lørdag 29. november 2014

Wintertrek (without snow...)

Søndre Kringla i dag

Og motsett veg skin sola på Kringla....


I dag gjekk eg turen Skjerlia, Leknesvatna, Eitrenipa, Nordre- og Søndre Kringla og ned igjen i Fossedalen og til Ottersteinen. Kjempetur, sjølv om det var ein del is både opp skaret på Eitrenipa og til toppen av nordre Kringla. Verst var det likevel å kome seg ned frå sistnemnde til skaret inn under, og ned i søkket der du tek opp på Søndre Kringla (mykje skar her oppe...:-) Her var det såpass isete at eg måtte gå ein liten omveg for å ta meg ned på forsvarleg vis. Også ned frå Søndre Kringla låg det ein del is høgst oppe. 

Det låg ein del is opp skaret på Eitrenipa i dag. Her utsikt mot Leknesvatna og Florø-kanten


No høyrest kanskje denne isen litt verre ut enn han var, for dei fleste plassar var det turre berga ved sidan av opp og ned. Men det kravst omhu for ikkje å sette føtene på ein liten issvull, for då var ræva og ein siglas neste. Det hadde blitt ein temmeleg vond opplevelse - for å seie det mildt...!

Frå Nordre Kringla ser vi berre ein flik av Dale. Søndre Kringla t.v.



Fossedalsvatnet og Øvre Fossedalen t.h.
Heileberget i øvste kant. Frå nedstigninga frå Søndre Krringla.








 Elles bles det jamnt og trutt frå søraust. Rimeleg kaldt i kantane. Og sola fekk eg såvidt eit glimt av då eg stod på Ottersteinen og venta på at Olaug skulle hente meg. 

Nokre gode bilder blir det sjølvsagt ikkje slike dagar. Overskya som det var. Årstida er nok litt feil òg i så måte. Uansett ein flott vintertur - utan snø....! Og det er sjølvsagt alltid like kjekt å vandre gjennom Fossedalen... Fleire foto på link her:



Motiv frå Øvre Fossedalen

Nedre Fossedalen


onsdag 26. november 2014

Fossedalen truga av kraftutbyggjing for n`te gong







Minner frå Fossedalens Dag



Fossedalen er eit ynda turområde med fleire stinett. Her på veg til Eitrenipa og Blegja.


Småkraft søkjer igjen NVE om konsesjon til kraftutbyggjing i Fossedalen. Dei vil bygge kraftstasjon i Fossevikja med innslag av tunnel/sjakt til Fossedalsvatnet. Vatnet skal så førast i tunnel til kraftstasjonen i Fossevikja. Ved vatnet skal det lagast inntak ved det gamle naustet. Vidare skal det byggjast ein halvmeter høg demning på 20-25 meter i lengde over svaberga ved utløpet av Fossedalsvatnet.  Utbygginga er rekna til 18,6 GWh eller straum til ca 930 husstandar (som truleg har straum frå før...) 


Ved utløpet av Fossedalsvatnet skal det byggjast ein demning på ein halv meter i 20-25 meters lengde


I 2006 leverte Fossedalens Vener inn over 1500 underskrifter (seriøse) mot kraftutbyggjing i Fossedalen til ordføraren i Askvoll. Samtidig sa kommunestyra i Askvoll og Fjaler nei til utbyggjinga. Deretter avslo Norges Vassdrags og Energiverk søknaden.  

Denne gongen er søknaden sukre med tilretteleggjing for turisme i Fossevikja ved å bidra til restaurering av bygningsmassen og andre kulturminner (slå den). I det høve skal det lagast molo og kai for fritidsbåtar i vikja. (P.S. God tursti dit no...).

Ja då spørst det om kommunepolitikarane vil bite på denne gongen? Ongulen med agn er lagt ut...

Fossedalsfossen

Eit av dei viktigaste poenga i dag i høve til den forrige søknaden, er at det er kome bru over Dalsfjorden. Det er difor laga forlenging av DNT-ruta frå brua til Fossevikja, og vidare til turlagshytta Nipebu. Såleis er dette unike turområdet på nordsida av fjorden mykje meir tilgjengeleg/meir nytta/blir meir nytta no enn før då ein måtte over fjorden i båt. Dette for å sette saka og området litt meir i perspektiv. Nedslagsfeltet er heilt fritt for tekniske inngrep utanom sjølve kraftlinja som går nord/sør frå Skorva og over Dalsfjorden (Småkraft brukar uttrykket "betydelig påvirket av kraftlinjer" i søknaden). (Den eldste skulle forøvrig ha vore teken vekk for lenge sidan, men den har no òg si historie....).


