driveknolten, og fekk sjekka av trimboka her. Eg var på Driveknolten ein tur tidlegare i haust, men sidan den tid var det komne rikeleg med nye namn i boka. (Dette "jaget" har eg i grunn meldt meg av... Noko som har kravd mykje jobbing med meg sjølv for å fri meg frå....Alt med måte heiter det....) 

Det var begynt å skye til no. Noko som var meldt. Så sola forsvann delvis då eg nådde ned til Høgholten. Og ned framsida med Rivedal nedom føtene var i grunn noko eg hadde fundert litt på. Forholda vinterstid kan vere ganske utfordrande ned fjellsida. Eg valde difor å ta på meg stegjarna ned her. Noko anna var ikkje forsvarleg. Fjellet var skikkeleg bratt av snøen, og den var hard og isete fleire plassar. I tillegg hadde det gått ras.... Men med forsiktigheit gjekk det i grunn ganske greitt. Det verste er hvis kneskjelven kjem - då er det berre å stå dønn i ro til det går over.  

No var mykje gjort. Og turen vidare vestover og ned til Rivedal, er vel ikkje så mykje å nemne. Det gjekk veldig greitt på trugar. 


Kjekt å plukke av seg stegjarna igjen med utsikt til Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden.
Fjella t.h. er Dokka og Bakkefjellet

Vel, no var likevel gode råd dyre. Avhentinga eg hadde avtalt med Olaug på Otterstein, etter at ho var ferdig på arbeid, måtte avlysast. Eg hadde rekna meg bra tid i Fossedalen sidan eg har litt lite vinterbilder her i frå. Og no var eg to timar for tidleg ute. Men snakk om flaks - då eg kom ned til hovudvegen kom skulebussen frå Dale til Askvoll. Utan pengar og kort fekk eg likevel haik, og kven andre enn Olaug stod parat og gjorde opp for meg i Askvoll. Mega! 

Då eg no hadde endå meir tid til å fylle til eg fekk ny haik heim igjen, og til Skorva etter bilen, tok eg meg ein tur ned i båthamna. No fekk eg servert dagens dessert - tre halvvaksne otrar leike seg ved elveutløpet... Og jammen fekk eg inn ein liten videosnutt av det òg. Kjempe! Snakk om vellukka dag! Så no sit eg her og føler meg veldig privilegert :-)





søndag 18. januar 2015

Sigesnø og glitter



Det var ei stri affære å kome seg opp Brekka i  Gjerdedalen i dag. Bratt som det er her. I tillegg til ganske så djup snø i det øvste partiet. Dette krevde sin mann.... Men nedanfor Kyraròsa kunne eg heldigvis ta på meg trugane, og då gjekk alt så mykje betre. Opp over hammaren lèt eg vere i dag òg. Utan øks og tau er det risikabelt. Så eg gjekk forbi og opp til den "gamle" ruta til Skålefjellsvatnet. Her var det flotte forhold og fantastisk mykje snø. Har aldri sett så mykje her opp sidan eg flytta hit for 16 år sidan! 

Sjølvsagt var det ganske kaldt på toppen, sidan det hadde klårna opp i løpet av natta, No bles det ikkje allverda, men trekken er likevel kvass i kantane no. Godt då å kunne byte på overkroppen til tørre og gode klede. 

Etter å ha gått ned igjen same vegen, traff et Dag Tore nede i Brekka. Han hadde ski på sekken. Fine forhold for det no omlag frå Alteret og ned. Dessutan traff eg eit kjekt par med hytte på Stafsnes og ei flott ettersøksbikkje. Vi hadde oss ein god prat i lag før kulden atter reiv i den sveittevåte kroppen. Flott tur! 

lørdag 17. januar 2015

Både òg...

 


Eg tok turen med fruen til Dale i dag med tre småtroll i baksetet for lørdagskafè. Der traff vi mor mi,  bror min "Sillan" og Rolf for eit par veldig kjekke timar på Almuen. Menyen var sjølvsagt skillingsbollar, kaffi og is. 