Det er laga forlenging av DNT-ruta frå Dalsfjordbrua til Fossevikja og vidare til Nipebu

Lite vatn
Mykje vatn







Utviklinga av turlagshytta Nipebu i år er interessant. Auken i overnattingsbesøk er på 101 (frå 296 til 397) og dagsbesøka har auka med 32 (frå 87 til 119). (Rekna frå 1/10-13 til 1/10-14. Tala er henta frå Årsmeldinga til Indre Sunnfjord Turlag). Sett på bakgrunn av tidlegare års tal, er det heilt klart at auken skuldast den nye tilkomsten over Dalsfjorden. 


DNT-hytta Nipebu


Som vi veit føl deler av stien til Nipebu Fossedalselva. Denne vil i lag med Fossedalsfossen og Vikafossen bli gjort om til knapt sildrande vatn (planlagt 400 l/s om sommaren og 120 l/s om vinteren) om Småkraft og fallrettshavarane får det som dei vil. (Gjennomstrøyminga er ein illusjon sidan vassdraget er ekstremt på og av, og dei naturlege svingningane i elva, lonane og vatnet blir forstyrra). Mest sannsynleg, og som ein ser andre stadar med småkraftutbyggjingar, blir elvane/ lonane der vatnet blir teke vekk, reduserte til stilleståande varme vasspyttar om sommaren. Illeluktande og fritt for liv. Vil vi dette? Kva vil framtidige generasjonar seie? 

Fossedalselva 
Lonane ovanfor Elraki

På dugnad i DNT- regi vart det laga ny bru over Fossedalselva ved Elraki



Bruer nedanfor Fossedalsfossen laga på dugnad i regi av turlaget 

For dei som ynskjer å lese sakspapira finn du dei på Facebook-sida vår eller her. Høyringsfristen er sett til 27/2-2015. Meld deg gjerne inn og vis at du vil ha Fossedalen fri for kraftutbyggjing i framtida. Det står om opplevinga av frie fosselandskap og fossar. Turar og inntrykk som styrkjer fysisk og psykisk helse. Dette er indrefilèten til dalingane. Inngangsporten til eit eldorado av flotte turar og fjell. Rett utanfor eiga stovedør... 



Sjå elles høgremeny


som alle ligg innanfor influensområde/nedbørsfelt for utbygginga.

P.S. Vedr. stykket om Fossedalen i Firda hin dagen. Der såg ein at ho dama frå Småkraft som var referert sa at den forrige søknaden vart lagt vekk pga stor lokal motstand. Det er feil. Eller det er sjølvsagt rett at det var stor lokal motstand, men det var NVE som avslo søknaden.


tirsdag 25. november 2014

Florø by night 3

Perfekt trimtur på Skylefjellet igjen sjølv om det var noko vått og blautt i dag. 
Men kvelden vart stjerneklår. Som vist over Florø ovanfor.

Eg må seie meg veldig imponert over 18650 batteria i Fenix HP30 . Eg lada batteria opp for nokre veker sidan, og har no brukt hovudlykta  i mange timar på fjellet på stille nr 2 (er 4 stiller + burst mode). Lykta lyser framleis like bra! Det er dessutan ein knapp på batteriboksen, som når du aktiviserer den, viser kor mykje batteri du har igjen. Denne viser 4 lys når batteria er fullada. Og det lyser framleis i tre lys. Imponerande. Dette er klart beste hovudlykta eg har nytta. Anbefalar alle å bruke 18650 batteri som du kan lade opp. Kostbare ja, men mykje mindre styr enn med vanlege batteri, bruk og kast. Anbefalast!




lørdag 22. november 2014

Knall november dag

Du verda for ein flott lørdag vi fekk. Eg nytta fleire timar av den i fjella på sørsida. Ruta var Skålefjellet, Svarthamrane, Fanafjellet, Moldura og Størdalsstauren. Opp Gjerdedalen og ned att på Neset. Bildeserien fortel vel kor flott det var.







fredag 21. november 2014

Florø by night 2



Kjempeflott tur på Skylefjellet i kveld òg. Stilt og fint. Men no var det begynt å fryse på i marka. Berre flott det, så sleoo ein nokre våte myrar over Rinda.

torsdag 20. november 2014

Blikkstilt

Florø by night

Flott trimtur på Skylefjellet i kveld. 
Blikkstilt. 


onsdag 19. november 2014

Mobilfoto 18/11

Fint i Stongfjorden då eg kom heim frå jobb i går ettermiddag (mobilfoto)


tirsdag 18. november 2014

Stjernetur med hovudlykt




Kjempeflott stjernetur med hovudlykt på Skålefjellet i kveld. No manglar det berre litt snø, så eg får litt hjelp med lys til kompakten min. 