Etter det gjekk turen heim igjen for ein "viktig" fotballkamp. Den gjekk slett ikkje som den skulle... Feigar ein ut går det gale. Spesielt på ei fotballbane. I rein frustrasjon vart det såleis ein kjapp tur på Skylefjellet for å renne av meg litt.... Det kom seg etterpå :-)



Kraftutbygging i Rørvika


I same søknaden som utbygginga i Fossedalen ligg det no ei omsøkt kraftutbygging i Rørvika. Den omfattar Storelva, Stølselva, Tobbedalsvatnet og Nipevatnet. I dette høve har eg sett saman ein bildeserie her i frå. Frå alpint høgfjell til fjord. Som ein veit er Heilefjellet det einaste fjellet på desse kantar som ber det alpine preget heilt ned til havnivå ved Heilevang. Dette er i seg sjølv eineståande. 

Rørvika har ei mykje nytta rute til Blegja. Eg har gått den over hundre gonger sidan eg flytta til Stongfjorden. Det er den raskaste vegen til den flotte toppen med nydeleg utsikt over Førdefjorden til Kvammen og Vevring. Den er no T-merka







onsdag 14. januar 2015

Fråsegn Fossedalen

Oversiktsbilde frå Blegja: Heileberget ved Fossedalen t.v med Søndre og Nordre Kringla i morgonsol.
Fossedalshengenipa og Langevatnet ved Nipebu midt i bildet. Eitrenipa og Skjerlia i grønt t.h.
I bakkant dei andre kjende fjella i Askvoll med Alden ytst.

Øvre Fossedal med Eitrenipa

Nedre Fossedal
(taket på løa t.v.er skifta no)

Fritidseigedommen "ELRAKI" ved Fossedalselva



Askvoll og Fjaler kommunar skal i kommunestyremøte 28. og 26.januar handsame søknad om 12 kraftverk. Mellom desse er søknad om utbygging i Fossedalen. Fossedalens Vener har utarbeidd ei fråsegn til desse møta.
Dale, 10/1-2015
Askvoll/Fjaler kommunar
Adm


Vedrørande søknad om kraftutbygging i Fossedalen/Fossevika


Fossedalens Vener vil utarbeide eiga og utførleg høyringsfråsegn til NVE i følgje høyringsfrist 27/2. Dette skrivet er ei kort oppsummering av nokre einskildpunkt til politikarar og administrasjon i høve handsaming i kommunestyret 28/1 (Fjaler 26/1).

  • Askvoll og Fjaler kommunar og NVE sa i 2004 med klårt fleirtal nei til kraftutbygging i Fossedalen. Utbyggjar utviser no manglande respekt for politiske vedtak med ny søknad.
  • Lite er endra i høve 2004. (Vatnet skal førast i tunnel i staden for røyrgate. Innslaget og stasjonen er flytta mot vest i Fossevika). Verknadane for Fossedalsfossen, elva og fosselandskapet gjennom dalen, lonane ved Nedre Fossedal og Vikafossen, med utløp i Dalsfjorden, er dei same som ved førre søknad.
  • Administrasjonen i Askvoll kommune skreiv i saksnr 2004000403 K2-S11 «Administrativt ser vi ingen viktige moment i denne søknad som tilseier at kommunestyret sitt hovudprinsipp i K sak 21/01 om at eit område i kommunen (Fossedalen) skal vere urørt frå vidare kraftutbygging». Nok er nok!

Fossevika i hausstmodus


  • Grunneigar av dei gamle kulturminna i Fossevika har fått offentlege midlar (STILK) til istandsetjing av bygningsmassen. Ei kraftutbyggjing bryt med autensiteten og heilskapen i vika..  
  • Fleire andre grunneigarar er mot utbygginga. M.a. Odd Fossedal i Nedre Fossedal og Heid og Ingrid Fagerheim, eigar av fritidseigedommen "ELRAKI".  