Det sverma veldig opp med møll framfor lyset i kveld. Og det resulterte sjølvsagt i at eg svalde eitt av insekta. Ja det klødde godt ned gjennom svelget lenge etterpå... Men slikt er no for bagatellar å rekne...:-)

Stongfjorden og Florø frå Skålefjelelt i kveld.

 

søndag 16. november 2014

Flott november søndag





I dag traff eg Kristin Yndestad oppe under toppen på Skålefjellet. Ho hadde gått frå Holmedal og skulle ned igjen i Stongfjorden. Magni var på tur med Olaug på Skylefjellet, så transporten ned igjen til Holmedal var grei. Etter at ho venta litt nede i fjorden, sat Kristin på med meg til Yndestad igjen. 

Bloggen i går var rimeleg tynn, men det blir litt reprise på reprisen desse turane her. Det vil seie - eg brukte ein god del tid i går på å varde betre den andre ruta opp over Skålefjellsvatnet. Kan vere greitt til vinteren om bratta over hammaren er vanskeleg og uframkomeleg av is og skare den vegen vi går no. 

Elles blir dagen i dag prega av sjukehusbesøk og gebursdag til barnebarnet mitt Nikolai i Førde. Med 8 (+3) barnebarn blir det mykje gebursdagar. Livet består av meir enn fjell...:-)

lørdag 15. november 2014

Icmeler Marmaris area summer of 2014


Sette i hop ein film frå Tyrkia i sommar.
God fornøyelse.


Mild november





Flott og vindfull trimtur på Skålefjellet igjen i dag. Utruleg mildt for å vere midt i november. 

tirsdag 11. november 2014

Nydeleg stjernetur....

Stongfjorden og Florø frå Skålefjellet i kveld


Fantastisk flott fjelltur med hovudlykt på Skålefjellet i kveld. Ja, det var så stilt og flott at eg tok ein test på den øvste trasèen opp. Her er det ikkje merka med anna enn vardar. Men det er eit godt alternativ å gå hvis det blir is og skare opp over hammaren ved første elva. Eg fann fint opp denne vegen òg, forbi Skålefjellsvatnet og opp. Ned igjen tok eg den vanlege ruta, der øvste partiet er merka med refleksstenger. 

Det var ein spektakulær stjernehimmel på toppen. Eg tok eit par bilder med forseinking på kameraet. Men som vanleg blir det ganske fort kaldt når eg må vente på kameraet, sveitt som eg er. Så det vart med berre to bilder.. Eg får ta med meg meir klede neste gong. 

Elles var det litt artig at nede på flata i Gjerdedalen var det frose på, medan det lenger opp berre var vått av dogg. Det er eit skikkeleg kuldehol nede ved elva der. 

Enlightenment 2014

søndag 9. november 2014

Farsdagsvisitt og fjell

Det vart først ein tur til Førde i dag tidleg, sidan laget til Peter og Andreas vart slegne ut av Førde-cup i fotball. Dei bad på nåde om å bli henta i staden for å vere der inne heile dagen. Så klokka 09 tok eg turen til Førde. I same snuren vart det Dale-tur og ein farsdagsvisitt...

Etter at eg kom heim igjen gjekk eg så på Skålefjellet for andre dag denne helga. Det var veldig vått oppover. Surklande vått, og dermed sjølvsagt litt tungt òg. Men det heldt seg faktisk relativt opplett denne stunda. Så då var trimmen i boks òg...

lørdag 8. november 2014

Himmelens sluser

Skålefjellet t.h. sett frå altanen heime i dag tidleg
  
Florø speglar seg endå i sol - enn så lenge


Flott trimtur opp på Skålefjellet før alle himmelens sluser opna seg. Det vart nemleg eit markant skilje i vèret oppe på toppen. Eg såg heile sulamitten komme frå vest og sør, så då berre la eg til palings ned igjen. Resten av turen som eg hadde planlagt sør til Siklebergvatna og vest til Størdalsstauren hoppa eg berre galant over....Eg hadde mest lyst heim å fyre i omnen.... Men trimturen var kjempefin den...:-)