Deler av Fossedalsvassdraget med Øvre og Nedre Fossedal





  • Som følgje av Dalsfjordbrua og betre tilgjenge frå Dale-sida av fjorden, har besøkstala for DNT sine hytter, spesielt Nipebu, auka monaleg. Auken har vore på over 30% i 2014.(sjå Indre Sunnfjord Turlag sine heinesider). Det er utbetre nytt og forlenga stinett frå Otterstein til Fossevika støtta med tilskot frå DNT og Sparebankstiftinga. Den nye stien er særs mykje nytta. Denne er òg del av Kyststiprosjektet i kommunen til Heileberget. Området kjem med dette meir til sin rett for alle. Og vil truleg bli den mest nytta innfallsporten til dette unike natur- og fosselandskapet i framtida.
  • DNT og Kystarvstiprosjektet har vidare planar om utvikling av stinettet
  • Ein opplevde i sommar reine «folkevandringa» til Fossedalen der parkeringsplassen ved brua i fleire høva var for liten.


Vi ser Fossevika t.v. med Vikafossen og Laukelandsfossen , Kringla, Blegja og Laukelandshesten

  • År 2015 er Friluftslivets år. Trasèen mellom Otterstein og Fossevika vil bli opna med «pomp og prakt» 31. mai med mediedekning. Friluftsliv og fysisk fostring sparer  kommunen for utgifter! Kommunen kan vise ansvar og oppriktig meining med at friluftsliv er viktig for folkehelsa.
  • Det er under planlegging ny merka sti til Massbu frå Nedre Fossedal som del av eit "trekantopplegg". Avtale med grunneigar er skriven.


På dugnad er det sett opp fleire bruer over Fossedalselva


  • I regi av DNT er det på dugnad av Fossedalens Vener sett opp 3 nye bruer over Fossedalselva.
  • Miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen har definert Fossedalen/Nipebu som eit område av spesielle naturverdiar (EDNA) (sjå kart fylkesmannen)
  • Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen har avsett same område som friluftsområde (FRIDA) (sjå kart fylkesmannen)
  • Ei kraftutbygging vil redusere INON (inngrepsfri natur, spesielt nær Laukelandsfossen/Storelva. Eit parti som er verna.
  • Fagrapportane som er utarbeidde av utbyggar er mangelfulle. Dei er heller ikkje utførte av kompetent nok personell. I tillegg på feil årstid m.a. etter fugletrekk sesongen. Det vil bli sendt eigen rapport til NVE ifbm høyringsfrist som radbrekker rapportane som er laga. (Den er forøvrig ferdig utarbeidd av eigna folk).


Oversiktsbilde: Fossedalsvatnet t.v og området mot Nipebu. Vi ser m.a. Heileberget (merka kystarvtopp og fjelltrimpost i Askvoll) og Fossedalshengenipa t.h (fjelltrimpost i Askvoll) Foto frå Eitrenipa (fjelltrimpost i Askvoll).


  • Som typevassdrag, frå alpint høgfjell til fjord, er Fossedalsvassdraget det siste i kommunen som ikkje er bygt ut. Kommunen er frå før betydeleg prega av vassdragsutbyggingar m.a. nabovassdraget i Skorva, der det no føregår ei betydeleg utbygging, i Stongfjord-fjella og i Rivedal.  
  • Som landskapselement i Dalsfjorden er Vikafossen saman med Laukelandsfossen (sørvende begge to) viktige å ta vare på for framtida. Dei er ein del av identiteten vår.
  • Fossedalen/Fossevika er etter vårt syn ei merkevare for Dalsfjorden som turområde.




Del av utløpet av Fossedalselva i Dalsfjorden. Vikaholmen midt i bildet.


  • Nedre Fossedal har saman med noverande utbetring av kulturminne og bygningsmasse i Fossevika (støtta av kommune og stat) betydeleg potensiale i turistsamanheng. M.a. nyttar Åmot Operagard og celebre gjestar Fossevika og området i dag. Som omdømebyggar er dette i lag med Fossedalen, DNT sitt løypenett og Laukelandsfossen viktige i reiselivssamanheng, "på folkemunne" og i sosiale media. Ei utbygging vil skape støy og negativ merksemd for kommunen.
  • Folk som satsar på turisme i pakt med natur må prioriterast  Ei kraftutbygging i Fossedalen er ikkje framtidsretta.
  • Det er ikkje fast busetnad i Fossedalen som ei utbygging kan kome til gode.
  • Fallrettshavarar er heimehøyrande utanfor Askvoll kommune.  
  • Fossedalen, som tidlegare høyrde til Fjaler, er/var i stor grad knytt til fjalerfolk og folk med tilknyting her. Som ein veit frå underskriftsaksjonen mot førre søknad var det særs stor motstand mot utbygginga. Det vart samla inn 1561 seriøse underskrifter (dei vart alle gjennomgådde). Vil politikarane i Askvoll bli kjende av å ha «trakka naboen på tærne»?






Øvre Fossedal. Eitrenipa t.h.
Fossedalens Dag har blitt avhelde fleire gonger med stort oppmøte



For Fossedalens Vener
Agnar Åsnes
Arild Laukeland
Bente Liabø Thorsen
Roald Nordeide
Gustav Skaar
Alle foto G.Skaar


søndag 11. januar 2015

Ei kule vilt

På Toreheia i dag

Toreheia
Skylefjellet

 Det var nok ganske så heftig på fjellet her oppe i går kveld. Det såg temmeleg vilt ut somme plassar i dag. Naturleg nok øvst oppe på Toreheia. Eg gjekk nemleg den vanlege ruta om Rinda, Krikavatna, Toreheia til Skylefjellet og ned att til Mangevatna og heim. Kjempeflott vintertur delvis på trugar.
Fin fjelltrim igjen! 

Svanøy


lørdag 10. januar 2015

Vener av Fossedalen

Nipebu-land

Flott og engasjerande intern møte blant vener av Fossedalen i Dale i dag. Kontruktivt. Vi er på rett kjøl i arbeidet med å bevare Fossedalen fritt for kraftutbygging. Nærare detaljar kan eg kome tilbake til når brikkene har falle meir på plass! Positiv dag i Dale (utan storm).....


torsdag 8. januar 2015

Grisevèr

Det vart lite fjell denne veka òg... Grisevèr i mørket på fjellet etter arbeidstid har ikkje freista all verda. Trass i ei god hovudlykt. I staden har det blitt både joggetur og sprading i bygda for å få bytta ut kontorlufta... Det gjer seg det òg. Fjellturane får eg ta att ved høve. Til helga trugar dei visst med både storm og orkan. Eg får sjå. Må iallefall på møte i Dale om Fossedalen lørdag...

Litt LysandeStemningar har det blitt likevel denne veka. Her er det siste bildet eg nytta meg av. Det er teke på kanten av fjellet ovanfor Osland, rett nedanfor Indrevågefjellet. Vi ser ut Stongfjorden. Dette er teke i februar.  


søndag 4. januar 2015

Nyårsgleder




I dag tok eg turen opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet. Heller ikkje no tok eg sjansen opp den bratte bakken ved elva og over hammaren. Sjølv med broddar. Den bratte bakken var knallhard av skare og is. Tanken på å kanskje skulle sigle ned att baud meg ikkje inn. Så eg gjekk lenger opp mot Mannskaret til andre elva og opp den vegen. Den er litt hyggelegare på denne tid...

Elles såg eg i sola i dag. Trass i ein isande vind på toppen, vart det egentleg ganske så fint. Trugane eg bar med meg, fekk eg ikkje bruk for, men brodddane var gode å ha. Flott vintertur i det nye året...! Sjå bildeserie....

lørdag 3. januar 2015

Alt slag vèr



Etter å ha køyrt ein morgontur til Førde og fått tak i ny overmadrass, tok eg med Olaug på fjelltrimposten på Skylefjellet igjen. I alt slags vèr... Men vi såg faktisk i sola heilt sør om Eidsfjorden inn i mellom alle kuligkasta og snøbygene.

Elles traff vi Anita og Dag-Tore på same plassen som sist gong - berre i omvendt gangretning. Det var jo litt morsomt. Så ovanfor er 
det bilde av dei ved Svartevatnet. Fint trimtur!